Fleirtal for fire fakultet

Publisert:16. februar 2017Oppdatert:16. februar 2017, 13:28
Styremøtet i Haugesund endte i fleiral for fire fakultet. Det siste vil truleg innehalde økonomisk-admininstrative fag, samfunnsfag og nautiske fag.

HVL-styret går imot forslaget frå rektor, og går for fire fakultet.

– Resultatet kan bli eit bittebittelite fakultet. Det er ikkje sikkert at nokon andre vil gå inn i det fakultetet. 

Åtvaringa kom frå rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Berit Rokne, like før avrøystinga om fakultetsstrukturen for den nye høgskulen. 

Sju av elleve styremedlem gjekk inn for fire fakultet, i staden for tre, som rektor tilrådde. 

Dei fire siste styremedlemmene – Arvid Hallén, Sissel Johansson Brenna, Christine Øye og Marit Ubbe – røysta for tre fakultet. 

Dermed fekk rektor styret mot seg på det mest omstridte punktet for HVL. Fungerande styreleiar Kari Kjenndalen røyste for fire fakultet, mens fast styreleiar Arvid Hallén ville ha tre fakultet. 

På førehand hadde rektor Rokne fortalt at det er snakk om kring 100 tilsette som blir samla i det fjerde fakultetet, mens dei resterande 1700 tilsette blir fordelt på tre profesjonsfakultet med utgangspunkt i helse- og velferdsfag, læring og undervisningsfag, og teknologi, ingeniør- og naturfag. 

Dette er forslaget Yttri fekk fleirtal for:

«Styret vedtek ein organisasjonsmodell med fire fakultet. Det fjerde fakultetet skal romme økonomisk-administrative fag, nautikk og samfunnsfag. Rektor får fullmakt til å invitere andre fagmiljø med i dette fakultetet.» 

Albrigtsen, Birkeland, Fredheim, Kjenndalen, Riisøen, Skauge og Yttri røysta for forslaget. 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed