Olsen treng berre éi stemme for å vinne valet

Publisert:2. mars 2017Oppdatert:30. mars 2017, 10:06
Rektor Dag Rune Olsen får truleg fire nye år i sjefsstolen ved universitetet.

Fristen for å melda sitt kandidatur til rektorvalet har gått ut, og det blir ingen kamp om rektortittelen for Dag Rune Olsen.

Assisterande direktør ved Matn.Nat.-fakultetet og leiar i valstyret ved UiB, Kristin Bakken.

– Me har fått inn eitt forslag, og det er på sittande rektor Dag Rune Olsen, med prorektorkandidat Margareth Hagen, noverande dekan på Det humanistiske fakultet. Forslaget er no blitt godkjent frå valstyret, seier leiar for valstyret ved UiB, Kristin Bakken. 

Det har lenge sett ut til at det ikkje kom til å bli stilt motkandidatar til den Olsen og teamet hans, og no er det altså klart at ingen heller kastar seg inn i valkampen i siste liten. 

Me har fått inn eitt forslag, og det er på sittande rektor Dag Rune Olsen, med prorektorkandidat Margareth Hagen

– Kva tenker du om at det berre blir ein kandidat?

– Det er jo kanskje eit paradoks. Etter at mange i universitetssamfunnet ønsker val som rekrutteringsmetode for rektor, så ser ein generelt i sektoren ikkje så stor konkurranse om desse verva. Ein ting er å ønska eit universitet med stort innslag av demokrati, men det er noko anna å prioritere tid i praksis. seier Bakken, og legg til: 

Les også: Her er Dag Rune sitt rektorlag

– Det er generelt ikkje så stor konkurranse om plassane i dei styrande organa ved universitetet heller, som i universitetsstyret, fakultetsstyra og instituttstyra, der ein ofte må utvide fristane for å fremma kandidatar fordi det kjem for få forslag inn til å halda val. Det er noko med at ein er for demokrati og medbestemming, men så er det ikkje gitt at det er så mange som stiller opp av ulike grunnar.

– Gjort ein god jobb

Ho trur likevel at om det hadde vore misnøye med sitjande rektor så hadde motkandidatar meldt seg.

– Viss det var mange som ikkje var fornøgd med Dag Rune så er eg heilt sikker på at det hadde kome motkandidatar. Universitetssamfunna har erfaringsmessig god evne til å mobilisera når noko engasjerer. Det at det ikkje kjem motkandidat i dette tilfelle er uttrykk for at ein er fornøgd, tenkjer eg. Mitt inntrykk er at tilsette og studentar meiner at Olsen har gjort ein god jobb, og har tillit til at han vil gjera ein god jobb i ein ny periode med ein god prorektorkandidat. Til saman har dei to svært mykje leiarerfaring og med fagleg bakgrunn frå svært ulike fagområder, seier Bakken. 

Vil rundt å snakka med folk

 Alt Dag Rune Olsen treng for å behalda rektortittelen i fire år til, er éi enkel stemme. Valreglementet set heller ingen krav til valoppslutnad.

Men Olsen har ikkje tenkt å legga heile valkampen på is, sjølv om han så og seia er garantert jobben.

– No er det slik at det skal avholdast val, sjølv om det berre er eit team. Me har tenkt å organisera oss slik at me inviterer oss sjølv rundt til dei ulike fakulteta og møter tilsette og studentar. Me vil snakka om kva me tenker og trur om åra som er framfor oss. Det er viktig uansett. Folk har krav på å veta kva me tenker, kva saker me vil fremma for styret og korleis me skal følga opp strategien. Det er sentralt at folk skal få følelsen av kva me meiner er utfordringane i sektoren framover, seier Olsen.

Universitetssamfunna har erfaringsmessig god evne til å mobilisera når noko engasjerer

– Korleis tolkar du at ingen andre vil stilla?

– Det er fleire måtar å sjå det på. Men eg legg til grunn at viss folk hadde vore dundrande ueinig i det som har skjedd dei siste fire åra, og ikkje hadde tiltru til det me har på sakskartet for neste periode, så hadde folk stilt.

  

Dag Rune Olsen stiller til val med Margareth Hagen (t.h.) som prodekan, Oddrun Samdal som viserektor for utdanning, og Robert Bjerknes som viserektor for tverfagleg verksemd. 

– Ikkje eit mål at fleire kandidatar skal stilla

Det er ikkje første gongen det ikkje blir ein reell kamp om rektorvervet ved UiB. Både når Jan Fridthjof Bernt stilte til val i 1996, og Kirsti Koch Christensen til attval i 2002, var det ingen andre som meldte seg.

Professor i jus, Jan Fridtjof Bernt, trur ikkje det treng å vera negativt:

– Det er ikkje eit mål i seg sjølv at fleire kandidatar skal stilla, og det er ikkje uvanleg at rektorar velt vald utan motkandidat. Viss ein er rimeleg fornøgd med den som sit, må ein vurdera om det er best å ha ein som kan gå vidare i jobben frå dag ein, eller å henta inn ein ny person som skal setta seg inn i ting.

– Eg har ikkje grunnlag for å dela ut karakter til den sittande rektoren, eg sit langt vekke i frå alle avgjerdsprosessar no. Men det at ingen stiller motkandidat, betyr vel at dei fleste er ganske nøgd med den jobben han har gjort så langt, seier Bernt (bildet).

 

(Foto: Eivind Senneset)

– Nokre var skuffa

– Korleis var det å stilla utan motkandidat for deg i 1996? 

– Dette var litt spesielt, då eg stilte til val for første – og einaste gong. Nokre vart vel skuffa over at ein ikkje fekk ein valkamp med tilspissa saker. Men på denne tida var det få tilspissa konflikter ved UiB, og ein kan vel seia eg vart vald på eit program om kontiunitet i den lina som hadde vert fylgd dei siste åra, og som eg tidlegare sjølv hadde vore med å administrera som prorektor, seier Bernt.

Valet føregår elektronisk i perioden 30. mars – 5. april. Her kan du lesa meir om valprosessen.

I slutten av mars vil det bli eit presentasjonsmøte av kandidatane i regi av valstyret. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed