Kva gjer UiB med sølvmedalje-vinnarane?

Publisert:3. april 2017Oppdatert:3. april 2017, 12:07
Professor Helge Sandøy kom til SFF-finalen i 2008, men fekk ikkje tildeling. Med midlar frå Grønmo fekk han realisert fleire av planane likevel.

Helge Sandøy fekk ikkje SFF. I staden fekk han to millionar frå rektoratet. Pengane brukte HF-kollegaene på å lage nye prosjekt, som skaffa UiB løyvingar på til saman 16 millionar kroner. Kva som skjer søkarane som ikkje nådde opp i år, er ikkje avklart.

Planen for Det humanistiske fakultet sitt nye Senter for framifrå forsking (SFF) var klar.

Gjert Kristoffersen skulle vere senterleiar. Gunnstein Akselberg, Odd Einar Haugen og Helge Sandøy var også med i leiargruppa. Dei hadde arbeidd med søknaden til Forskingsrådet i fleire månader, og var komne til finalerunden.

– Vi skulle samarbeide med kollegaer ved andre institusjonar, og saman hadde vi lagt ned mykje tid og arbeid i å skrive ein god søknad, seier Helge Sandøy, professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. 

Så kom avslaget. Søknaden frå LLE kom til finalen, men ikkje heilt opp. Berre eitt HF-miljø fekk bli SFF i 2008. Det var Centre for the Study of Mind in Nature ved UiO.

Les også: Christopher Henshilwood skal lede UiBs neste SFF

To millionar kroner frå Grønmo-rektoratet

Kva skulle Sandøy og kollegaene gjere? Skulle dei starte utviklinga av ein ny idé, og håpe på neste SFF-utlysing? Eller legge ideane i skuffa, og aldri ta dei fram igjen?

Svaret kom i form av ei løyving på to millionar kroner frå dåverande rektor Sigmund Grønmo. To millionar kroner var berre ein brøkdel av kva Forskingsrådet ville ha løyva. Men pengane var ein god startpakke.

– Det var ein god ide å gje ut trøstemidlar. Vi kunne med desse pengane vidareføre noko av det vi hadde brukt mykje tid på å klekke ut, seier Helge Sandøy.

Les også: Berre fire søknader til andre runde

Grønmo: Fast praksis

Å gje pengar til SFF-finalistane som blei ståande utan tildeling var fast praksis, opplyser tidlegare rektor Sigmund Grønmo.

– Generelt var det slik at dei som ikkje fekk støtte frå Norges forskingsråd eller ERC trass i at dei fekk topp vurdering av søknadane sine, fekk midlar frå UiB. Dels for å følgje opp den framifrå forskinga, dels for å styrke søknadane ytterlegare til neste søknadsrunde. Dessutan var det slik at dei som fekk støtte frå Norges forskingsråd eller ERC til slike framifrå prosjekt, som regel fekk tilleggsmidlar frå UiB, som oftast ei påplussing på 24 prosent av løyvinga.

Det er ikkje klart om dei tre UiB-miljøa som kom til SFF-finalen, men som ikkje fekk tildeling i mars, kan sjå fram mot ein økonomisk oppmuntring frå UiB.

– Dette er ikkje avklart enno, seier Heidi Annette Espedal, avdelingsdirektør ved Forskingsadministrativ avdeling til På Høyden.

Les også: Kampen om framifrå forskingsmillionar

Fekk søknadsberedskap

HF er Helge Sandøy er klar på at arbeidet med SFF-søknaden var verdifullt.

Ein trenar seg opp i det å tenke prosjekt

– Når ein arbeider så intensivt med planlegging og idéutvikling som vi gjorde, er det nyttig i seg sjølv. Ein trenar seg opp i det å tenke prosjekt. Det er intellektuelt gjevande. Og når ein har vore gjennom dette, har ein mange idear som ein kan bruke når det dukkar opp eit program som passar, seier Helge Sandøy.

– Sjølv om vi ikkje fekk SFF, fekk vi ein søknadsberedskap. Det viste seg å vere nyttig.

SFF-søknaden fekk fleire avleggarar. Den eine var eit prosjekt om språkutvikling på industristader. Eit anna prosjekt hadde som formål å finne ut meir om dialektendringsprosessar.

Til saman har dei to prosjekta skaffa UiB-forskarane løyvingar på til saman seksten millionar kroner.

– Den eine prosjektideen i sentersøknaden var å skrive ei oppdatert vitskapleg norsk språkhistorie, for det har vi mangla. I etterkant av avslaget samla vi ein del kollegaer frå heile landet til eit seminar der vi blei samde om å skrive ei språkhistorie i fellesskap. Dette vekte stor begeistring, seier Helge Sandøy.

Ein kunne risikert at vi berre gjekk tilbake til kontoret med frustrasjon over bortkasta arbeid

Skreiv Norsk språkhistorie

Saman med kollegaer frå Høgskulen på Vestlandet (HVL), Høgskolen i Søraust-Noreg, NTNU og Universiteta i Tromsø, Stavanger, Kristiansand og Oslo har UiB-forskarar no skrive Norsk språkhistorie.

Helge Sandøy og Agnete Nesse (HVL) er hovudredaktørar. Første bindet kom i 2016, og i løpet av 2017 vil også alle dei tre neste binda av Norsk språkhistorie vere tilgjengelege for sal. Verket vil bli brukt som pensum, og som oppslagsverk for språkinteresserte.

– Å gi oss desse pengane var eit godt tiltak frå rektor. Elles kunne ein risikert at vi berre gjekk tilbake til kontoret med frustrasjon over bortkasta arbeid, seier Helge Sandøy.

– No blei det skapt noko likevel.

– God bruk av UiB sine frie midlar

Sigmund Grønmo meiner framleis at det å satse på sølvmedaljevinnarane var god bruk av dei frie midlane til UiB.

– Kva var dine tankar om korleis ønsket om å få eit Senter for framifrå forsking best kunne bli balansert mot ønsket om å sjølv råde over dei frie midlane til institusjonen?

– Vår linje var å legge til rette for kvalitet i utdanninga og forskinga i alle fagmiljøa og å satse særskilt på dei miljøa som viste seg ut å utvikle spesielt høy kvalitet. Gode vurderingar av søknader om SFF og frie prosjektmidlar i Norges forskingsråd, samt gode vurderingar av søknader frå ERC blei brukt som uttrykk for høg kvalitet. Slik kunne vi kombinere bruk av midlar til forsking i alle miljøa og særskilt satsing på dei beste miljøa. Vi meinte dette var svært god bruk av dei frie midlane til universitetet.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed