Studentpolitikarar nekta innreise til Vest-Sahara

Publisert:25. januar 2017Oppdatert:27. januar 2017, 10:51
Leiar for Studentparlamentet ved UiB, Håkon Randgaard Mikalsen (t.h.), og internasjonalt ansvarleg, Eirik Lie Reikerås (t.v.), kom ikkje lenger enn til flyplassen i Vest-Sahara før dei måtte venda tilbake til Marokko. Foto: SP-UiB

Leiar og internasjonalt ansvarleg i studentparlamentet ved UiB vart avvist på grensa til Vest-Sahara tysdag kveld.

– Me håpa å møta representantar frå vår vennskapsorganisasjon i Vest-Sahara, men det ville ikkje det marokkanske politiet ha noko av, seier leiar Håkon Randgaard Mikalsen i SP-UiB til Studvest.

Saman med internasjonalt ansvarleg Eirik Lie Reikerås skulle han besøka studentorganisasjonen UESARIO i byen El-Aaiún, som dei har samarbeida med i over eitt år. 

Dei to vart stansa på flyplassen rett etter innreise i Vest-Sahara av marrokansk politi, og måtte køyra tilbake tilbake til Marokko gjennom ørkenen same kveld. 

Mikalsen sa tysdag til Studevest at han og Reikerås etter forholda har det fint, men at dei er lettare oppgitte over at marokkanske myndigheiter bryt menneskerettane på denne måten.

Les også: Raftoprisen til irakisk aktivist

Delegasjon frå NSO stoppa

Natt til måndag vart også ein delegasjon frå Norsk studentorganisasjon nekta innreise til landet. 

Studentane skulle koma seg inn i Vest-Sahara for å møta shawariske studentar. 

– Me er no i trygt tilbake i Agadir, men vi håpa på å gjennomføra turen og visa vår støtte til det Saharawiske folk og studentar, uttalar Jonas Strisland leiar av Norsk Studentorganisasjons Velferds- og likestillingpolitisk komité og Jone Trovåg, sentralstyremedlem i NSO.

Vedteke støtteerklæring

Marokko har okkupert Vest-Sahara i 40 år, og det føregår stadig brot på menneskerettane.

I haust arrangerte Studentparlamentet eit møte mellom UiB-studentar og menneskerettsforkjempar og tidlegare Raftoprismottakar, Mohammed Daddach.

– Daddach fortalte om bakgrunnen for konflikten, situasjonen i dei okkuperte områda i dag og forholda saharawiske studentar lever under. Det gjekk inn på oss. Med dette som bakgrunn ønska me å reisa til områda no i januar, fortel Randgaard Mikalsen.

Måndag var han og Lie Reikerås observatørar under ein rettssak mot 25 sharawiske menneskerettsforkjemparar i Rabat. Dei skal skriva rapport om rettsprosessen.

NSO og fleire studentdemokrati i Noreg, som NTNU, Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen har vedteke støtteerklæringar for Vest-Sahara og det Saharawiske folk. Her vert det peika på krav om gjennomføring av folkrøystinga for uavhengighet og krav om opphøyr av den Marokkanske okkupasjonen av Vest-Sahara, som FN vedtok i 1992, skriv NSO.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed