Slik blir det nye høgskulebygget på Kronstad

Publisert:21. mars 2017Oppdatert:22. mars 2017, 11:21
Bygget er i overkant av 14 300 kvadratmeter og kan stå ferdig sommaren 2020 om alt går etter planen. Illustrasjon: Kruse Smith og L2 Arkitekter AS

No er det klart korleis eit mogleg nybygg på Kronstad vil sjå ut. Bygget rommar over 2000 studentar, og kan stå ferdig i 2020.

Vinnarane av arkitektkonkurransen er entreprenør Kruse Smith i Bergen i samarbeid med L2 arkitektar i Oslo.

Tilbygget skal stå nord for nybygget som kom på Kronstad i 2014, og blir over 14 000 kvadratmeter stort.

Når bygget som kosta over 2, 5 milliardar kroner stod ferdig i 2014, var det utan plass til alle studentar og tilsette. Høgskulen i Bergen måtte halda fram med å leiga lokaler i Møllendalsveien.

Med det nye tilbygget ønsker ein å samla alle studentar og tilsette i nærregion Bergen på Kronstad.

Høgskulestyret må godkjenna leigeavtale

Finansieringa av bygget er tenkt å skje gjennom ein kurantorordning, kor Høgskulen på Vestlandet må garantera for at dei vil dekka husleiga i bygget innanfor sine eksisterande rammer. 

Tomta er allereie regulert. 

Første steg på veg mot nybygget er for styret ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) å godkjenna ein slik leigeavtale. Deretter må regjeringa godkjenna prosjektet. 

– Viss alt går etter planen er det tiltenkt byggestart i byrjinga av 2018. Då kan bygget stå ferdig rundt sommaren 2020, seier direktør ved Seksjon for arealforvaltning, drift og brukarservice ved nærregion Bergen, Endre Laastad.

Uvisst kven bygget skal romma

Laastad er godt fornøgd med løysinga ein har landa på.

– Bygget er svært teneleg for høgskulen, både når det gjeld det eksterne og det interne, med ei god planløysing. Estetisk harmonerer bygget godt med bygget me oppførte i 2014. Me er opne for mindre justeringar i ein fase framover, men slik eg ser det så har bygget dei kvalitetane me søker etter. Det som ligg av klimatiltak i bygget er viktig. Det er eit miljøbygg som har høge miljøkrav, det har vore eit stort fokus i denne prosessen, seier Laastad. 

Det er ikkje avklart kva for miljø som skal inn i bygget endå. 

HVL skal i løpet av byggeperioden gjennomføra ein prosess kor ein skal forsøka å finne den mest optimale plasseringa av miljøa som vil få plass på Kronstad, seier Laastad.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed