Følg HVL-styremøtet direkte frå Solstrand

Publisert:9. mars 2017Oppdatert:9. mars 2017, 11:59
Her kan du sjå torsdagens styremøte ved Høgskulen på Vestlandet.

Blir det omkamp om fakultetsinndelinga ved Høgskulen på Vestlandet eller ikkje? Følg debatten på styremøtet her.

Torsdag er det igjen klart for styremøtet ved Høgskulen på Vestlandet.

Ei av sakene som skal opp er fakultetsinndelinga. På førre styremøte vart det bestemt i styret at ein skal ha fire fakultet, og ikkje tre som rektor hadde innstilt på. 

Men dei tillitsvalde meiner at hovudavtalen er broten, fordi det ikkje vart forhandla med dei før styret stemte i saka. No vil dei tillitsvalde at saka skal takast opp på nytt, og at ordninga med fire fakultet skal greiast ut betre. 

Saka kjem truleg opp mot slutten av styremøtet.

Møtet finn stad på Solstrand hotel på Os, og startar klokka 10.30.

Desse sakene skal opp på møtet: 

  • 16/17 Innkalling og saksliste til styremøte 03/2017
  • 17/17 Vedtak om administrativ organisering
  • 18/17 Mandat og rammer for Organisasjonsutviklingsprogrammet
  • 19/17 Utlysing direktørstillingar
  • 20/17 Årsregnskapene 2016 (HiB, HiSF, HSH)
  • 21/17 Årsrapport HVL 2016/17 
  • 22/17 Utviklingsavtale med Kunnskapsdepartement i 2018
  • 23/17 Revidert budsjett 2017
  • 24/17 Internrevisjon ved HVL 2017 samt revisjonsplan  
  • 25/17 Oppfølging av sak om leiing og fagleg organisering 
  • 3/17 Orienteringar til styremøte

Sakspapira kan du lesa her.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed