Askildsen vil bli dekan på SV-fakultetet

Publisert:21. april 2017Oppdatert:21. april 2017, 16:40
Leiar for Økonomisk institutt på SV-fakultetet, Jan Erik Askildsen stiller til dekanval saman med Ragnhild Louise Muriaas som prodekan.

Professor Jan Erik Askildsen stiller som einaste dekankandidat på Det samfunnsvitskapelege fakultet (SV). 

Prodekankandidat Ragnhild Muriaas er professor ved Institutt for samanliknande politikk.

– Eg har meldt meg som kandidat for å gjera ein jobb på eit spennande fakultet, seier professor i samfunnsøkonomi, Jan Erik Askildsen, til På Høyden. 

Torsdag gjekk fristen for å senda inn forslag på dekankandidatar ut ved SV-fakultetet. Som på HF og jus-fakultetet, blir det ingen kamp om dekanvervet. 

Les også: Sejersted stiller som dekan på HF

– Me har fått inn eitt forslag, og det er på Jan Erik Askildsen som dekan. Me har ikkje formelt godkjent forslaget endå, men eg ser ingen grunn til at det ikkje vil bli godkjent, seier Jonas Linde i valstyret på SV.

Askildsen har med seg Ragnhild Louise Muriaas som prodekan for forsking. Ho er professor ved Institutt for samanliknande politikk. 

Også på SV-fakultetet betyr det at det ikkje vil bli halde ordinært val, men at fakultetstyret skal stemma over tilsettinga. Askildsen må ha meir enn femti prosent av stemmene for å bli vald. 

Vil styrka forskinga

Askildsen var tidlegare forskingsdirektør på Rokkansenteret i over 10 år, er leiar for Økonomisk institutt og sit no i fakultetstyret på SV

– Me har jobba aktivt med å styrka nivået på forskinga, noko som blir viktig å halda fram med. Det same gjeld rekruttering, kor me ønsker å tiltrekka oss gode internasjonale forskarar og å bygga opp lokale kandidatar som skal ha sjanse til å konkurrera om stilingar. 

Han trur bakgrunnen hans vil koma godt med i dekanrolla. 

– Eg trur at eg har gode føresetnader for å bidra inn i eit sånn tverrfagleg miljø, særleg med den erfaringa eg har som tidlegare forskingsdirektør på Rokkansenteret, eg kjenner den fleirfaglege konstellasjonen. Eg trur eg snakkar ganske bra med folk frå ulike miljø, noko som er viktig på eit fakultet som SV. Fakultetet har mange relativt små institutt, med sine veldig gode særeigenheiter som skal vidareutviklast, samstundes som det skal vera ein einheit. Der trur eg at eg kan bidra positivt.

– Eksternfinansiering blir viktig

Han trekk fram arbeid med eksternfinansiering som eit svært viktig område for SV i tida som kjem.

– Me er på god veg med ekstern finansiering, eg er sjølv for tida sterkt involvert i EU-forskingsprogram. Dette blir viktig framover, me går inn i ei tøff tid, kor me ikkje kan sjå for oss at det blir større aukingar i basisløyvingane. For å få midlar til phd-ar og postdoktorstillingar blir ekstern finansiering svært vesentleg. Samarbeid med institusjonane i nærområdet, som Uni Research og CMI, blir også viktig.  

– Vil det bli store endringar samanlikna med det førre dekanatet?

– Eg ser ikkje for meg nokon revolusjon på SV, men det er klart det er eit spesielt fakultet samanlikna med dei andre på UiB, med mange små institutt. Det eg trur er viktig er å sjå på strukturen på fakultetet, og korleis institutta forheldt seg til kvarandre. Me må heile tida tenka på om me har ei hensiktmessig organisering for å få god forsking. Me må få ein god dialog mellom institutt, administrasjon og dei fagleg miljøa for å finna gode modellar for organisering, seier Askildsen. 

Les også: Går for vald dekan på KMD

Vil behalda informasjonsvitskap

– Det informasjonsvitskapelege miljøet har ønska seg over til Institutt for informatikk. Dekan Knut Helland har klart uttrykt at det ikkje er aktuelt. Korleis ser du på den saka?

– Eg ser informasjonsvitskap og mediaforsking som sentrale delar av eit samfunnsvitskapeleg miljø, og viktige satsingsområde for fakultetet. 

– Du er einaste kandidat til dekan-stillinga. Korleis blir det?

– Det er ikkje ein uvanleg situasjon at det berre er ein som stiller, verken historisk eller i forhold til andre fakultet. Det er klart at for den demokratiske prosessen sin del, så synest eg det er dumt at det ikkje er fleire kandidatar. Det hadde det vore ønskeleg å ha ein situasjon kor ein har ulike val og retningar å velja mellom. Men det kan også reflektera at me ikkje har nokon djup konflikt på SV om kor me går. Me står ganske samla om kva me vil, seier Askildsen.

– Ei spennande utfordring

Muriaas er glad ho fekk spørsmålet om å stilla som prodekankandidat.

– Eg tenkte at det var ei spennande utfordring, og at det var interessant å få moglegheita til å få eit nærare innblikk i kva type forsking som føregår på fakultetet og også i forskingspolitikk generelt, seier professor Muriaas. 

Ho ser fram til å styrka vilkåra for forsking på fakultetet. 

– Det er mange endringar som skjer no både hjå rektoratet og sentralt, knytt opp til korleis ein skal fremma visse type forskingsmiljø. Eg vil jobba for å sikra mangfald og grunnforsking, samstundes som at ein ser på moglegheita for å identifisera forskingsmiljø og forskingsidear med potensiale. Ein må også våga å satsa på dei, seier ho, og legg til:

– Det er også viktig å legga vekt på forskingsbasert undervising, og til dømes sjå på korleis ein kan ha ein større undervisningskomponent i dei større forskingsprosjekta me har, og involvera studentane meir. Av og til skorter det litt der, og me får ikkje godt nok fram for studentane kva me forskar på akkurat no. Det er viktig at det ikkje er vasstette skott mellom forsking og undervisning, men at me prøver å sjå dei to tinga i samanheng. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed