– Digital kompetanse må inn i alle ledd av undervisninga

Publisert:16. mars 2017Oppdatert:16. mars 2017, 09:57
Kva kompetanse næringslivet har bruk for var eit av punkta Konsernsjef i Lyse, Eimund Nygaard, snakka om under UH-nett Vest seminaret førre veke.

Konserndirektør i Lyse, Eimund Nygaard, meiner teknologiutvikling og digital kompetanse må få meir fokus i høgare utdanning enn det gjer i dag.

– Digitalisering er ein trussel og ei moglegheit. Det er dei regionane og universiteta som klarer å gripa denne utfordringa som kjem til å bli vinnarane, seier Nygaard.

Førre veke var UH-nett Vest samla på Solstrand for sitt årlege seminar. Eit av tema var visjonar og kompetansebehov for Vestlandet.

Nygaard, som også er styremedlem ved Universitetet i Stavanger, var på plass for å snakka om kva behov næringslivet har. Han tok til ordet for at det er større og viktigare ting som skjer enn regionreform.

– I frå eit næringslivsperspektiv er det ikkje mykje spesielt med Vestlandet. Det er som ein kvar plass å driva ei verksemd. Viss politikarane bruker for mykje tid på å snakka om regionreform, og for lite tid på å snakka om digitalisering, så trur eg at ein fort hamnar bakpå.

Færre jobbar

Utviklinga går i den retninga at det er dei raske som spis dei seine, meiner han. 

– Teknologiutviklinga rammar beinhardt for tida. Det blir færre manuelle jobbar, og særleg færre for dei som er ufaglærte. Dei jobbane kjem nesten til å forsvinna. Det er ei utvikling som går fort.

Han stiller spørsmål ved om utdanningssektoren har fått med seg kva som skjer i norsk næringsliv. 

– Digitalisering er ikkje å ta i bruk IT-system, det har vore ein transformasjon frå at IT var eit verktøy, til at IT er ein del av DNA-et i bedrifta. Viss me ser på digital kompetanse, så handlar det om vilje til å endra seg. Me ønsker studentar som evner å utnytta digitale teknologiar til å forbetra og vidareutvikla tenester. Me må i større grad vektlegga vilje og evne til endring.

Les også: Tretti mil vil skilje HVL-kollegaer i Haugesund og Førde

Må tenka framover

Nygaard snakka om korleis ein skal få til å skapa verdiar i ein region som i hovudsak leverer råstoff, men som har få selskap som er gode nedstraums, og som har mange kundar ute. 

– Nyleg børsnoterte Facebook Snapchat. Det er no større enn Telenor og DNB i verdi. Det er ei enorm utvikling på teknologi, og det skjer ei bransjegliding. Bedrifter som har jobba med ein ting glir over i noko anna.

Han la vekt på at ein må tenka framover. 

– Regionar som er opptekne av kor flinke me var før og kor store og sterke me er, står i fare for å døy. Arvesølvsdebattar og snakk om kjerneverksemd har eg slutta med. Det er for farleg å tenka for mykje på historia, me må fokusera framover. Det gjev store moglegheiter for innovasjon.

Lær kidsa koding

Ein må gjerne få digitalisering inn i frå barnehagealder, meiner Nygaard. 

– Eg trur ein må ha grunnleggande kunnskap om dette, ein snakkar i sektoren om danning og grunnlag for å læra meir. Og for å forstå digitalisering, trur eg det er viktig å byrja på barnehagenivå og læra barna koding. Det er ei grunnleggande forandring som må til, det handlar ikkje berre om å bruka eit nytt IT system.

UiB-rektor og styreleiar i UH-nett Vest, Dag Rune Olsen, sa seg einig i at dette er noko av det viktigaste sektoren må sjå på no.

– Eg trur den omstillinga som næringslivet og offentleg sektor står overfor er ekstremt viktig for korleis me riggar våre framtidige utdanningar. Vestlandet er ekstremt rikt på naturressursar, men i liten grad har me drive raffinering av naturressursane våre. Det betyr at me i mindre grad kan ta i bruk kunnskap per se. Det kjem til å endra seg dramatisk dei neste åra. Me må ta i bruk kunnskap som kompetanse på ein heilt annan måte. Eit godt døme er ein del av desse applikasjonane og digitale selskapa som har større børsverdi enn dei som baserer seg på naturressursar. Digitalisering er noko av det som kjem til å vera det mest transformative dei kommande åra, sa Olsen. 

Les også: Informasjons-vitenskap + informatikk burde vært sant

Inn i førebuande fag? 

Olsen seier ein er i gong med å sjå korleis ein kan løysa dette ved UiB.

– Me må i større grad ta i bruk digitale verktøy i undervisninga. Me kjem til å levera alle skuleeksamenar digitalt i nær framtid. Det er eit lite steg på vegen til å ta i bruk digitale ressursar. Så har me sett ned eit digital utval, som skal sjå på kva grunnleggande digital kompetanse våre studentar hjå oss skal ha, uavhengig av utdanning. Studieprogram som har gjennomgåande digital kompetanse er kjempeviktig. Så får me sjå korleis me skal løysa det reint praktisk ved UiB. 

Olsen svarte også på spørsmål frå salen om digital kompetanse burde bli ein del av førebuande fag. 

– Kor vidt digital kompetanse skal inn i førstesemestestudiuma er eg usikker på. Men eg er sikker på at me må, og skal, sørga for at alle - uavhengig av studieprogram - får grunnleggande digital kompetanse, og transformativ kunnskap for samfunnet vårt. Eg er ueinig i at det berre er noko IKT-folk skal sysla med, sa Olsen. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed