Samfunnsvitskap og humaniora for lite integrert i EU-forskinga

Publisert:1. mai 2017Oppdatert:5. april 2017, 06:10

Samfunnsvitskap og humaniora bør bli betre integrert med naturvitskap i EU sine forskingsprosjekt, står det i ny rapport. Oppmodingar om å auke samarbeidet har ikkje ført fram.

Det er rapporten The need to integrate Social Sciences and Humanities with Science and Engineering in Horizon 2020 som gjev eit dystert bildet av inkluderinga av samfunnsvitskapelege fag og humaniora i EU-forskinga. Det er tidsskriftet Time Higher Education som omtalar saka. 

Dette går også rett inn i debatten her i Noreg, kor Kunnskapsministeren no har bedt om at humaniorafaga blir betre integrert i Forskingrådets sine utlysingar. 

Les meir: Ber humanistene komme på banen

<<Usamanhengande innflytelse>>

I den ferske EU-rapporten står det at i store delar av Horisont 2020 er ikkje dei samfunnsvitskapelege faga og humaniora nevnt i det heile tatt.

Studien legg til at sjølv i forsking som handlar om utfordringar i det europeiske samfunn, er innflytelsen <<usamanhengande>>.

Det at ein ikkje klarer å integrera desse disiplinane skikkeleg inn i EU sitt forskingsprogram, betyr at teknologiske gjennombrot kanskje ikkje forbetrar folk sine liv, hevdar forfattarane av studien.

Dei er også redd for at nye teknologiske idear som kjem frå samfunnsvitarar eller humanistar kan bli oversett.

– Treng innspel frå alle disiplinar

Beatrice De Gelder, professor i kognitiv nevrovitskap ved Maastricht University og medlem i gruppa som laga rapporten, fortel at <<teknologi utvikla for teknologien si skuld>>, ikkje er eit verdig mål. 

– Samfunnsfag og humaniora er til dømes avgjerande i utviklinga av ny virtuell teknolog. Å laga betre, meir realistiske virtuelle verklegheiter, er smalt sett, ei utfordring for ingeniørar. Men for å finna ut korleis folk kan få nytte av det - til å rehabilitera slagpasientar til dømes, treng ein innspel frå alle slags disiplinar - som sosiologi, seier De Gelder til THE.

Heile rapporten kan du lesa her.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed