Kampen om framifrå forskingsmillionar

Publisert:6. februar 2017Oppdatert:6. februar 2017, 09:18
Professor Jeroen P. Van der Sluijs blir forklart korleis intervjuet med den vitskapelege komiteen kjem til å føregå. Raudt kort betyr at dei tilmålte fem minutta av presentasjonen hans er over.

Professor Jeroen P. Van der Sluijs er ein av 34 finalistar som hadde sitt avgjerande SFF-intervju i Oslo nyleg. Å få status som Senter for framifrå forsking er ein pris som heng høgt.

–Eg er energisk og spent, og litt nervøs, er det første Jeroen P. Van der Sluijs seier når På Høyden møter han i hotellobbyen på Thon Hotel Opera i Oslo.

Her skal finaleintervjuet for dei 34 som kjempar om å få bli tildelt status som Senter for framifrå forsking (SFF) føregå.  

UiB-professoren frå Nederland er ein av dei, og klar for å møta dei ni komitémedlemmane som skal avgjera SFF-draumen til han og dei andre i forskingsgruppa hans. 

Han har vore med på liknande intervjurundar i Nederland – men med mindre pengar i potten.

Vitskapen er under stort press. 

– Eg er betre førebudd no, og forstår betre korleis det verkar. Ikkje alle komitémedlemmane har lest søknaden i detalj, så eg må forklara ting på ein enkel måte.

Misbruk av fakta

Intervjuet startar med eit fem minuttar langt innlegg frå søkaren, som går over i ein spørsmålsrunde - til saman skal det ikkje ta meir enn 20 minutt.

Prosjektet Van der Sluijs søker med har namnet «Centre of Responsible Evidence Appraisal». Dei ønsker å finna ut korleis vitskapelege fakta blir brukt til å understøtta offentlege avgjerder.

Fakta kan tydeleg bli avvist av politikarar

 Med Donald Trump sin bruk av «alternative facts», er emnet heitare enn noko sinne.

– Fakta har alltid vore eit problem. Fakta kan tydeleg bli avvist av politikarar, og trenden har vore der lenge før Trump kom inn i bildet - men folk blir redde av å sjå korleis han fornektar fakta. Vitskapsfolk over heile verda seier at ein no må stå opp for vitskapen. Sånn sett er timinga bra.

Van der Sluijs viser fram «juksearket» sitt, kor han har skrive ned alt han skal seia, og han har sjølvsagt tatt tida for å sjå at det tar under fem minutt.

Dette gjeld særleg saker kor ein skal gi råd til myndigheitene innan samfunnsutfordringar som det er knytt risiko og usikkerheit til, fortel han. Det kan vera klimasaker, pandemiar, mattryggleik og nye teknologiar. 

– Vitskapen er under stort press. Målet er å forstå det som skjer i feltet mellom forsking og politiske avgjerder og å betra det. Slik at ein kan bruka forsking meir ansvarleg, og unngå at dei som tar avgjerder berre plukkar forsking som passar politikken deira. Det verserer ofte ei forståing av forskinga som forskarane ikkje sjølv er med på. Det er mange eksempel på dette i Noreg, kor det har vore eksplisitt press på forskingsinstitutt.

Klokka tikkar mot intervjutid for nederlendaren. – Kva er strategien?

– Å gjera dei merksame på kor viktig emnet er. Målet er å få ut hovudbodskapen om kvifor me treng eit senter som dette, og kvifor det er verdt pengane.

Søknadane er allereie vurdert av eit ekspertpanel, som har gitt karakter på dei ulike sentera - og den vil Van der Sluijs helst halda for seg sjølv. Siste ledd i søknadsprosessen er intervjuet av senterleiaren. Kven som sit i den internasjonale vitskapelege komiteen er hemmeleg fram til offentleggjeringa av kven som får SFF-status.

Det er store summar involvert, og kvart senter får mellom 10 og 18 millionar årleg frå NFR. Det er berre 20 prosent av det samla budsjettet. Resten hentar dei inn frå ekstern finansiering og vertsinstitusjonen. 

Vil endra skjebnar

I ein annan del av hotellobbyen sit to andre UiB-arar som er med i finaleinnspurten. 

Professor ved klinisk institutt 1, Laurence Bindoff (bildet), og professor ved Institutt for biomedisin, Aurora Martinez, søker med forskargruppa NeuroAge, kor målet er å koma nærare ei løysing på aldersrelaterte sjukdommar i hjernen som Parkinson- og Alzheimers.

– Det er utan tvil den viktigaste og mest presserande sjukdomsgruppa som me må jobba med i det 21. hundreåret, og problemet blir berre aukande, fordi me som samfunn blir eldre og eldre, seier Bindoff som er senterleiar. 

Senteret er eit samarbeidsprosjekt mellom UiB og Haukeland universitetssjukehus.

– Me har samla eit team som har alt frå basalforskarar til klinikarar i eit forsøk på å dekka behovet. Ein kan ikkje dekka alt, det er alt for stort spenn til det, men planen er å ta sjukdomsgrupper som er viktige, som til dømes Alzheimers og Parkinson. Folk flest vil kjenna til dei sjukdommane, som blir hyppigare og hyppigare med aukande alder, seier Bindoff, og legg til:

– Viss du ser på dei som får sjukdommane, så har dei ein trist skjebne, det er ingen behandling, berre symptombehandling for Parkinson som gjev nokre ekstra år. Det me ønsker er å gjera noko innan feltet som endrar skjebnen til pasienten.

.

– Han har fagleg pondus

Bindoff skal vera senterleiar den første perioden, før Martinez (bildet) tar over etter fem år då han går av med pensjon. 

Han har fagleg pondus

Senteret skal bestå av sju forskingsgrupper, med kvar sin leiar.

– Det er ganske mykje arbeid som må til for å skriva ein slik søknad. Å kopla sju grupper saman, og å få det til å fungera, både praktisk og konseptuelt er krevjande, seier Bindoff.

– Ja, kva krev det av ein leiar for å få dette til?

– Det som må til er at ein er dum nok til stilla som leiar, seier han og ler. 

– Han har fagleg pondus, kontrar Martinez raskt.

– Ein må ha fagleg legitimitet blant alle partnarane, noko Laurence har. Og ein må ha mykje erfaring med å organisera store prosjekt, og gode publikasjonar å visa til, seier ho.

– Bremser opp på avgjerande tidspunkt

Om senteret får støtte, blir biomedisinaren Martinez ei av svært få kvinner som etter kvart tar plass i sjefsstolen. Så langt har berre fire av sentera vore leia av kvinner. 

– Me bremser gjerne opp på eit avgjerande tidspunkt i karrieren grunna familie. Me har permisjonsordningar, men for forskinga er det lenge  å vera vekke. Det er ikkje eit norsk fenomen, nokon land opplever det meir enn andre. I USA bestemmer kvinner seg for å ikkje ha barn, eg kjenner fleire som har tatt det valet. Det er ei tøff avgjerd, seier Martinez.

For ho er det viktigaste at fokuset ligg på at ho er kvalifisert til jobben ho gjer.

– Eg er ei kvinne som er kompetent for denne jobben, men det er ikkje eit kompromiss på kvalitet og kapasitet å leia senteret fordi eg er kvinne, eg vil ikkje at det går den vegen.

Ting må forklarast enkelt, om me skal få poenget fram

– Må vera budd på at det ikkje går

Også for dei er det om å gjera og ikkje bli for avanserte i sjølve intervjuet.

– Ting må forklarast enkelt, om me skal få poenget fram. Men viss me får konkrete spørsmål relatert til forskinga vår, må me auka det vitskapelege nivået.

– Kva gjer de viss det ikkje blir SFF?

– Me må vera godt førebudd på at det ikkje går, og me kjem til å halda fram med å forska, men med eit heilt anna tempo. Me må senka ambisjonsnivået litt, men ein kan få gjort mykje, også med mindre finansiering, seier Martinez.

– Gjekk superbra

I mellomtida har Van der Sluijs funne vegen til intervjulokala og den hemmeleg komiteen. Me får ikkje vera med inn, og heller ikkje stå ute og venta. Etter 20 minutt kjem han tilbake til hotellet, framleis like entusiastisk.

Eg er stolt å få vera del av dette,

– Det gjekk superbra, og eg fekk gode og kritiske spørsmål, mellom anna om kjønnsbalansen. Dei ønska å klargjera ting, og me fekk mellom anna spørsmål om korleis me skal klara å integrera så mange ulike disiplinar i senteret.

Han trur han har klart å svara godt for seg. 

– Eg har ein positiv følelse, men eg er optimistisk av natur. Eg er stolt å få vera del av dette, sjølv om me ikkje får pengar set me oss sjølv på det internasjonale kartet, seier Van der Sluijs.

«High risk, high gain»

Sjølv om han er ferdig med denne søknadsprosessen ligg ikkje professoren på latsida.

No ventar søknadsskriving til Horisont 2020 - og skrivinga byrjar på flytoget.  

– Men heilt til slutt. Vil du anbefala andre å søka SFF?

– Berre viss du er ambisiøs nok, og gal nok, ler han, og legg til:  Du må vera førebudd på å gå gjennom «high risk, high gain». Viss du ikkje liker det, bør du ikkje gå inn i dette, ein må ha stålnerver for å klara det.

Kva for ni senter som får SFF-status blir etter planen offentleggjort 15. mars. 

 

Artikkelen er ein del av ein serie som ser på ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF). Serien er produsert med støtte frå stiftinga Fritt ord. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed