Dag Rune Olsen og Margareth Hagen vann valet

Publisert:5. april 2017Oppdatert:5. april 2017, 16:32
Dag Rune Olsen blir også dei fire komande åra å sjå i den raude rektorkappa. Som einaste kandidat vann han rektorvalet onsdag.

Som venta får Dag Rune Olsen fire nye år på Muséplass.

Kristin Bakken, leiar av valstyret, stadfesta onsdag ettermiddag at Dag Rune Olsen og Margareth Hagen er valt til rektor og prorektor ved UiB i perioden 2017-2021.

Valstyret ved UiB har hatt møte, og protokollen er underteikna. Ikkje overraskande vann Dag Rune Olsen rektorvalet. Han vart først valt til rektor i 2013, og går no inn i sin andre periode.

Valet hadde 17,5 prosent valgoppslutning og 75 prosent av dei avlagde stemmene gjekk til Dag Rune Olsen og hans valplattform.

– Eg er rimeleg nøgd med oppslutninga, seier Dag Rune Olsen til På Høyden.

– Tolkar du mangelen på andre kandidatar som at UiB-tilsette jamt over er nøgde med leiinga?

– Ja, det kan lesast slik. Men vi såg også at det var nokre blanke stemmer. Det kan vere eit ønske om ein annan kurs. Det må ein ha respekt for. Det kan også vere eit ønske om at ein heller vil ha tilsett rektor, seier Dag Rune Olsen.

– Korleis skal de feire?

– Vi rekk ikkje feire. Vi skal ha ein EUA-konferanse som startar i dag, samt eit foreståande besøk frå olje- og energiministeren. Så er det påske, og då tenkte eg å ta fri. Men vi vil ha ei lita markering etter påske.

I 2013 var Kuvvet Atakan motkandidat. Denne gongen var det ingen andre som meldte sitt kandidatur.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed