Ny gatekunst om barn i krig

Publisert:14. mars 2017Oppdatert:14. mars 2017, 15:31
Traume hjå barn i krigsområder er bakteppet for dei nye kunstverka i Christiesgate 12. Bildet til venstre er signert Mednøtt, det andre er signert Skurk.

Gatekunstnarane Mednøtt og Skurk har levert to nye kunstverk på veggen av Bjørn Christiansens hus.

I samband med psykologistudentane sin hjelpeaksjon PsychAid, har kunstnarane Mednøtt og Skurk donert gatekunsten til støtte for aksjonen.

Tysdag føremiddag skjedde avdukinga, og det er no tredje året på rad at veggen av Bjørn Christiansens hus blir dekorert av ulike gatekunstnarar i Bergen. 

I år går innsamlinga til Flyktningehjelpen, og prosjektet Better Learning Programme. Dei gjev psykososial støtte til barn med krigstraume. Så langt har over 100 000 barn i Gaza og på Vestbredden fått hjelp gjennom programmet, og no utvidare dei til fleire land i Midtausten, mellom anna Syria og Irak.

– Mange unge klarer ikkje å fullføra utdanninga si, fordi dei har så mange traume. Me veit at utdanning er viktig for å bera samfunn vidare, seier leiar for PsychAid, Rebekka Berggård.  

Ho er svært imponert over dei to kunstverka.

– Me er veldig fornøgd. Det er sterk symbolikk i bilda. Me visste ikkje kva det blei for noko før bilda var på veggen. Dei har fått frie tøyler ut i frå temaet for årets aksjon. 

Christer Holm driv galleriet Gatekunst, og har formidla kontakt mellom organisasjonen, fakultetet og kunstarane.

– Kunstnaren Skurk har med sitt bilde prøvd å formidla korleis alt kan sjå normalt ut på utsida. Barn kan leika og ha det gøy. Men dei har gjerne vanskeleg for å setta ord på ting, og kan bera på mange traume, som dei ikkje får bearbeida, seier Holm.

Det andre bildet er det kunstnaren Mednøtt som har laga. Holm fortel at bildet skal illustrera ei syrisk kvinne.

– Tanken er at mange som flyktar frå krig manglar ei stemme. Ein veit kanskje at dei har flykta, og at dei kjem frå krig. Men korleis dei eigentleg har det klarer dei kanskje ikkje å formidla, og andre klarer ikkje å sjå det. Ein treng personar som kan nøsta opp i desse tinga, og hjelpa dei, seier Holm. 

Riksantikvaren har sagt at kunsten på det verna bygget må kunna vaskast vekk, og neste år blir det truleg ny gatekunst som pregar den svært så trafikkerte gata i Bergen sentrum.

– Slik er det med gatekunst, det er <<the name of the game>>. Det blir i alle fall godt dokumentert her i dag, og det er fint å bli eksponert i ei slik gate.

For PsychAid er målet er å samla inn over 100 000 kroner i årets aksjon.

– Det er veldig hyggeleg at dei valte oss. Det er eit veldig viktig formål. Målet med programmet er å hjelpa lærarar og utdanningspsykologar slik at dei betre kan støtta barn som har opplevd traume, samstundes som skulebarna mottek tilrettelagt undervisning for å kunna bearbeida trauma i klasserommet, seier rådgjevar i Flyktningehjelpen, Ingrid Sande Larsen.

– Me håper kunsten kan skapa fokus rundt temaet for årets aksjon, seier ho vidare. 

F.v. Leiar i PsychAid, Rebekka Berggård, rådgjevar i Flyktningehjelpen, Ingrid Sande Larsen og innehavar av Gategalleriet, Christer Holm. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed