Han er ein av 20 som kan bli «framifrå undervisar»

Publisert:2. februar 2017Oppdatert:2. februar 2017, 09:55
Professor ved Institutt for biologi, Øyvind Fiksen, har søkt om å få status som framifrå undervisar. Foto: Eivind Senneset

20 personar ønsker å bli vurdert for den nye premieringsordninga for god undervisning ved UiB. – Undervisning er eit handtverk som ein kan læra seg, seier ein av søkarane, professor Øyvind Fiksen.

I juni lyste UiB som første utdanningsinstitusjon i Noreg ut moglegheita for å søka på status som framifrå undervisar. 

Merriteringsordninga er ei prøveordning for tilsette på Mat.Nat.-fakultetet. Tysdag gjekk fristen ut, og 20 UiB-tilsette ønsker å få undervisningskompetansen sin vurdert for den nye graden.

Les også: UiB gjev ekstra løn til flinke undervisarar

– Me har hatt ein del seminar og workshops i forkant av søknadsfristen, men dette var i overkant over kor mange me hadde forventa skulle søka. Ein del har vore kjent for oss at kom til å søka, men ein del kom også overraskande, seier prodekan for utdanning ved Mat.-Nat. Harald Walderhaug.

Søkarar frå fleire miljø

35 prosent av søkarane er kvinner, noko prodekanen er godt fornøgd med.

– I og med at talet på kvinner i faste vitskapelege stillingar ved fakultetet ligg på 19 prosent, er kvinnene slik sett overrepresentert. Det synest me sjølvsagt er svært gledeleg. Me er også veldig fornøgd med at me har fått søkarar frå dei fleste miljøa ved fakultetet, seier Walderhaug.

Meritteringa vert tildelt personer som systematisk og over tid har videreutvikla sin undervisnings-kompetanse til eit høgt nivå, ifølge UiB. Dei vert også del av eit pedagogisk akademi ved fakultetet, som skal samarbeida om å utvikla god undervisningskultur.

Pilotprosjektet skal gå over fem år, har det engelske namnet Excellent Teaching Practitioner - ETP, og er prøvd ut med suksess på Lund Universitet i Sverige.

Dei som blir tildelt kompetansegraden, vil ifølge eit førebels forslag få ei lønsauke på to lønstrinn for professorar, og tre trinn for amanuensar.

– Få som kjenner forskingslitteraturen

Professor Øyvind Fiksen ved institutt for biologi har lenge jobba med å betra si eiga undevisning, og ønskar å ta del i den nye ordninga. 

– Det er mange grunnar til at eg har søkt. Eg har dei siste åra lest meg opp på litteraturen om undervisning i høgare utdanning, og gjort mange omleggingar i undervisninga mi som eg meiner gjev større læringseffekt, basert på forskingsresultata. Eg har lagt merke til at det er få som er bevisst denne litteraturen, også blant leiarar i sektoren. Det hadde vore artig å ha eit kollegium av folk som er engasjerte og som har eit bevisst forhold til undervisning, seier Fiksen.

Professoren trur ein må tørra å utforska ulike metodar.

– I forhold til sin eigen praksis, må ein kopla på forskarhovudet sitt, og vera litt eksperimentell og prøva nye ting. Ein må oppsummera, skriva ned og dela dei erfaringane ein har gjort seg.

Skal bedømmast av komitè

Det er oppretta ei styringsgruppe ved fakultetet som skal jobba med å laga eigne vurderingskomitear for søkarane. I styringsgruppa sit ein person frå Universitetet i Lund som skal hjelpa til med prosessen, og andre med pedagogisk kompetanse.

– Alle søknadane skal vurderast av ein eigen komité, og me ser for oss at me har eit resultat før sommaren ein gong, seier Walderhaug.

20 har søkt om opprykket, men kor mange som faktisk kan få den nye graden er ikkje avgjort. 

– Me har i utgangspunktet ikkje sett eit tal for kor mange som kan få tittelen. Kompetanse og kvalitet på søknaden skal avgjera det. Men slik me har sett kriteria skal dette henga høgt. I teorien kan me gje statusen til alle 20, men eg har lita tru på at det vil skje, seier Walderhaug. 

Heilt nytt

Walderhaug ser fram til å prøva ut premieringsordninga.

– Dette er heilt nytt for oss, og me er glade for at me har erfaringa frå Lund å støtta oss til. Frå UiB si side er det ei prøveordning, så me er førebudd på å justera ting undervegs. Me har tru på tiltaket og me synest allereie at dette har skapt engasjement for utdanning og undervisning.

Ordninga har skapt debatt, og ein forskar ved Arbeidsforskingsinstituttet har gått ut og åtvara mot bruk av lønn som motivator.

– Me ser at ordninga har skapt debatt forskjellige stader, og ein spør om ei slik individuell belønning er riktig. Men vår haldning er at i dagens system er det er ein klar ubalanse mellom premieringsordningar for forsking og undervisning. Me håpar at me ved å belønna dei som legg mykje ressursar ned i undervisning kan retta opp noko av denne ubalansen.

Les også: Individuell belønning gir bedre undervisning

No står det att å sjå kor mange som endar opp med å få kompetansegraden. Professor Fiksen er ueining med dei som meiner at nokon berre er født med eit talent for å undervisa - og at toget er gått for dei andre.

– Dei tenker at anten er du ein Frank Aarebrot som kan sitta i lenestolen sin å snakka i veg, eller så har du det berre ikkje i deg. Det stemmer ikkje. Det er eit handtverk som ein kan læra seg.

På Høyden har førebels ikkje fått innsyn i søkarlista.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed