Student politimeld for å ha selt «puggedopet» ritalin på kampus

Publisert:10. februar 2017Oppdatert:10. februar 2017, 08:40
ADHD-medisinen ritalin kan bli brukt som «akademisk dop» for å betra konsentrasjonen. Foto: Wikimedia

Studenten skal ha distribuert det prestasjonsfremmande legemiddelet ritalin på Realfagsbygget over noko tid.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Det var i oktober at ein student melde frå til Studentombudet ved UiB om at ein medstudent selde eller tilbaud legemiddelet ritalin til studentar på Realfagsbygget.

Det hadde føregått over noko tid, og han hadde sjølv takka nei til ein «smaksprøve» frå vedkomande. 

Ritalin er ein reseptbelagt ADHD-medisin, som har amfetamin-liknande verknad, og som kan vera prestasjonsfremmande og auka konsentrasjonen.

I november valde universitetsleiinga å politimelda saka.  

– Når me vel å politimelda er det fordi me oppfattar at grovheita er så pass stor, det er veldig sjeldan at me gjer det, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Kjenner ikkje til omfanget

– Politiet kan bekrefta at det er kome ei melding frå Universitetet i Bergen på person som skal ha selt ritalin på universitetsområde. Saka er lagt vekk hjå politiet på bevisets stilling, seier politiførstebetjent i Vest politidistrikt Pål Roaldsen.

Han fortel at politiet ikkje kjenner til omfanget av ritalinbruk i studentmiljøet, men er kjent med problematikken. Dei ønsker å understreka at både overdraging og ulovleg bruk av reseptbelagde medisinar er straffbart.

Studenten som er politimeld har fått skriftlege åtvaring frå Universitetet.

– Vedkommande har fått ei skrifteleg åtvaring, det betyr at viss personen oppfører seg bra blir det ikkje gjort noko meir med saka. Det er første skritt i ein prosess. Prinsipielt, så kan ein utestenga studentar, og det har vore gjort i eit fåtal saker, gjerne for avgrensa tid. Så langt er ikkje det aktuelt her, seier Bernstrøm.

– Ikkje veldig utbreitt

– Generelt har universitetet og fakultetet ein politikk om at me ikkje ønsker straffbar aktivitet på kampus. Når me blir klar over slik aktivitet følger me rutiner. Eg har ikkje inntrykk av at bruk av slike rusmiddel er veldig utbreitt, men me vil absolutt fråråda studentane våre å bruka dette, seier fakultetsdirektør ved Mat.Nat. Elisabeth Müller Lysebo (bildet).

 I 2014 oppgav 4,2 prosent av studentane i den landsomfattande Helse og trivselsundersøkinga – også kalt ShoT-undersøkinga – på norske universitet og høgskular at dei hadde brukt legemiddel for å auka sin akademiske prestasjon.

Ei undersøking nyleg gjennomført av Norstat på vegner av NRK viser at fire av 100 studentar har prøvd prestasjonsfremmande dop.

På UiB har ein ikkje gjort andre kartleggingar av problemet utover ShoT-undersøkinga, fortel Bernstrøm. 

– Utfordrande å ha oversikt

– Kva gjer de for å førebygga at slike ting skjer? 

– Ein har heile tida eit ansvar for læringsmiljøet i organisasjonen, og å unngå at bruk av rusmiddel blir skadeleg for tilsette, studentar og studiestaden. Haldningsskapande aktivitetar er viktige ting, og det skjer i samarbeid med Studentsamskipnaden. Dei forvaltar det ansvaret på våre vegner. Me har også helsetenester for studentar, seier Bernstrøm.

– Er det sikre på at de har fått bukt med problemet på Mat.Nat.?

– Me har ikkje indikasjon på noko anna. Med 16 – 17 000 studentar så er det utfordrande å ha oversikt, difor har ein studentsamskipnaden som jobbar med velferd.  Me har også tilrettelagt med legekontor som har studentar som spesialområde. 

– Bør vera meir aktive

Det var Studentombud Sylvi Leirvaag som tok i mot varselet frå studenten.

– I dette tilfellet var det ein student som kontakta meg, og me avtala eit møte om saka. I ein slik samtale vurderer eg kva type sak dette er. I denne saka ba eg om møte med rektor og oppfølgingsmøtet med fakultet.

Studentombodet ein av fleire moglege kanalar for å koma med eit slikt varsel. 

— Når studenten vel å henvenda seg til studentombodet så gjer dei gjerne det fordi dei har frykta konsekvensen av å seia i frå. Dei er opptekne av at det skal vera konfidensielt, og at det ikkje får konsekvensar for dei viss det blir kjent kven som har sagt i frå, seier Leirvaag (bildet). 

Ho meiner ein bør vera meir aktiv i å avdekka bruk av rusmiddel.

– Kva gjer me med dette? Korleis kan me finna ut om det skjer slike ting på kampus?  Me bør vera meir frampå med å kartlegga, og ikkje tenka at viss ein ikkje høyrer om det, så skjer det ikkje.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed