Fire vil bli dekan på MOF og Mat.-nat.

Publisert:12. april 2017Oppdatert:12. april 2017, 09:37
I løpet av våren skal det veljast eller tilsettast dekanar for ein ny fireårsperiode på alle fakulteta ved UiB. På Mat.-nat. og MOF har dei ordninga med tilsett dekan. Fire personar har no søkt på dei to stillingane. Foto: Ingvild Festervoll Melien/Gudrun Sylte

På Det medisinsk-odontologiske fakultet og på Det matematisk-naturvitskapelege fakultet skal det tilsettast dekanar for ein ny fireårsperiode. Kvar av stillingane har fått to søkarar.

Førre veke gjekk fristen for å søka på stillinga som dekan ved Det medisinsk-odontologiske fakultet (MOF), og på Det matematisk-naturvitskapelege fakultet ut.

På Mat.-nat. er sittande dekan Helge Dahle ein av to som har søkt stillinga, og han er klar for å ta fatt på ein andre periode i leiarstolen. 

– Eg har sagt før at eg synest at eg har ein spennande jobb, og at eg synest det er mykje som står att å gjera. Fire år i ein slik leiarstilling er for kort tid. Du får gjort for lite i løpet av fire år, seier Dahle om kvifor han har søkt stillinga. 

Les også: Strandbakken stiller ikke til dekanvalg på jus-fakultetet


(Foto: Hilde Kristin Strand) 

– Mykje å gripa fatt i

Dekanen har mange ting han vil jobba vidare med på fakultetet.  

– Me har nyleg sendt rapporten for “Scenario 2030 - for et styrket fakultet» på høyring til institutta. Her vil det vera mykje å gripa fatt i for å utvikla fakultetet vidare. Samstundes må dette sjåast i samanheng med administrasjonsutviklingsprosjektet vårt, som har leia til sentralisering av personell. No jobbar me med å sentralisera økonomiavdelinga. Så er eg veldig opptatt av, og spent på søkartala etter at me har gjort endring i studieprogramma våre, med oppretting av sivilingeniørprogram. Eg trur me må jobba ganske mykje med å få dei programma til å bli slik me ønsker dei skal vera. Det må ha eit høgt fokus i den komande dekanperiode, uansett kven som måtte bli dekan.

Den andre søkaren til stillinga er Seyed Hossein Havaeji (36) frå Iran. Det er uvisst kva fagleg bakgrunn han har. 

– Det verkar som Helge Dahle er den klart mest aktuelle søkaren slik eg greier å sjå det i dag, men naturlegvis skal me ha ein skikkeleg prosess, fortel rektor Dag Rune Olsen til På Høyden. 

Les også: Bente vil bli dekan på psykologi

Bakke mot Rødahl

På Det medisinsk-odontologiske fakultet har sittande dekan Nina Langeland tidlegare signalisert at ho ikkje ønska ein tredje periode, og har ikkje søkt stillinga. 

Dei to som har søkt er interne søkarar: 

  • Per Bakke (60) Instituttleiar, Klinisk Institutt 2, MOF
  • Eyvind Rødahl (59) Prodekan for forsking ved MOF

– Eg har vore instituttleiar sidan 2010, og sett litt korleis fakultetet fungerer frå instituttsida. Eg synest Nina har gjort ein god jobb, men utifrå den plasseringa eg har hatt som instituttleiar har eg sett ein del ting som ein kan vidareutvikla fakultetet på. Eg trur eg kan bidra til ei slik vidareutvikling, og difor har eg søkt på stillinga, seier Per Bakke (bildet) til På Høyden. (Foto: Gudrun Sylte)

Han er overraska over at ikkje fleire har søkt på stillinga. 

– Eg hadde håpa at det var fleire søkarar, og også at det hadde kome eksterne søkarar. Det er viktig for universitetet at ein får både interne og eksterne søkarar til slike stillingar. Det meiner er generelt sett, og uavhengig av akkurat denne stillinga, seier Bakke. 

Den andre søkaren, professor Eyvind Rødahl, har vore prodekan ved fakultetet sidan 2015. 

– Eg har vore prodekan i to år, og synest det har vore interessant. Eg ser at den innsikten eg har fått gjennom dei to åra vil vera nyttig for å kunna leia fakultetet i ein ny fireårsperiode, seier Rødahl (bildet).

– Kompetente søkarar

Dag Rune Olsen er førnøgd med kandidatane, trass få søkarar. 

– Det er ei kort liste, men dei to som har søkt er kompetente folk. Det er klart at reint prinsipielt kunne ein ønska at lista var noko lengre. Det viktigaste er at me har kompetente søkarar, seier Olsen.

Han reknar med tilsettingsprosessen skal gå raskt når det er snakk om interne søkarar. 

– Noverande dekan på MOF sluttar 1. august, så den nye dekanen må vera godt og vel på plass før den tid.  Det er klart at når det er to interne søkarar er det rimeleg at me får unna prosessen so pass tidleg at dei kan fungera litt saman med Nina, og få overført litt av det som står på sakskartet hennar. Slik kan me få ein grei og fin overgang, seier Olsen. 

Universitetsstyret vil tilsetta dekanane på dei to fakulteta i løpet av våren. På dei andre fakulteta har ein ordninga med vald dekan, og det vil bli halde val i løpet av mai månad. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed