— UiB si satsing på utviklingsforsking er for dårleg

Publisert:27. februar 2017Oppdatert:27. februar 2017, 09:37
Globale samfunnsutfordringar er eit av UiB sine satsingsområde. Professor emerita Gro Lie (t.v.) og professor Siri Gloppen føler ikkje at det har vore ei reell satsing på feltet.

Professor emerita ved HEMIL-senteret, Gro Lie og professor Siri Gloppen saknar fokus på tverrfagleg utviklingsforsking hjå rektoratet. – Utvklingsrelatert forsking er blitt for helsetung, meiner Gloppen.

– Rektor sa i sin valkamp før førre periode, at han skulle vera med å styrka den tverrfaglege satsinga og gjera dei strukturelle barrierane mindre for slikt samarbeid. Det synest eg ikkje rektoratet har levert på, seier den tidlegare leiaren for UiB Global, Gro Lie.

I plattforma Dag Rune Olsen gjekk til val på i 2013 var utviklingsrelatert forsking eit av satsingsområda, saman med marin og klima. Men korleis har det gått med valløftet?  

I strategien og i dagens valplattform er dette formulert som globale samfunnsutfordringar. 

Les også: Lanserer MOOC i medisinsk fredsarbeid

– På 80- og 90-talet hadde UiB fleire tverrfaglege forskningsmiljø og undervisningsprogram på dette feltet. Ein kan legga til rette for mastergrader på tvers, og at undervisningsrekneskap tar omsyn til slik undervisning på tvers av institutt og fakultet. Ein må sjå nøye på om publisering på tvers også kan vera meriterande, og at universitetet bidreg til at UiB legg til rette betre for interfakultær forsking, seier Lie.

Dedikerte tilsette

Lie legg til at det er ikkje manglar på initiativ blant dei tilsette.

Eg meiner at det ein har fått til er på tross av rektoratet

– Det er mykje samarbeid på tvers av institutt og fakultet via UiB global. Men eg meiner at det ein har fått til er på tross av rektoratet, fordi ein har hatt dedikerte personar som har stått på, på tross av hindringar. Det har ikkje vore tilstrekkeleg tilrettelagt frå UiB si side, og ikkje i samsvar med dei valløfta som er gitt.

Les også: Prøver å knekka vaksine-kode som kan redda tusenvis av liv

I 2016 blei det bestemt at UiB Global skulle leggast til Det medisinsk-odotologiske fakultet. Før dette låg UiB Global direkte under rektoratet.

 Professor i samanliknande politikk, og leiar for Centre on Law and Social Transformation (eit samarbeid mellom CMI og UiB), Siri Gloppen, synest avgjerda blei tatt alt for fort. 

– Prosessen rundt kor UiB Global skulle ligga kom veldig brått, og det trur eg ein del frå dei samfunnsfaglege miljøa kjenner på. SV ville det skulle hamna her. Det heile skjedde veldig raskt, og det var nok mange som følte at det ikkje var tid til å utvikla eit godt alternativ, seier Gloppen (bildet).

– For helsetungt

Gloppen meiner ein har fått ei for helsetung satsing når også viserektoren for tverrfagleg verksemd, Robert Bjerknes kjem frå medisinmiljøet.

– Både gjennom det som skjedde med UiB global, og at visrektoren kjem får medisin, så verkar det som om ein tenker utviklingsforsking veldig mykje ut frå helse, sjølv om ein seier at det skal vera frå heile universitetet. Sjølvsagt er helse ein viktig del av utviklingsforsking, men det er veldig mykje meir enn det. Og eg opplever at særleg det som skjer på det samfunnsvitskaplege feltet får lite fokus. 

Rektor Dag Rune Olsen meiner prosessen rundt UiB Global har vore god nok.

– Me har valt ein modell etter ein relativt grundig gjennomgang av korleis me skal organisera dei tverrfaglege områda og i utgreiingsgruppene var det fagfolk og leiarar frå alle fakultet. For å sikra at dei ulike fakulteta bidreg har me laga ein styringsmodell kor dekanane sit i ei styringsgruppe, og ein dekan har hovudansvaret for å styra. Det ligg forpliktingar og mogelegheit for å kunne påverke retninga framover for kvart fakultet.

Les også: Sterk forsking, svak organisering

– SV blei veldig tydeleg utfordra på at me ønska dei skulle bidra, og me ba dei komma med forslag kor dei også kunne setta seg i førarsetet, men eg trur me fekk ei god løysing når ein kom fram til eit felles prosjekt for heile UiB, seier Olsen. 

Han fryktar ikkje at satsinga blir for helsetung.

– Dei tre ulike tema som styringsgruppa har vedteke: fattigdom, helse og migrasjon, dekker godt dei store globale samfunnsutfordringane kor UiB her solid kompetanse i fleire fagmiljø. Det er difor vanskeleg å sjå at helse og medisin kjem til å ha ei dominerande rolle som set dei andre i skuggen.

Ønska klyngesatsing

Under strategiprosessen i 2015 sendte Gloppen og femti kollegaar frå ulike instiutt og fakultet inn eit forslag om å oppretta ei «Klynge om styresett og retten som drivkraft for sosial endring» som skulle sjå på samspelet mellom politikk og rett i ei globalisert verd i rask endring. Det fekk ikkje gjennomslag.

– Rettsleggjering er eit av dei mest framtredande trekka ved samfunnsutviklinga både globalt og nasjonalt og med treng betre kunnskap om konsekvensane av ulike rettslege verkemiddel - og av at stadig meir av politikken føregår i rettsapparatet. I strategiprosessen tok me initiativ og sendte inn eit forslag med underskrifter frå fleire vitskapelege tilsette frå ulike fakultet, det var eit veldig breitt forslag. Me høyrde ingenting tilbake, og det vart ingen diskusjon på det. 

Olsen seier dette ikkje fall inn under klyngesatsinga. 

– Forslaget vart behandla i strategigruppa då dei tematiske områda skulle fremjast for universitetsstyret, men ikkje som ei mogeleg klynge då det fall utanfor den definisjonen av klynge som vart vedteke. Me arbeider for tida med å følga opp «Governance».

– UiB Global skal bli tverrfagleg

Leiar ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Guri Rørtveit, seier dei vil gjera sitt for at UiB global blir ei reell tverrfagleg satsing.

Det er ikkje rart at ein har lagt det til eit miljø som har gode resultat

– Dei har lagt den strategiske satsinga til vårt fakultet og institutt etter ei brei utgreiing med representasjon frå mange fagmiljø. Eg oppfattar at det er for å plassera ansvaret og få ting til å skje. Senter for internasjonal helse har enorm aktivitet og solid forsking å visa til. Det er ikkje rart at ein har lagt det til eit miljø som har gode resultat. 

– Forstår du uroa for at det kan bli for helsetungt? 

– I og med at det er lagt til vårt fakultet og institutt, skjønner eg at ein kan vera uroleg for det, men eg kan beroliga med at me er opptekne av at tverrfagleg arbeid skal verta ein realitet. Globale samfunnsutfordringar handlar ikkje berre om helse, og helsekompetanse er ikkje alltid svaret. Me ser breitt på desse problemstillingane.

Vurderer belønning for tverrfagleg utdanning

Rektor Olsen seier dei er klar over at ein ikkje får til nok når det kjem til tverrfaglegheit på utdanninga.

– Me snakka om dette på leiarmøtet nyleg. Me trudde nok at det var økonomiske hindringar som i første rekke gjorde at institutta ikkje var interesserte i å bidra til andre sine program. Men det er ikkje eit problem å senda resultatmidlar i den eine eller andre enden. Det viser seg å ikkje å vera tilfelle at det er ei hindring for tverrfaglegheit. 

– Det er meir kulturen, og den har me ikkje greidd å tatt tak i. Me må prøva å laga arenaar kor ein kan utvikla tverrfagelge studieprogam i større grad, og me må finna ein anna måte å arbeida fram dette på. I tråd med dette kjem vi til å ta dette opp til brei diskusjon i Utdanningsutvalet denne våren, men kanskje må me også tenka på økonomiske insentiv for å få dette til. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed