Strålande fornøgde med mini-fakultet

Publisert:21. februar 2017Oppdatert:21. februar 2017, 09:59
Professor Oddbjørn Bukve hadde heile tida håp om at det skulle bli fire fakultet ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Ida Bergstrøm

– Det var veldig positivt, for dette har vi jobba med som eit hovudkrav sidan i fjor vår, seier Oddbjørn Bukve.

Han er professor i organisasjon og leiing i Sogndal, og ein del av miljøet som har gått sterkast inn for at den nye høgskulen bør ha eit fjerde fakultet – eller silo, som andre vil meine at det er. I førre veke enda diskusjonen med at det blei fire fakultet, i strid med ønsket frå rektor og leiinga ved skulen.

Nautikk, øk.-adm. og samfunnsfag

Diskusjonen om tre eller fire fakultet har vore ein av dei vanskelegaste for Høgskulen på Vestlandet sidan ideen kom opp. Økonomi- og administrasjonsfaga i Sogndal, Bergen og Haugesund er tenkt inn i det same fakultetet. Det same gjeld nautikk-faga i Haugesund, og mellom anna samfunnsfag i Sogndal.

Men det blir likevel eit lite fakultet, som kan få kring 100 tilsette. Det kan òg komme fleire fag med etter kvart.

Innovasjon blir eit viktig fokus for det nye fakultetet, trur Bukve.

– Å jobbe med innovasjon inneber fleire ting. Det må forskast på innovasjon, og kva det inneber i både offentleg og privat sektor, seier Bukve, som vil bygge opp ei doktorgradsutdanning i innovasjon på det nye fakultetet.

For Sogndal er det i alle fall berre éin ting å seie: Folk var strålande fornøgde

Håper på fleire folk

Høgskulen på Vestlandet går inn for at innovasjon skal vere eit av satsingsområda for heile høgskulen, ikkje berre det fjerde fakultetet.

– Vi må forbinde doktorgrader med meir praktisk retta utviklingsarbeid, og involvere velferds-, helse og teknologifag. Innovasjon må uansett gå på tvers av fleire fakultet, seier Bukve til På Høyden.

At det blir få tilsette på fakultetet, er han ikkje uroleg over.

– Det blir 100 tilsette i dag, men det er ikkje sikkert at det er 100 tilsette om nokre år. Og på NTNU er det nokre institutt som er større enn dei minste fakulteta, seier Bukve.

Hadde håp

Prosessen med innføringa av det fjerde fakultetet minner om at Høgskulen på Vestlandet er slått saman for mindre enn to månader sia. Meiningane til styret er ikkje alltid så lette å spå på førehand, og det kan vere utfordrande både for rektor og styreleiar Arvid Hallén. Sju av dei elleve styremedlemmane gikk imot innstillinga til rektor i saka, og valde fire fakultet i staden for tre.

Då rektor Berit Rokne blei vald, var styret òg delt så nær midten som muleg.

– Mitt inntrykk frå dei tidlegare styremøta er at styret har valt kloke strategiar, så eg var ikkje utan håp. For Sogndal er det i alle fall berre éin ting å seie: Folk var strålande fornøgde, seier Bukve til På Høyden.  

– Skal få det til

I styremøtet ønska rektor Rokne å få ei avklaring om talet på fakultet, sjølv om ho visste at styret truleg ville gå for fire. No er ho innstilt på å det til med strukturen ho i utgangspunktet gikk imot.

– Mi oppgåve som rektor er å iverksetje styret sitt vedtak om at HVL skal ha fire fakultet. Det skal vi få til på ein god måte, seier Rokne i ein kommentar til På Høyden.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed