Å forske i skuggen av ein SFF

Publisert:8. mars 2017Oppdatert:8. mars 2017, 10:09
-- Problemet med Center for medieval studies (CMS) var at senteret blei isolert. Det var krevjande for oss som sat igjen, seier Odd Einar Haugen, professor i norrøn filologi ved UiB. Foto: Tor Farstad

Professor Odd Einar Haugen var lite nøgd med det som skjedde då det litle fagmiljøet han tilhøyrde fekk tildelt ein stor SFF.

SFF-en Senter for mellomalderstudier (CMS) starta i 2003, flytta fleire av forskarane ut frå HF, og inn i ein bygning i Villavegen 1a.

På fagfeltet norrøn filologi var det då to fast tilsette på fakultetet. Den eine fekk arbeidsplass ved senteret.

Igjen i HF-bygget sat Odd Einar Haugen, professor i norrøn filologi.

Det var krevjande for oss som sat igjen

Aleine om ansvaret
Då han vart aleine om faget, fekk han eit stort ansvar for undervisning på bachelor- og masternivå. I ti år hadde han hovudansvaret for planlegging og gjennomføring av undervisninga i norrøn filologi.

– Sjølv om universitetet spedde på med postdoktorar dei siste fem åra CMS eksisterte, var det ikkje til å kome forbi at sentrale personar blei trekt ut av verksemda vår, både i norrøn filologi og klassisk filologi, seier Odd Einar Haugen.

Han meiner at organisasjonsforma som CMS valde, var til ulempe for resten av fagmiljøet som sto utanfor senteret.

– Miljøet her på instituttet var rett og slett for lite til at ein kunne gje frå seg fleire sentrale fagfolk for ein så lang periode som ti år, utan gode vikarordningar, seier Odd Einar Haugen.

– Krevjande for oss som sat igjen
Han meiner organisasjonsforma som CMS valde, verken var hensiktsmessig eller berekraftig.

– Det var krevjande for oss som sat igjen. Det var heller ikkje ein modell som gagna utviklinga av studietilbodet. Når ein forskar ikkje underviser på ti år, går dette ut over rekrutteringa av nye studentar, seier Odd Einar Haugen.

Odd Einar Haugen understrekar at konflikten med CMS ikkje var personleg:
– Det var ein objektiv konflikt mellom eit senter som berre skulle arbeide med forsking, og eit institutt som fekk alt ansvaret for undervisninga på bachelor- og masternivå.

Får støtte frå NIFU-rapport
Utfordringar i grenseområda mellom SFF og institutt er også omtala rapporten «Evaulation of added value and financial aspects» (2010) som NIFU STEP gjorde på vegner av Forskingsrådet

Her står det at konflikten mellom SFF og institutt som Odd Einar Haugen skisserer var alt anna enn unik for UiB: «It seems fair to conclude that none of the centres have experienced only positive relations in this respect. All of them have, to very varying degrees, been subject to different tensions», står det i rapporten.

Innan dei humanistiske faga synest interessekonfliktem mellom forskingstid og undervisning å vere mest uttalt, står det i rapporten: «In the more individualistic humanities the «time to do own research» is the most valuable resource and an important currency, and this seems to imply more problems regarding combining teaching duties and extensive research tasks».

Senterleiar Sverre Bagge, hevdar i dette intervjuet med På Høyden at undervisninga ble ivaretatt på ein god måte.

Den kalde skuldra dei kan ha opplevd, treng ikkje vere eit uttrykk for misunning

Blei isolert
Odd Einar Haugen er klar på at det finst mange dyktige mellomalderforskarar i Bergen, både blant dei som var med på CMS, og blant dei som sto utanfor.

– Problemet med CMS var at senteret blei isolert, seier Odd Einar Haugen.

Plasseringa av forskarane bidro til at avstanden til kollegaene på instituttet vart større. 

– Dei tilsette sat i ein avlåst bygning i Villavegen. Få vågar seg inn i eit bygg som er avlåst, i alle fall ikkje unge studentar. Forskarane tapte kontakten med instituttet, og blei på eit vis utfasa frå det lokale fagmiljøet på instituttet.

Han presiserer at dei låste dørene ikkje skuldast forskarane sjølve, men UiB sine tryggleiksrutiner.

Få vågar seg inn i eit bygg som er avlåst

Kalde skuldrer og stor avstand
–Tilsette ved CMS fortel at dei blei møtt med ei kald skulder då senterperioden var over, og dei kom tilbake til instituttet. Var de som sat igjen misunnelege på CMS-forskarane, som hadde god tilgang på forskingstid og økonomiske ressursar?

– Den kalde skuldra dei kan ha opplevd, treng ikkje vere eit uttrykk for misunning. Snarare kan det ha vore eit uttrykk for at ein i ein tiårsperiode hadde hatt ulike arbeidsoppgåver. I senterperioden hadde CMS-forskarane lite å gjere med instituttet, og dei hadde få alliansar med fakultetet. Avstanden mellom senteret og oss som dreiv vår verksemd med undervisning og forsking på instituttet, hadde blitt stor.

Saman om mellomalderinteressa
I november 2015 arrangerte Det humanistiske fakultet ei mellomalderveke. Her vart arkeologar, litteraturvitarar, språkforskarar, kunsthistorikarar og juristar frå både museumssektoren og universitetet samla rundt det dei trass alt har til felles: Ei sterk interesse for korleis menneska og verda utvikla seg i åra mellom år 500 og år 1500.

Mellomalderveka skulle markere starten på ei fornying av forskarmiljøet. Dekan Margareth Hagen var sentral i arbeidet med å skipe Mellomalderveka. Målet hennar var klart formulert: Å samle mellomalderforskarar på tvers av fakultetsgrensene, og dermed ruste miljøet for etableringa av ei mellomalderklynge. Saman med helseklynga og medieklynga, er ei mellomalderklynge vedteke som ein del av strategien til det sittande rektoratet.

HF ventar Professor Odd Einar Haugen spent på ei konkretisering av kva klynga vil bringe med seg. 

– Finst det vilje til å arbeide for ei Mellomalderklynge?

– Ja, det er eg viss på! Det er både velvilje og interesse for samarbeidet, men vi ser fram til å få planen om ei klynge konkretisert: Kven skal leie klynga? Korleis ser ein for seg arbeidet? Når skal det starte? Vi ventar berre på tydelegare signal frå leiinga om korleis dette skal utviklast, seier Odd Einar Haugen.

Han legg til at det finst mykje sterk mellomalderkompetanse i Bergen.

– På AHKR er det gode folk som arbeider med mellomalder, det same er det på LLE og IF, og i dei ulike museumsmiljøa i byen.

Skal ein byggje opp eit sterkt forskingsmiljø, bør det ha ein annan struktur enn den som CMS prøvde ut

Åtvarer mot brakkesjuke
Han ønsker at forskarane kan samarbeide om undervisning og rettleiing.

– Kan vi bygge ein tverrfagleg mastergrad i mellomalderstudier, hadde det vore flott.

– Bør denne klynga skje i form av ei samlokalisering av miljøet, eller bør de sitte kvar for dykk?
– Skal ein byggje opp eit sterkt forskingsmiljø, bør det ha ein annan struktur enn den som CMS prøvde ut. Samlokalisering er for så vidt bra, men prisen er at ein dreg ut folk frå sine lokale miljø. Konsekvensen kan bli brakkesjuke og utarming. Det gir ikkje meining å bygge opp eit nytt, avsondra miljø, seier Odd Einar Haugen.

Artikkelen er ein del av ein serie som ser på ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF). Serien er produsert med støtte frå stiftinga Fritt ord. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed