UiB-ektepar får Fylkesakerprisen for framifrå forsking

Publisert:3. mars 2017Oppdatert:3. mars 2017, 12:35
Ekteparet Annelin Eriksen og Knut Mikjel Rio er tildelt Fylkesakerprisen 2017. – Prisen anerkjenner at arbeidet me har gjort er i tospann heile vegen, seier Eriksen. Foto: Privat

Annelin Eriksen og Knut Mikjel Rio får Fylkesakerprisen 2017, delt ut av Det Norske Videnskaps-Akademi. Dei mottek prisen for si forsking innan sosialantropologien.

– Eg blei veldig overraska då eg fekk telefonen, fordi det er ei stor anerkjenning og ære å få denne prisen. Eg tenkte at det kanskje var noko ein fekk når ein var i slutten av karrieren sin. Eg har hørt om prisen og tenkt at den heng veldig høgt, seier professor ved Institutt for sosialantropologi ved UiB, Annelin Eriksen. 

Ho får prisen saman med ektemannen Knut Mikjel Rio, som er professor ved Universitetsmuseet. Dei to har jobba saman på feltarbeid i øygruppa Melanesia i Stillehavet i ei årrekke, og gitt ut bøker og publikasjoner både saman og som eineforfattarar.

Les også: — UiB si satsing på utviklingsforsking er for dårleg

I juryen si begrunning står det mellom anna: <<Deira empiriske studiar i Vanuatu i Melanesia har bidrege til ei ny forståing av religiøs endring, kjønn og politiske konfliktar i Stillehavsområdet og har på ein original måte revitalisert klassiske analytiske begrep>>.

– Ein stor fordel å vera to

– Prisen anerkjenner at arbeidet me har gjort er i tospann, heile vegen. Me har på mange måtar gjort det som eit familieprosjekt frå me var hovudfagsstudentar, og medan ungane budde heime hadde me dei alltid med på feltarbeid, seier Eriksen.

Ho fortel at det å vera to i feltarbeid har vore ein stor fordel. 

– Me har fått tilgang til ulike arenaer, han fordi han er mann og eg fordi eg er kvinne. Begge har fått veldig god støtte i kvarandre. Det er veldig nyttig med den andre sitt perspektiv, og me har alltid hatt viktig og god dialog i forskinga vår. Me har sampublisert litt, men det er meir det å vera i felten saman som har vore viktig. Difor var det veldig kjekt å få prisen i lag, seier Eriksen.

Annelin saman med sine tre døtre, Anna, Oline og Ingrid på feltarbeid i Melanesia. Dei sit saman med eit par av kvinnene i sin lokale familie (Rose og Linda).

Religiøs endring og kjønn

Forskingsmessig har hovudtema dei siste åra vore religiøs endring og kjønn, fortel Eriksen. 

– Eg har jobba med karismatiske kristne rørsle, og Knut har jobba med det me kan kalla for trolldom og hekseri. Desse tinga heng saman på ein måte som kanskje ikkje openberr, men for oss som er antropologar og jobbar tett på det, har me sett at det heng saman. Hekseri og trolldom er ikkje så tradisjonelt som ein kanskje førestiller eg, men gjerne uttrykk for kristne førestillingar heller enn tradisjonelle førestillingar.

– Barna vil sakna feltarbeid

– Korleis har barna likt å vera med på feltarbeid? 

– Dei har likt det veldig godt, no er dei to eldste flytta ut og har byrja med eigne studiar. Dei snakkar ofte om at dei vil sakna å vera med. Eg trur dei ser på det som noko dei har fått mykje utbytte av. Dei har fått sett og erfara tett på kroppen korleis ein lever og tenker andre stader i verda, og fått ei forståing av at våre måtar å leva på er ikkje dei einaste riktige, seier Eriksen.

Kva ekteparet skal bruka prispengane på 250 000 kroner på, har dei ikkje heilt bestemt seg for endå. 

– Me har mange prosjekt me har lyst til å gjera framover. Blant anna har me begge interessert oss for forståing av framtid, og kan tenka oss feltarbeid, ikkje berre i Vanuatu, men andre stader også, knytt til dette. Me søker blant anna om midlar til eit større forskingsprosjekt om dette i løpet av våren, seier Eriksen. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed