UiO har fått like mange senter som UiB og NTNU til saman

Publisert:23. mars 2017Oppdatert:23. mars 2017, 14:35
UiO rektor Ole Petter Ottersen kan vera godt fornøgd med Forskingsrådet si satsing på framifrå forsking. Dei har trekt det lengste strådet i kampen om SFF-midlar. Foto: Ola Sæther.

Med 18 senter til UiO og 17 til NTNU og UiB sidan oppstart, er hovudstaden den klare vinnaren i kampen om SFF-midla.

SFF-ordninga passar veldig godt inn i vår strategi om å vera eit sterkt grunnforskingsuniversitet, seier rektor Ole Petter Ottersen.

Førre veke blei den fjerde runden med senter for framifrå forsking (SFF) annonsert

Då blei det klart at Universitetet i Oslo fekk heile fem senter, NTNU to og UiB berre éitt. 

Ordninga, som er Forskingsrådet sitt viktigaste verkemiddel for å bygge opp under sterke forskingsmiljø, blei etablert i 2002. Kvart femte år har nye senter blitt etablert. I alt 44 senter har gått gjennom nålauget til det internasjonale panelet. 

Sidan ordninga starta opp har Universitetet i Oslo fått 18 (eitt av dei saman med UiT) av dei 44 sentera.

Universitetet i Bergen har fått åtte senter på dei fire rundane, medan NTNU har fått ni totalt. 

– UiO har som overordna strategi å vera veldig sterk på grunnforsking av høg kvalitet, og det er den type forsking som SFF-ane er retta inn mot. Det er den type forsking me veldig sterkt ønsker at SFF-ordninga skal halda fram med å vera retta inn mot, seier Ole Petter Ottersen til På Høyden. 

Les også: Hva skjedde, Bergen?

Tar ikkje omsyn til geografi

Direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, seier dei ikkje ser noko negativt med at ein klar overvekt av sentera er lagt til UiO. 

Den viktigaste bodskapen er at det ikkje blir tatt omsyn til geografi, institusjon, eller fagfordeling i tildelinga av SFF-status

– Dette er ei ordning kor me satsar på dei miljøa som har dei beste søknadane og kor søknadane har høgast mogleg kvalitet. Den viktigaste bodskapen er at det ikkje blir tatt omsyn til geografi, institusjon, eller fagfordeling i tildelinga av SFF-status. Det er eit trongt nålauge, med 150 søknadar og kor 10 senter står att etter to grundige rundar med internasjonale fagfellevurderingar. Og før den tid er det også ei siling ved institusjonane, seier Røttingen til På Høyden, og legg til:   

– Då har det blitt slik at UiO har fått mange senter relativt sett. Generelt kan ein seia at dei som er ein stor akademisk institusjon sender ein god del søknadar, i tillegg har dei som institusjon lagt godt arbeid inn i søknadane, og har mange fagområde å ta av. Det finst på dei andre store breiddeuniversiteta også, og dei har heilt klart potensial til å få fleire senter.

(Foto: Noregs forskingsråd) 

Går i bølgjer

UiO-rektor Ottersen ser ikkje på det som ei sjølvfølge at dei vil halda fram med å få flest senter. 

– Dette med å samanlikna er ikkje så viktig for oss. Det går i bølger, så sjølv om UiB ikkje fekk så god utteljing denne gongen, kan det henda UiB får flest senter ved neste korsveg. Det me er opptekne av er at dei beste miljøa får utteljing i SFF, seier Ottersen. 

Dette med å samanlikna er ikkje så viktig for oss

Røttingen håper dei andre institusjonane blir motiverte til å stå på vidare.

– Dette er eit klart signal for institusjonsleiinga ved alle dei akademiske institusjonane om å satsa tungt. Dei må sørga for å legga til rette for gode søknadar, og framelska fagmiljø som har potensiale for å senda gode søknadar., fortel han. 

Les også: Brukte 220 millioner kroner på middelalderforskning. Så forsvant senteret

– Me er gode på dei andre senterordningane

Prorektor for forsking ved NTNU, Kari Melby, (bildet) innser at UiO slår dei på grunnforskinga.

– Oslo har svært mange gode grunnforskingsmiljø, og SFF er eit verkemiddel kor vitskapeleg kvalitet, heilt uavhengig av tema, er det dominerande kriteriet. NTNU ligg på om lag 20 prosent, det er det same me ligg på når det kjem til Fripro-støtte. SFF er eit svært viktig verkemiddel for oss, samstundes er det noko som me, saman med Fripro, ligg litt bak Universitetet i Oslo i andel på, fortel Melby.

Prorektoren seier dei ser senterverkemidla i samanheng, og at NTNU gjer det svært godt når det gjeld senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), og forskingssenter for miljøvenleg energi (FME), som er dei to andre senterordningane Forskingsrådet har. 

– Alle desse tre senterordningane er excellence-verkemiddel som me legg stor vekt på å konkurrera godt i. Men me gjer det relativt sett betre på dei to andre enn på SFF. Ikkje uventa heng det saman med vår profil, og vår sterke vekt på teknologi.

Rom for å klara å få meir

Melby seier NTNU har moglegheit til å få betre utteljing enn dei gjer no. 

– Eg kunne godt ønska meg, og eg trur at NTNU har potensiale til å gjera det endå betre på både Fripro og SFF. Men me ligg der me ligg. Det er ikkje overraskande eller uventa. Og me er godt fornøgde me å få to senter i siste tildeling. Eg synest også det er interessant og sjå at begge er innan fysikk. Det er eit uttrykk for at ein har lagt vekt på vitskapleg kvalitet aleine, og ikkje tatt strategiske omsyn. Det er eit gledeleg uttrykk for at me har svært godt fysikkmiljø på NTNU.

Universitetet i Bergen fekk berre éitt senter i denne runden, og rektor Dag Rune Olsen sa til På Høyden etter at tildelinga var klar, at han erkjenner at UiO er i ein eigen klasse. 

– Det er ikkje til å underslå at nokon miljø har knekt koden. Det er ingen tvil om at me har eitt nummer éin-universitet her i landet. Også hjå oss har me fleire miljø som heldt svært god kvalitet. Men me har altså ikkje fått den samme grad av utteljing denne gongen.

Les også: - Vi ser fram til å gjøre et stykke god forskning

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed