Gjev rektor jobben med å velja administrativ organisering

Publisert:9. mars 2017Oppdatert:10. mars 2017, 15:21
Berit Rokne får oppgåva med å ta den omfattande organiseringa av HVL vidare. Foto: Marthe Njåstad

HVL vedtar ikkje endeleg administrativ organisering no - gjev rektor fullmakt til å ta avgjerda seinare.

Delprosjektgruppa for adminstrativ organisering har lagt fram sin endelege rapport, og føreslår to ulike modellar for korleis ein kan organisera seg administrativt i den nye høgskulen.

Dei er begge hybridmodeller med organisering av administrative tenester både i fellestjenester og i fakultetstjenester.

Det som skil dei to modellane er kor stor del av dei adminstrative tenestene som skal leggast til fakulteta. (sjå faktaboks)

I begge modellane er det føreslått at nokre administrative tenester må vera til stades på alle dei fem studiestadane.

På gårsdagens styremøte konkluderer ein med at ein treng meir tid før ein kan bestemma seg for ein av modellane - og at rektor får fullmakt til å ta endeleg avgjerd i saka seinare. 

Ventar på at leiinga er på plass

– Me tar utgangspunkt i det som ligg som prinsipp for administrativ organisering frå fusjonsavtalen, og frå dei ulike modellane. Me avventar at dekanar, prorektorar og direktørar kjem på plass, før me tar ei endeleg avgjerd på korleis organiseringa skal sjå ut, sa rektor Berit Rokne på møtet, og la til:

– Det viktigaste for meg er at me har stort fokus på at det må vera gode administrative tenester der kor me møter studentane direkte.  

Det som er ulikt i dei to modellane er at administrative tenester knytt til økonomi- og personalområdet også er lagt til fakultetet i den eine modellen. Det gjeld også internasjonalisering – student- og ansatt utveksling og eksternt finansiert etter- og videreutdanning - EVU.

Redd det kan hindra effektiv framdrift

Sjølv om dei fleste i styret meinte at det var vanskeleg å ta ei avgjerd i saka på dette tidspunktet, var røyster i styret var skeptisk til å gje frå seg mynde utan å ha valt ei klarare retning. 

Gunnar Yttri stilte spørsmål ved om styret ikkje burde gjera eit meir tydelege val no 

– Viss me ikkje gjer meir tydelege val i dag, kan ikkje det medføra at det blir mykje forhandlingar framover som kan koma i vegen for effektiv framdrift i prosessen? Me har ulike erfaringar og ulike interesser, og vil ikkje det koma meir og meir fram i prosessen når ikkje styret seier noko meir tydeleg i dag, spurde Yttri under møtet. 

Han var også kritisk til føresetnadane for dekanane som skal tilsettast no. 

– I mal til utlysingane til dekanane gjev me dei fagelg og adminstrativ ansvar. Det er viktig at dei har knytta til seg ein adminstrativ bemanning som er rusta til å ta det ansvaret, slik at dei som skal leia fakultetet veit at dei har utsikt til ein god administrativ stab rundt seg. 

– Har ingen skjult agenda

Ytri spurde om rektor hadde bestemt seg for noko i saka, eller om alt framleis var i spel. 

– Eg trur at eg ikkje har nokon skjult agenda her. Det eg ønsker er å nettopp komma i dialog med dei som skal leia fakulteta, og også i forhold til prorektorane som skal leia nokre av dei studieadministrative og forskingsadministrative systema. Det er ingen avgjerder som er tatt endå, seier Rokne. 

– Me ønsker å køyra dette saman med organisasjonsutviklingsprosjektet, og me må finna ut korleis me skal finna denne forma no når fakulteta framstår mindre homogene, og når det er fire og ikkje tre fakultet må me finna andre løysingar for eit mindre fakultet.

Styret ba om å bli orientert om saka framover, og at dei momenta som kom fram i møtet blei tatt med vidare.

Rapporten og kva som ligg i dei to ulike modellane kan du lesa i styrepapira her.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed