Vil ha omkamp om fakultetsinndeling

Publisert:7. mars 2017Oppdatert:8. mars 2017, 10:09
Høgskulen på Vestlandet blei delt i fire, men utan at dei tillitsvalde fekk forhandle om det, slik hovudavtalen krev. No vil dei ha omkamp, og tre fakultet.

Høgskulen på Vestlandet forhandla ikkje med dei tillitsvalde om den omdiskuterte delinga i fire fakultet. No vil dei ha saka opp på nytt.

Høgskulen på Vestlandet har brote hovudavtalen ved å unnlate å forhandle om den nye organiseringa med fagforeiningane, meiner dei hovudtillitsvalde. Temaet kjem opp for diskusjon på torsdag, i sak 025/17. I førre styremøte vedtok styret at høgskulen skal ha fire fakultet.

– Svært kritiske

Difor har dei sendt brev til rektor Berit Rokne, der dei krev at saka om fakultetsinndeling blir tatt opp til ny handsaming i styret, etter at fagorganisasjonane har fått vere med på forhandlingar.

«Organisasjonene forventer at styret sørger for, og ettergår, at de ulike styresakene er blitt saksbehandlet på korrekt måte i institusjonen. Vi ber derfor om at sak 12/17 blir tatt opp igjen til behandling i styret, og at fagorganisasjonene sitt syn på saken blir hørt» skriv dei seks hovudtillitsvalde i eit brev til Rokne.

Hovudtillitsvald for Forskerforbundet, Kristin Hinna, er ein av underskrivarane.

– Forskerforbundet stiller seg svært kritisk til at hovudavtalen er broten på ein så markant måte, seier Hinna til På Høyden.

Tillitsvalde ville ha tre fakultet

Dei tillitsvalde viser til at organisasjonsendringar etter § 19.2 i hovudavtalen skal takast opp til forhandling med dei tillitsvalde. Dei tillitsvalde har blitt informert om sakene i forkant av det førre styremøtet, men det var aldri ført noko form for forhandlingar mellom institusjonen og dei tillitsvalde, som representerer kring 80 prosent av dei tilsette.

Dei hovudtillitsvalde er òg klare på at dei er misnøgde med utfallet av saka. Organisasjonane har gått inn for at det berre skulle bli tre, store fakultet på den nye høgskulen. På førre møte gjekk styret inn for tre store og eit lite fakultet, bygd rundt økonomi-, nautikk- og samfunnsfaglege utdanningar. Dette gjekk imot innstillinga frå leiinga ved høgskulen, som tilrådde tre fakultet.

Dei tillitsvalde meiner at eit fjerde fakultet ikkje er greidd ut godt nok, og viser til at det i fusjonsplattforma var ein føresetnad å ha få og store fakultet. Dei peiker på fem punkt dei meiner er vanskelege med den valde løysinga, mellom anna økonomi og korleis ein kan nytte ressursane ved høgskulen.

Har dårleg tid

Rektor Rokne vil ikkje kommentere saka før styremøtet, men skriv dette i saksframlegget:

«Rektor ser vi har kome i ein situasjon der vi ikkje har oppfylt krava i Hovudavtalen. Det let seg ikkje gjere å føre reell forhandling og protokoll etter at styret har gjort vedtak i saka. Det er likevel viktig at tillitsvalde får gi sitt syn i saka, og rektor vel derfor å leggje dette fram for styret.»

Styreleiar Arvid Hallén er klar for å diskutere saka med styret:

– Saka blei lagd fram for dei tillitsvalde, men det blei ikkje invitert til forhandlingar om det. Og avgjerda ligg til sjuande og sist i styret. Vi har heller ikkje tid til å starte med heile saka på nytt, seier Hallén til På Høyden.

Han er òg merksam på at dei tillitsvalde heller vil ha ei løysing med tre fakultet, og at dei mellom anna er urolege over at det kan bli meir ressurskrevande med eit fjerde fakultet. Mellom anna i Tromsø blir det diskutert å kutte ned på talet på fakultet. Hallén trur det er vanskeleg å konkludere sikkert med om det vil koste meir enn det smakar med ei firedeling.

– Med 16-17 000 studentar er vel ikkje fire fakultet ein heilt urimeleg måte å organisere det på uansett. Men i ein sparesituasjon vil sjølvsagt alle argument vere gyldige, seier Hallén.

Vil finne den gode retninga

Sjølv gikk han inn for løysinga med tre fakultet, som rektor foreslo. Då det skulle tilsetjast rektor ved HVL blei det òg eit svært splitta styre. Men Hallén er likevel optimist med tanke på oppgåva:

– Det er ein ny situasjon òg for meg, med eit styre med såpass mange dimensjonar. Men det er ei veldig interessant oppgåve. Og vi veit at alle fusjonar er krevande, både i det offentlege og i privat næringsliv. Eg er veldig budd på dette er ein krevjande situasjon å få ting til å gå i hop på. Mi oppgåve vil vere å finne det eg trur er den gode retninga, og få så brei oppslutning som muleg, seier Hallén. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed