Nye prorektorar på NTNU

Publisert:16. mars 2017Oppdatert:16. mars 2017, 13:35
Frå 1. august får NTNU to nye prorektorar: Anne Borg blir prorektor for utdanning og Bjarne Foss prorektor for forsking. Foto: NTNU

Anne Borg er tilsett som prorektor for utdanning og Bjarne Foss overtar som prorektor for forsking ved NTNU.

Det blei vedteke på styremøtet ved NTNU torsdag, skriv NTNU i ei pressemelding. 

Anne Borg er professor i material- og faststoff-fysikk og dekan ved Fakultet for naturvitenskap, og tar over prorektorstillinga for utdanning etter Berit Kjeldstad.

Bjarne Foss er professor ved Institutt for teknisk kybernetikk og overtar som prorektor for forsking etter Kari Melby. Dei byrjar begge i stillinga 1. august.

Les også: NTNU får gigantinstitutt

To nye dekanar

Ingen av dei noverande prorektorane kan tilsettast for ein ny periode. Toril A. Nagelhus Hernes blei tilsett som prorektor for nyskaping i desember 2016. Den fjerde av dagens prorektorstillingar, med ansvar for fagleg integrasjon, går ut 1. august.

Det vart også tilsett to nye dekanar ved universitetet. På Fakultet for ingeniørvitenskap tar leiar for Institutt for energi- og prosessteknikk, Olav Bolland, over som dekan. 

Øyvind Weiby Gregersen overtar som dekan ved Fakultet for naturvitskap. Gregersen er i dag professor innen papirteknologi og papirfysikk ved Institutt for kjemisk prosessteknologi.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed