Desse studia er studentane mest og minst fornøgde med i vest

Publisert:9. februar 2017Oppdatert:9. februar 2017, 15:12
Nesten 29 000 studentar i Noreg har svart på kva dei meiner om studiet dei går på. Ved Universitetet i Bergen var svarprosenten på 44 prosent - medan den ved alle studiestadane ved HVL samla var på 62,1.

Masterprogrammet i sosiologi ved UiB og masterprogrammet i IKT i læring ved HVL scorar høgast blant studentane.

Denne veka publiserte NOKUT det årlege Studiebarometeret, som måler kva studentane synest om studietilbodet sitt. Me har sett på kva for studium som kjem best ut ved Universitetet i Bergen (UiB) og ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Bra på master, dårleg på bachelor

Masterprogrammet i sosiologi har fått karakteren 4.8, og gjer det aller best ved UiB. Det er leiar for institutt for sosiologi, Karen Christensen, godt nøgd med.

– Det er fantastisk gode tal, og eg er sjølvsagt svært glad for det på instituttets vegner. Me når høgast opp på evne til å inspirera, og me når også høgt opp på engasjement-delen. Det betyr at studentane meiner studiet er stimulerande og fagelg utforandre for dei, og at dei er motiverte for å studera.

– Me har ei gruppe med ganske erfarne underviserar som er veldig dyktige, og det betyr mykje for at undervisninga blir kvalitativ god, seier Christensen.

Men det er ikkje like gode resultat for bachelorprogrammet i sosiologi, der den overordna tilfredsheita ligg på 3,3, og er med det mellom dei ti med lågast score ved universitetet

Håpar nytt emne skal betra resultatet

Christensen seier det lågare resultatet for bachelorprogrammet i sosiologi passar godt med deira eigne vurderingar.

– Ein må hugsa på kva for tidpunkt dei blir spurt om dette. Dette er studentar på andreåret som  blei spurt hausten 2016. På det tidspunktet hadde me nettopp gjort store endringar på inngangen til graden, med eit nytt introduksjonsemne som fører dei direkte inn i faget. Dei som ein spør ved neste runde vil ha andre erfaringar med seg, seier Christensen.

Det er emnet SV100 – samfunnsvitskapelege tenkemåtar som er lagt ned, og som er erstatta med eit fagspesifikt emne.

– Eg er veldig spent på korleis me blir evaluert neste år.

Den som kjem aller lågast ut er masterprogrammet i human ernæring, med ein score på 2,8. Ved Høgskulen på Vestlandet er det barnehagelærarutdanning i Bergen, med vekt på kunst, kultur og kreativitet som gjer det dårlegast, med ein score på 3,2. 

IKT i læring best ut

Det faget som gjer det aller best på HVL er masterprogrammet i IKT i læring ved studiestaden Stord. Dei har ein score på 5, og har i fleire år hatt svært gode resultat på barometeret.

– Eg trur det har med nærleiken til studiet å gjera, sjølv om det er eit samlingsbasert studium. Det skjer mykje på samlingane. Folk føler relevans i forhold til det ein gjer. Når det er samlingar har ein ofte arrangement utover kveldane. Det er gjerne ikkje direkte studierelatert – men det skjer ting som skapar synergiar, seier studieleiar for mastergraden, Kjell Magnar Helland.

 

Studiet blei oppretta i 2003, og er eit tverrfagleg studium for lærarar/pedagogar. 

– Det er heilt klart at bruken av IKT-media i undervisninga er det vesentleg her. Her studerer ein korleis ein skal bruka IKT når ein skal undervisa. Det kan ein ta med seg inn i kva fag ein vil. IKT er i endring heila tida, me meiner sjølv at me har klart å følga opp dei ulike trendane som har oppstått gjennom tida. Annakvart år har studieplanen vore revidert, og med heldt på med ein større revisjon no som skal passa inn i mot GLU-samarbeid, seier Helland. 

Resultata ikkje alltid representative

Samla tilfredsheit for alle studentane ved den tidlegare høgskulen i Sogn og Fjordane er på 4,1 medan Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund har eit resultat på 4.0.

Ved UiB ligg resultatet på 4,1, som er det same som det nasjonale gjenomsnittet.

Viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, seier barometeret er eit av fleire viktige verktøy for å evaluera studiekvalitet. 

– Me har hatt særleg nytte av tilbakemeldingane for program som gjer det særleg bra eller særleg dårleg for å identifisere tiltak som er viktige for å heve studiekvaliteten vår. Vi ser til dømes at program som fekk dårleg skåre eit år, og på denne bakgrunn set inn spesifikke tiltak, får betre skår året etter. Det er då god tilbakemelding på at tiltake virkar. Samstundes er vi også merksame på at talet svar og/eller svarprosenten er låg på enkelte program. I slike tilfelle må vi ta høgde for at resultata ikkje nødvendigvis er representative. Dei gir likevel ein peikepinn som vi kan følgje opp med andre undersøkingar, seier Samdal.

NOKUT legg sjølv vekt på at taldata kan ha metodiske svakheiter, og mange studieprogram har for låg svarprosent til at resultata blir publiserte. Nedst i saka finn du oversikt over resultatet for alle studiuma ved dei to institusjonane. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed