Blir ingen omkamp om fakultetsinndelinga

Publisert:9. mars 2017Oppdatert:10. mars 2017, 10:59
Det blir ingen omkamp om dei fire fakulteta ved Høgskulen på Vestlandet. Dei hovudtillitsvalde meiner hovudavtalen vart broten, då det ikkje vart forhandla om saka med dei.

Styret ved Høgskulen på Vestlandet valde i dag å ikkje ta opp att saka om fakultetsinndelinga på nytt.

På førre styremøte vedtok styret å dela Høgskulen på Vestlandet inn i fire fakultet.

Dei hovudtillitsvalde skreiv i etterkant eit brev til rektor Berit Rokne der dei meinte hovudavtalen var broten fordi det ikkje var fohandla med dei om saka.

Dei ba om at saka blei tatt opp på nytt i styret. 

På dagens styremøte blei dei tillitsvalde sitt ønske diskutert, og styret konkluderte med at dei tar saka til vitande, men at det ikkje er grunnlag for å ta fakultetssaka opp på nytt. 

– Gitt det tidspresset me har, og at viss me opnar saka på nytt så vil me enda med same konklusjon, så ber eg om forståing for at me berre noterer oss dette. Det er styret som har fatta vedtaket, og det er ingen nye moment som er bakt inn, som vil tilseia ein annan konklusjon, sa styreleiar Arvid Hallén på møtet. 

– Ripe i lakken for HVL

Styremedlem Sissel Johansson Brenna meinte at ein burde vurdera å ta saka opp på nytt. 

– Eg er litt i tvil om det er tilstrekkeleg at styret tar dette til vitande. Eg ser det rektor seier om at saka har vore diskutert med dei tillitsvalde, og eg tenker at alle me som behandla dette i styret kan ta medansvar for at ingen tenkte på at dette burde blitt forhandla om. Spørsmålet er om eit brot på hovudavtalen er ei so pass alvorleg, og stor ripe i lakken for Høgskulen på Vestlandet, at ein faktisk bør ta på alvor det fagforeiningane ber om, og at saka behandlast på nytt, seier Brenna. 

Det var einigheit i styret om at det var svært uheldig at saka ikkje var forhandla om, men at styret uansett hadde mynde til å ta avgjerda. 

Hovudtillitsvald for Forskarforbundet, Kristin Hinna, kunne ønska styret hadde konkludert annleis på dagens møte.

– At styret tar det til etterretning var ikkje så veldig overraskande. Universitets- og høgskulelova gjev høgskulestyret suverenitet til å ta avgjerder, men det er synd at hovudavtalen ikkje er vareteke. Personleg skulle eg ha ønska at styret hadde tatt saka opp att, for å få meir medverknad frå dei tillitsvalde, noko som er veldig viktig, seier Hinna. 

– Burde vore protokollført

Ho understreker at det ikkje er sjølve talet på fakultet som har vore det viktige i saka for dei tillitsvalde. 

– Me meiner det skulle vore protokollført kva me ønska. Om styret då hadde landa på fire fakultet, så hadde det vore heilt greitt. Eg aksepterer at det blir fire fakultet, sjølv om eg ser at det kan bli utfordringar knytt til det, seier Hinna, som fortel at ho ikkje kjem til å ta nokon omkamp om saka. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed