Kunnskapsminister på idéjakt

Publisert:24. mars 2017Oppdatert:24. mars 2017, 17:01
Det var mange hender i vêret då Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterte til idémylding på Uni Research Rokkansenteret torsdag. Foto: Hedvig Idås

Korleis få næringslivet til å bruka meir pengar på forsking? Auk basisløyvingane til institutta og lag betre støtteordningar til bedriftene, er blant bergensforskarane sine råd til kunnskapsministeren.

I går gjekk statskotet for kunnskapsministeren sin <<innspelsturne>> ved norske forskingsinstitusjonar.

Saman med statssekretær Bjørn Haugstad skal han rundt på over 20 institusjonar i Noreg for å snakka med forskarar om langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, som skal reviderast i 2018.

På Uni Research sine lokale i Nygaardsgaten hadde eit tjuetals forskarar møtt opp for å koma med sine tankar rundt forskingspolitikken i Noreg.

– Me ønsker å få snakka med grasrota i forskar-Noreg. Heile poenget med møtet er ikkje at eg skal halda tale og at folk skal klappa etterpå. Men at dei som jobbar og forskar i sektoren, og i privat næringsliv skal få koma til ordet, seier Røe Isaksen.

Me ønsker å få snakka med grasrota i forskar-Noreg

Les også: OECD-ekspertar foreslår nytt koordinerande organ for forsking

Avgrensa samarbeid med næringslivet

På møtet var fokuset på samarbeid med næringsliv og offentleg sektor eit tema som gjekk igjen. Kanskje ikkje overraskande, med mange representantar frå instituttsektoren til stades. 

Nyleg kom OECD med ein rapport som har evaluert norsk politikk for forsking og høgare utdanning. Ei av svakheitene som blei peika på var at ein hadde begrensa samarbeid mellom næringsliv og forsking.

På møtet tok fleire til ordet for å koma med ulike støtteordningar som kan stimulera til samarbeid med offentleg sektor, næringsliv og forskingsinstitusjonane. 

– Me må ha tid til å starta opp samarbeid og til å utvikla idear. Viss me prøver å invitera bedriftene til møter, så veit ikkje bedriftene om dei har midlar til det. Ein bør gjerne øyremerka pengar til eit slikt formål, sa Jan Even Nilsen, forskar ved Nansensenteret.

F.v.: Grasrota i forskar-Norge, her representert ved Geir Pedersen frå Christian Michelsen Research, professor Jan Jonassen frå Høgskulen på Vestlandet, Hanne Sagen frå Nansensenteret og Jan Even Nilsen frå Nansensenteret. (Foto: Hedvig Idås) 

Korte perspektiv

Geir Pedersen i Christian Michelsen Research (CMR) peika også på for korte tidsperspektiv i forskinga. 

– Bedriftene er villige til å betala viss dei kjem til å få resultat om to år, men viss ein tenker litt lenger fram er det vanskeleg å koma med pengar. Kanskje kan slike støtteordningar gjera det lettare for dei, slik at dei ikkje må ta stor risiko, seier Pedersen.

Les også: Desse tener mest på nytt finansieringssystem

Forskar Hanne Sagen frå Nansensenteret er einig i at det er vanskeleg å halda på samarbeida over lenger tid. 

Me treng betre finansierinsordningar for industrien og dei små bedriftene

– Sjølv om du får industrien i tale, så er det slik at viss ikkje forskinga ligg tett opp til resultatet som dei ønsker å sjå, så trekk dei seg gjerne ut. Det er tøft i ein industri som slit å skulla støtta basisforsking i tillegg. Me treng betre finansierinsordningar for industrien og dei små bedriftene. Slik kan dei få sjansen til å gå inn i ulike prosjekt. I EU-prosjekt har ein full finansiering. Men i Forskingsrådet må dei framleis bidra med ein eigenandel, seier Sagen.

Nilsen peika også på at ein auke i basisløyvingane kan bidra til å få i gong prosjekt. 

– Det vil gje oss litt meir tid til å tenka på eigne problemstillingar. Det vil letta arbeidet for oss, og gje oss meir tid til å delta på møter for å planlegga prosjekt, seier Nilsen. 

Hospiteringsordningar og offentlege doktorgrader

Behovet for gode hospiteringsordningar og vidareutvikling av offentlege doktorgradar blei også trekt fram på møtet.
 
– Me som driv forsking og skal jobba tett med nærlingsliv og offentleg sektor prøver å koma med spennande problemstillingar. Gjennom til dømes å hospitera ein plass i tre månader, og vera ute i praksisfeltet, så kan me skapa forsking som er meir relevant, sa Mai Camilla Munkejord, forskar ved Uni Research Rokkansenteret.

Isaksen noterte flittig under møtet, og seier til På Høyden at han var svært fornøgd med forslaga som kom. 

– Ein av dei tinga eg er heilt siker på, er at den reviderte planen må ha fleire verkemiddel for å kopla arbeidsliv og forsking. Nettopp då er slike konkrete innspel og konkrete forslag som eg fekk i dag veldig bra. Eg kan ikkje garantera at dette er ting me vil ta inn i planen, men det er ting me tar med oss vidare og vil vurdera. 

Eg kan ikkje garantera at dette er ting me vil ta inn i planen

– Mange trekk fram behovet for betre basisløyvingar til institutta. Er dette noko du vil gjennomføra? 

– Eg trur nok det. Eg er ikkje uroleg for at ei betre basisløyving skal pressa ut private midlar og oppdragsforsking. Eg trur det er ganske mykje å gå på. Eg trur ein kan finanseira dei betre og behalda dynamikken som me ønsker, nemleg at institutta driv oppdragsforsking. Me ser at Tyskland og andre land i Europa har betre basisfinansiering av instituttsektoren enn det me har, seier Røe Isaksen.

(Foto: Hedvig Idås) 

Blir ikkje like stor vekst

– Du har tidlegare sagt at det blir trongare tider framover, og at ein må gjera tøffare prioriteringar. Korleis skal ein då svara på dei utfordringane som er peika på av OECD?

– Vår ambisjon og det me går til val på som regjering er at forskingsbudsjettet skal auka. Men poenget er at me neppe kjem til å sjå den same veksten i forskingsbudsjettet i det neste tiåret som det me har hatt dei siste åra. Det er det som også pressar fram ein diskusjon om prioriteringar.

– Kva for prioriteringar vil de gjera?

– Det vil eg ikkje svara på no.

– Det blei også peika på at fokuset på at forsking for næringslivet er for stort i langtidsplanen. Gløymer ein grunnforskinga opp i dette?

– Poenget er at forskinga ikkje berre skal svara på dei kortsiktige behova i næringslivet, men også dei lange behova, difor er grunnforsking og nysgjerrigheitsforsking viktig, og frie midlar er avgjerande og må aukast. Me må for all del unngå å velja den eine ella den andre grøfta. Det er ikkje ønskeleg at me berre finansierer anten kortare oppdragsforsking, eller berre grunnforsking, avsluttar Røe Isaksen. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed