Vedtok fagleg profil med endringar

Publisert:16. februar 2017Oppdatert:16. februar 2017, 11:31
HVL-rektor Berit Rokne fekk støtte frå styret for den faglege profilen, men ikkje utan endringar.

Høgskulen på Vestlandet har no fått ein fagleg profil. Men saka kjem opp att til hausten, når den nye høgskulen skal leggje strategi.

Den nyleg samanslåtte høgskulen prøver å finne seg sjølv. Det gjer dei mellom anna ved å analysere kva område dei utdannar og forskar på. 

Svaret er samla i dokumentet <<Fagleg plattform, profil og strategi - Drivkraft i Vest>>, som blei lagt fram for godkjenning på styremøtet i dag. 

Fag og utdanningar er sorterte, og delt inn i tre profilområde:

  • Helse, omsorg og velferd
  • Danning, kultur og samfunn
  • Teknologi, berekraft og samfunn

Men eit tidlegare profilområde, som vektla innovasjon og entreprenørskap, er fjerna, noko det blei debatt om i styret i dag.

– Eg kunne ynskt meg at dette med innovasjon og entreprenørskap kjem inn igjen som eit profilområde. Sidan vi ikkje har klart å dra inn samfunnsliv og næring i breiare forstand, trur eg det kan vere bra å signalisere at dette og skal vere eit profilområde i framtida. Dette med arbeidslivs- og profesjonsprofil kunne òg vore noko som gjennomsyrer heile profilen. Det er noko med å halde fast med den store og djerve ideen som denne høgskulen bygger på, sa styremedlem Gunnar Yttri. 

Innspelet frå Yttri fikk samrøystes støtte frå styret, og blei med saka vidare mot ein ferdig strategi, som skal lagast til hausten. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed