Har vedtatt byggestart av helsecampus

Publisert:23. februar 2017Oppdatert:24. februar 2017, 11:00
Det gamle odontologibygget skal rivast, og del éin av Helsecampus Årstadvollen skal byggast på tomta.

Realisering av byggetrinn éin av Helsecampus Årstadvollen er vedtatt av Universitetsstyret.

– Me har hatt fleire rundar med Kunnskapsdepartementet om modellen, det har munna ut i at me har fått dei godkjenningane me treng for å gå i gong med prosjektet, seier Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

På Universitetsstyremøtet torsdag gjekk eit samstemt styre inn for å gå i gong med byggeprosessen av Helsecampus Årstadvollen. Det gamle odontologibygget skal rivast, og del éin av helsecampusen skal byggast på tomta. Bygget skal stå ferdig i løpet av fjerde kvartal 2019. 

Det nye bygget skal delast i to seksjonar, kor Universitetet i Bergen eig 35 prosent av bygget og Nygårdshøyden Eiendom AS 65 prosent av bygget.

– Ei gladsak
Christiesgate 13 vil bli selt, og skal vera med på å finansiera nybygget.

– Gjennom å selja Vektergården vil kostnadane bli ganske moderate. Samla sett er dette ei gladsak, som vil gje oss mykje plass med minimal effekt på universitetet sin økonomi, seier Bernstrøm.

Bygget i Årstadvollen 17 vil bli på om lag 11 000 kvadratmeter, og ha ei kostnadsramme på totalt 462 millionar kroner. 

Går for konsept B

Styret har valt å gå for konsept B, som mellom anna vart teikna etter at Det psykologiske fakultet meinte det var for dårleg plass til å driva klinikkverksemd i det første forslaget.

Her har ein fire fløyer mot Årstadveien, mot tre i det første utkastet.

I notatet frå den sentrale brukargruppa står det at konsept B er forslaget som alle dei involverte brukarane av bygget meiner er den beste løysinga.

Les meir: Har tegnet alternativt bygg i helseklyngen

 

 

Psykologi tar avgjerd i mars

Ved Institutt for klinisk psykologi har det vore skepsis til helseklynga, særleg fordi dei vil mista nærleik til Institutt for samfunnspsykologi, som er ein viktig samarbeidspartnar for dei. 

Les meir: Psykologiskepsis til helseklynge

Sjølv om det i saka er lagt til rette for at Det psykologiske fakultet skal delta i prosjektet, er det rom for å endra samansettinga. Det psykologiske fakultet har sagt at dei treng lenger tid på å avklara behova sine opp mot det konseptet som er valt.

Dei vil difor gå i dialog med fagmiljøa og studentane, og ta ei endelege avgjerd om i kor stor grad dei skal delta i Helsecampusen på fakultetssyremøtet 15. mars, står det i styresaka.

Stor interesse

– Campusplanen er ikkje ferdigutvikla, men UiB vil bruka mellom 15 og 20 prosent av bygget. Det er stor entusiasme rundt heile realiseringa, og mange interessentar. Det er ingen risiko om ein vil endra samansettinga i bygget, seier viserektor for tverrfagleg verksemd Robert Bjerknes.

Særleg Bergen kommune har sagt at dei ønsker å utvida sine areal i bygget, men også Helse Bergen har signalisert at dei ønsker å engasjera seg meir i helseklynga enn dei tidlegare har gitt uttrykk for. 

Utbygginga av helsecampusen er planlagt i tre trinn. 

1. Riva gammalt odontologibygg i Årstadveien 17 og bygga nytt (ca. 11.000 BRA).

2. Rehabilitera Årstadveien 19, (4.500 BRA)

3. Bygga nybygg på parkeringsplass ved Årstadveien 19 (10.000 BRA)

Rehabilitering av Årstadvegen 19 vart vedteke i fjor, og arbeidet der er no i gong. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed