Redda av regjeringa

Publisert:13. februar 2017Oppdatert:6. mars 2017, 14:32
– Hadde vi ikkje fått midlar over statsbudsjettet, hadde vi heldt fram i mindre skala, seier Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret. Foto: Ingvild Festervoll Melien

SFF-perioden til Bjerknessenteret tok slutt, kunne dette betydd kroken på døra for klimaforskingssamarbeidet. I staden kom løyvinga.

Bjerknes-forskarane har klart det som berre Moser-miljøet ved NTNU har oppnådd: Å få midlar over statsbudsjettet for å halde fram arbeidet som blei starta i Senteret for framifrå forsking (SFF).  

Pengane frå statsbudsjettet har sikra samarbeidet som blei etablert i 2002, og som har sett Bergen og Norge på klimakartet internasjonalt.

Eit prestisjefylt oppdrag førte til Nobels fredspris
Historia til Bjerknessenteret for klimaforsking starta i 2002. Senteret var blant den første generasjonen av Senter for framifrå forsking (SFF).

Med Eystein Jansen i leiinga arbeidde forskarane i medvind. Dei publiserte og formidla både i Nature og på NRK, rekrutterte gode folk og henta inn rause mengder eksternfinansiering i åra som kom. Den integrerte klimamodellen forskarane utvikla ved senteret fekk stor merksemd.

– Det ville vore ein tabbe å ikkje støtte opp om klimaforskingsmiljøet

Og dei gjennomførte eit svært prestisjefylt oppdrag.

– Bjerknessenteret har levert vesentlege bidrag til FNs klimapanel. Det er ikkje sjølvsagt for eit forskingsmiljø i eit lite land, seier SV-leder Audun Lysbakken til På Høyden. Lysbakken representerer Hordaland på Stortinget, og var sentral i arbeidet med å få Bjerknessenteret inn på statsbudsjettet.

Les også: Han gjorde Bergen til hovudstad for klimaforsking

Arbeidet med FNs klimapanel IPCC gjorde Bjerknesforskarane frå Bergen kjende i verda.
Arbeidet med FNs klimarapport førte til at Bergensmiljøet fekk ein liten del av Nobels fredspris, som i 2007 vart delt mellom Al Gore og FNs klimapanel (IPCC). Forskar Eystein Jansen ved Bjerknessenteret var ein av hovudforfattarane av det som vert omtalt som «ein av verdas viktigaste klimarapportar».

SV-leiar Audun Lysbakken meiner resultata til Bjerknessenteret er oppsiktsvekkande. Foto: Marius Nyheim Kristoffersen

Pengestans = senterstans
Trass i ressursane som blei brukt på senteret og det gode arbeidet som blei lagt ned, var det slett ikkje sikkert at samarbeidet kring Bjerknessenteret kunne halde fram etter at senterperioden var over i 2012.

Ein SFF varer i ti år. I denne tiårsperioden er forskarane sikra ei stabil og god finansiering. Etter at senterperioden er over, er det ingen som lenger har eit ansvar for å drive senteret vidare.

Som SFF fekk Bjerknessenteret 17 millionar kroner årleg frå Forskingsrådet. UiB var vertsinstitusjon, og løyvde ein stor sum årleg: Årsrapporten frå 2011 viser at UiB stilte med 21 millionar kroner dette året. Bjerknessenteret sitt samla årlege totalbudsjettet var i 2011 på over 71 millionar kroner.

Då senterperioden var omme, ville dei kontraktfesta løyvingane frå Forskingsrådet, UiB, NERSC og Havforskingsinstituttet forsvinne. Det ville fått store konsekvensar for verksemda ved senteret.

I staden kom løyvinga.

Sikra av statsbudsjettet
«Det er ikke bare viktig for kompetansemiljøene i Bergen, men for hele nasjonen og internasjonalt», sa dåverande forskingsminister Tora Aasland (SV) då ho kom på besøk til Bergen i valåret 2009. Med seg hadde ho gladnyheita om at den raudgrøne regjeringa ville ha forskingsmiljøet i Bergen inn på statsbudsjettet. Dei ville få ei årleg løyving på 20 millionar kroner.

Dette var pengar som sikra framhaldet ved senteret.

– Vi hadde eit regjeringsparti som valte å ta eigarskap til arbeidet vi gjorde. Dei som var i regjeringa då, ga uttrykk for at det var viktig for AS Norge at vi hadde eit oppegåande klimaforskingsmiljø, seier Tore Furevik til På Høyden.

Professoren i oseanografi har hatt leiarstillingar ved Bjerknessenteret sidan 2004. Først som gruppeleiar og nestleiar, og frå januar 2014 som leiar for heile Bjerknessenteret då han tok over direktørjobben etter Jansen.

Under namnet Senter for klimadynamikk (SKD) har Bjerknessenteret fått midlar til å halde fram. SKD har sidan starten vore leia av Furevik.

–  I forhandlingar om statsbudsjettet må ein alltid prioritere mellom ulike gode formål. Det er oppsiktsvekkande kva Bjerknessenteret har fått til, seier stortingsrepresentant Audun Lysbakken.

Han seier det slett ikkje går automatikk i å få på plass løyvingar som dette.

– Ein tabbe å ikkje støtte opp om klimaforskingsmiljøa
– Norge har verdsleiande forskingsmiljø på klima, og det ville vore ein tabbe å ikkje støtte opp om desse miljøa. Samstundes kan eg seie at det ikkje var vanskeleg å få med forskingsminister Tora Aasland på satsinga, sidan vi begge var imponerte over kva forsking Bergensmiljøet leverte, seier Audun Lysbakken til På Høyden.

For den tidlegare leiinga ved Bjerknessenteret kom ikkje løyvinga heilt overraskande på. Den var eit resultat av strategisk arbeid over lang tid.

I perioden fram til 2009 hadde særleg Jansen og Helge Drange, forskingsleiar ved Bjerknessenteret, drive aktiv lobbyverksemd mot Kunnskapsdepartementet og regjeringspartia sin Hordalandsbenk. Dei ville overtyde politikarane om at forskingsmiljøet i Bergen var verdt å finansiere vidare.

Dei lukkast. Tre år seinare blei summen auka til 25 millionar kroner. No er Bjerknessenteret sikra finansiering til år 2021.

Ville verdsette å verdsette gode forskarar
Lysbakken grunngjev løyvinga med at det var viktig å ta vare på eit forskingsmiljø som var verdsleiande.

– Stabile løysingar har gjort det mogleg med langsiktige prosjekt, samt har ført til at forskarane kunne vidareutvikle faglege fellesskap. Som politikarar er det viktig at vi verdset dei områda der vi allereie presterer, og ikkje berre higar etter nye prestisjeprosjekt.

– Vi har brukt ressursar på formidling og rekruttering. Samtidig har vi vore excellente i den faglege verksemda vår. Slik forklarer direktør Tore Furevik suksessen.

– Hvis finansieringa fell vekk, kan samarbeidet rakne
Furevik fortel at forskarane ved senteret i aukande grad vinn fram i konkurranse om midlar frå EU gjennom ERC og Horizont 2020-programma. 

Han legg ikkje skjul på at den årlege løyvinga kjem godt med.

– Kva ville de gjort, dersom de ikkje fekk finansiering over Statsbudsjettet?

– Hadde vi ikkje fått midlar, hadde vi nok halde fram likevel. Men då i ein mindre skala, seier Furevik.

At Bjerknessenteret kjem til å vere ein tung aktør dei komande åra, er direktøren rimeleg trygg på.

Men at senteret skal halde fram som dei gjer i dag, er ikkje gitt. Organisasjonsforma er ikkje skriven i stein.

– Dersom den felles finansieringa fell vekk, kan samarbeidet rakne, seier Furevik.

Og legg til:

– Det same kan skje dersom partane ikkje lenger ønskjer å profilere klimaforskinga si under Bjerknessenteret. 

Bergen, ein motor i det grøne skiftet
– Kva rolle ventar du at Bjerknessenteret skal ta. når det gjeld etablering av kunnskapsgrunnlaget for klimatilpassing og omstilling? 
– Klimapolitikken er eit av dei beste døma på eit politikkområde som ikkje hadde eksistert utan at forskarar hadde kome fram med kunnskapen om samanhengen mellom utslepp og klimaendringar. Verda ville uansett kjent klimaendringane på kroppen, men utan forskarane ville vi ikkje skjøna kva som er årsaken til at klimaet endra seg, seier Lysbakken.

Bergensaren har heile tida hatt trua på klimaforskarane i heimbyen:

– Eg har meint at klimaforskningsmiljøet i Bergen kunne bli ein inspirasjon til å gjere Bergen til ein motor i det grøne skiftet i Norge. Og dette er ein visjon eg framleis har tru på.

– Korleis har vilkåra for Bergens klimaforskarar vore under Solberg-regjeringa, slik du ser det?

– Det er nok tverrpolitisk semje om at klimaforskarane i Bergen gjer godt arbeid. Men samstundes kunne eg hadde ønskt meg høgare ambisjonar frå regjeringa.

For å løyse klimaproblemet treng vi både kunnskapen frå naturvitarane, teknologane og samfunnsvitarane

Tverrfagleg tilnærming til klimaendringar
Lysbakken ønsker at fleire disiplinar kan bidra med å forske på dei komplekse problemstillingane som klimaendringane fører med seg.

– Eg ville gjerne sett ei satsing som både forska på klimaendringane, klimatiltaka og klimapolitikken. For å løyse klimaproblemet treng vi både kunnskapen frå naturvitarane, teknologane og samfunnsvitarane.

– Med klimaforliket frå 2008 kom ein ambisjon om at det offentlege sitt bidrag til ny fornybar energi frå og med 2010 skulle være på minst same nivå som bidraget til petroleumsforskninga. Bør denne målsettinga gjerast meir ambisiøs i tråd med den varsla, grøne omstillinga?

– Vedtaket medførte to ting: Vi trappa opp forskinga til fornybar energi så det monna, men vi kutta også ned løyvingane til petroleumsforsking noko. Under den nye regjeringa har vi så opplevd at løyvingane til petroleumsforskinga på nytt aukar, mot SV si stemme. Eit grønt skifte handlar nettopp om å skifte retning bort frå den fossile energien og over på klimaløysingane. Så ja - vi treng nye ambisjonar, og meir ambisiøse enn dei frå 2010.

Artikkelen er ein del av ein serie som ser på ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF). Serien er produsert med støtte frå stiftinga Fritt ord. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed