Holbergprisen til Onora O'Neill

Publisert:14. mars 2017Oppdatert:14. mars 2017, 18:02
Den britiske filosofen og politikaren Onora O'Neill er vinnaren av årets Holbergpris. Foto: Martin Dijkstra

Den britiske filosofiprofessoren Onora O’Neill (75) er tildelt Holbergprisen 2017.

Onora O'Neill er professor ved University of Cambridge. Ho får prisen for sitt framifrå og innflytelsesrike arbeid innan filosofi, særleg innan politisk og moralsk filosofi. Ho er også politisk aktiv som uavhengig representant i det britiske Overhuset.

Vinnaren blei annonsert på Bibliotek for humaniora ved UiB tysdag morgon. 

Holbergprisen er på 4, 5 millionar kroner, og blir omtala som nobelprisen innan jus, teknologi, humaniora og samfunnsvitskap. Den blir i år delt ut for 14. gong. 

<<Ho har revolusjonert forståinga av Immanuel Kant og påverka generasjonar av forskarar, politikarar og praktikarar på område som menneskerettar, bioetikk og ansvarleggjering av og tillit til det offentlege>> står det i juryen si begrunning for tildelinga. 

Les også: Katrine Vellesen Løken får Nils Klim-prisen

Offentleg fornuft

O’Neill beskriv det sentrale spørsmålet i hennar tidlege Kant-forsking som «korleis fornufta relaterer seg til handling».

– Dette synest framleis å vera elefanten i rommet som altfor ofte vert ignorert eller skyvd ut i margen av filosofisk arbeid innanfor etikk og politisk filosofi, seier ho.

Sentralt i hennar forsking står offentleg fornuft: Korleis kan ein rettferdiggjera standpunkt med begrunningar som kan aksepterast av personar med ulik bakgrunn. O’Neill har knytta dette til mange store samfunnsspørsmål, blant annet når det gjelder tillit, offentleg ansvar og internasjonal rett.

– Djup omtanke for menneskeheita

– O’Neill har ei særleg evne til å behandla moralske problemstillingar med ei psykologisk overtyding og institusjonell legitimitet som gjer ho til ein myndig vegviser i møtet med dei mest intrikate etiske spørsmål» seier Holbergkomitéleder Pratap Bhanu Mehta i ei pressemelding.

– Ikkje berre har ho gitt oss ei ny forståing av Kant, ho har også utøvd filosofifaget på ein måte som imøtekjem vår verd sine komplekse moralske krav, og som viser ein djup omtanke for menneskeheita, seier han vidare. 

Prisutdelinga finn stad i Universitetsaulaen 08. juni. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed