Over 50 000 demonstrerte til støtte for universitet i Ungarn

Publisert:11. april 2017Oppdatert:11. april 2017, 11:05
DEMONSTRERTE: Mange tusen ungararar demonstrerte til støtte for universitetet Central European University sundag. Kravet deira var at presidenten skulle leggja ned veto mot framlegget frå Parlamentet om å stengja universitetet. Foto: Ola Sæther

Opp til 50 000 personar tok til gatene i Budapest sundag for å demonstrera mot regjeringa si avgjerd om å stengja Central European University. Dei håpa presidenten ville leggja ned veto mot lova som vil stengja universitet som er registrerte i utlandet.

Demonstrasjonen på sundag var truleg den største som nokosinne er blitt arrangert mot dagens statsminister Viktor Urban og høgrepartiet hans, Fidesz, skriv Uniforum.

Dei gjekk gjennom gatene i Budapest med krav om at president Janos Ader må leggja ned veto mot lova som opnar for at regjeringa kan stengja universitet som er registrerte i utlandet, melder BBC og The Guardian. Også Uniforums fotograf Ola Sæther var til stades og tok bilete frå demonstrasjonane. Men demonstrasjonane påverka ikkje president Janos Ader. Måndag ettermiddag underteikna han lovframlegget frå regjeringa, ifylgje Der Spiegel.

– Vil ikkje innfri krava

Lovframlegget frå regjeringa vil i hovudsak gå ut over the Central European University, grunnlagt av mangemilliardæren og filantropen George Soros. Universitetet vil ikkje få lov til å tildela vitnemål til studentane sine om lova blir sett i verk. Universitetet er nemleg registrert i USA.

Demonstrantane var både eldre, middelaldrande og unge. Dei gjekk i samla flokk til det ungarske parlamentet og la fram krava sine der.  Regjeringstalsmann Zoltan Kovacs stod fast på at regjeringa aldri ville innfri krava frå demonstrantane.

- Det er det ingen grunn til. Når lova er vedtatt, vil universitetet (CEU) ha eitt år på seg til å oppfylla vilkåra i lova, sa Kovacs, ifylgje BBC

Men det var ikkje berre planen om å stengja the Central European University som fekk demonstrantane til å ta til gatene. Dei markerte også avsky mot forsøka frå regjeringa om å leggja press på menneskerettsgrupper og miljøverngrupper som støttar flyktningar.

MOT PARLAMENTET: Demonstrantane gjekk mot det ungarske parlamentet og kravde at presidenten la ned veto mot forslaget frå regjeringa som kan føra til stenging av the Central European University (Foto: Ola Sæther, Uniforum)

Amerikanaren Georg Soros som sjølv er fødd i Ungarn, sponsa også studieopphaldet til dagens statsminister Viktor Orban på Oxford-universitetet på slutten av 1980-talet.

Den europeiske universitetsorganisasjonen (EUAprotesterte mot trugsmåla mot den akademiske fridomen i Ungarn under møtet på Universitetet i Bergen før helga.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed