Stao pao, Vestlandet!

Publisert:10. januar 2017Oppdatert:10. januar 2017, 14:27
Med ei verkeleg saks klipte statsminister Erna Solberg over eit virtuelt band og opna med det Høgskulen på Vestlandet. Foto: Christian Blom

Erna Solberg delte ut 39 millionar kroner under opninga til den hardbalne Høgskulen på Vestlandet.

– Graulerer med dagen, og stao pao, var helsinga frå statsministeren til den ti dagar gamle høgskulen.

Rikare rike

Med seg i Widerøe-flyet hadde ho og 39 nye millionar som Høgskulen på Vestlandet skal bruke på fusjonsprosessen.

– Vi er blitt eitt rike, og litt rikare, repliserte rektor Berit Rokne under lunsjen etterpå.

Og Solberg var ikkje i tvil om at det er ei god investering: 

– Gevinsten for samfunnet blir stor om ein lukkast, sa ho om fusjonsprosjektet.

– Viktig i heile landet

Det var ikkje tilfeldig at statsministeren drog til den mest gjenstridige av dei tre partnerane då ho skulle opne den nye høgskulen, og temaet om dei hardbalne vestlendingane gjekk igjen i opningsfesten.

– Eg kan trygt seie at her i Sogn og Fjordane responderte de på denne utfordringa frå sentrale styresmakter i beste vestlandstradisjon: Ved å stritte imot av alle krefter. Motstandarane av strukturreforma og fotballsupporterane fann eit felles slagord i: «Stao no pao!» sa Solberg i talen sin.

Rektor Rokne (biletet) henta og inspirasjon frå ideen om ein sterk, men eigenrådig vestlending.

– Det er sett høge mål for Høgskulen på Vestlandet men det er all grunn til å tru at skal lukkast når vi ser tilbake på det arbeidet som har vært gjort så langt. Det er kraft og utholdenheit i vestlandsfolket. Ditt (statsministerens) besøk seier at Høgskulen ikkje berre er viktige på Vestlandet, men for heile landet, sa Rokne. 

Geografisk spenn

Ei av utfordringane til Høgskulen på Vestlandet var Berit Rokne snar til å nemne då ho tok imot Erna Solberg på den raude løparen framom Høgskulebygget på kampus Fosshaugane:

– Her ser du ut vindauget heile dagen og spør deg om flyet kan lette når du skal heim, seier Berit Rokne. 

Då hadde flyet til statsministeren først sirkla litt mellom skyene før det fekk landa på Sogndal lufthamn på Haukåsen. 

I Sogn var den harde motstanden mot fusjon mest nemnd som anekdoter i helsingstalane til den nye høgskulen. Sjølv blant studentane er oppslutninga no stor kring fusjonen.

– Det er en gledens dag for studentene her, seier leiar for studentparlamententet i Sogn og Fjordane, Knut Almås Anfinset.  

– Så ingen er bitre over at det ble fusjon?

– Eg håper ikkje det er nokon bitterheit meir. Nå gjeld det å nyte dagen og krysse fingrane for framtida, seier Anfinset til På Høyden.

Debattert i flomlys

Tidlegare styreleiar for Høgskulen i Sogn og Fjordane, Trond Ueland, la ikkje skjul på at vegen fram til Høgskulen på Vestlandet var kronglete og bratt – men flombelyst.

– Eg kan nesten ikkje tenke meg ei avgjerd som har vore meir debattert enn denne.

Han ga særleg skryt til rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen, som på mange måtar var arkitekten bak fusjonen, og HiSF-rektor Rasmus Stokke. Men òg til Kunnskapsdepartementet:

– Eg vil skryte av departementet, sjølv om dei fekk det som dei ville. Dei har halde fingrane av fatet, og i staden kome når vi ba dei om det.

Og om statsministeren landa mellom skyer og tåke, skein sola over Sogndalsfjøra då ho drog. 

Thea Hjelmeland var med på opningsfesten for Høgskullen på Vestlandet, og song for alle frå Sogndal. Foto: Christian Blom

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed