– Me får større og betre fagmiljø

Publisert:10. januar 2017Oppdatert:10. januar 2017, 17:15
På opningsshowet til Høgskulen på Vestlandet var det tidlegare leiar for studentparlamentet ved Høgskulen Stord/Haugesund, Kristine Elsa Krokli som talte på vegner av studentane.

Studentpolitikar Kristine Elsa Krokli minna om at det er studentane det handlar om under opninga av den nye høgskulen.

– Tilgi meg, alle forskarar, lærarar, skuleeigarar, men kor hadde de vore utan oss studentar? Me fyller klasseromma frå Haugesund i Sør til Førde i nord. Det er me som er quiz om kveldane, skippertak i november, studiemiljø, og dykkar framtidige fagfellar, sa Krokli i sin tale.

Det einaste som manglar er at me hadde hatt økonomi til å vera heiltidsstudentar

Den tidlegare leiaren av studentparlamentet ved høgskulen Stord/Haugesund er fonøgd me at ein valde å gå for ei samanslåing.

– Eg har tru på at HVL kjem til å bli ein av landets viktige aktørar i å utdanna flinke og dyktige studentar som tar hand om vår framtid. Me får eit nytt studentting som med 16 000 studentar i ryggen kjem til å bli eit slagkraftig studentdemokrati. Me får større og sterkare fagmiljø for å heva kvaliteten. Det einaste som manglar er at me hadde hatt økonomi til å vera heiltidsstudentar, sa Krokli. 

Opningsshowet til Høgskulen på Vestlandet var ei digital samsending frå Haugesund, Bergen og Sogndal med talar, underhaldning og musikkinnslag. 

Les også: Stao pao, Vestlandet!

Ikkje sikker på fusjon

Med på festen rundt om i dei tre fylka var mellom anna Statsministeren og Kunnskapsministeren. Til Haugesund hadde statssekretær Bjørn Haugstad tatt vegen for å feira fusjonen. 

Eg er veldig glad for at me hadde tålmod til å la Sogndal få tid på seg, og sjølv ta den avgjerda

Haugstad innrømmer at han ikkje alltid var like sikker på at fusjonen kom til å komma i hamn. 

– Hadde du bedt meg inngå eit veddemål i fjor sommar på at me kom til å vera her i dag, hadde eg ikkje satt meir pengar på det enn eg er villig til å tapa, seier Haugstad (bildet).

– Glad me var tålmodige

– Det var ein thriller i Sogndal. Her i Haugesund og på Stord har ein heile tida vore tydeleg på at dette er eit smart prosjekt. Prorektor Liv Reidun Grimstvedt har heile tida vore ein god pådrivar, det same med Ole-Gunnar Søgnen i Bergen. Ufordringa har vore at Bergen er storebror. Så har me måtta venta på at ting skulle modnast i Sogndal.

– Eg er veldig glad for at me hadde tålmod til å la Sogndal få tid på seg, og sjølv ta den avgjerda. Det gjer at det blei mykje betre enn om me skulle ha trekt ein beslutning ned over hovudet på dei, seier Haugstad til På Høyden.  

Statssekretæren har sjølvsagt stor tru på fusjonen. 

– Felles leiing og felles styre gjev moglegheit for felles prioritering. Men det er langt viktigare er at ein får felles skjebne, felles siger, felles suksess, og at ein opplever at ein lukkast saman. Det er som fleire har sagt det her i dag: Summen av dei fem kampusane blir meir enn dei tre intitusjoanane aleine har vore til no. 

Marit Synnøve Vea frå Avaldsnesprosjektet fortalde historia om korleis Vestlandet blei samla for over 1100 år sidan under opningsfesten  til HVL

– Fem år med barnsjukdommar

For nokon av studentane me treff på kampus Haugesund, er det blanda kjensler for den nye fusjonen. 

– Eg er på siste året så det kjem ikkje til å påverka meg i stor grad. Eg trur det kan føra gode ting med seg. Det blir meir kunnskap og innsikt, og ulike syn på kva som er ein god skule, seier Knut Oldereide. 

Det kjem til å vera fem år med barnesjukdommar først i alle fall

Medstudent Torbjørn Warhuus er ikkje like overbevist. 

– Det kjem til å vera fem år med barnesjukdommar først i alle fall. Ein prøver å teikna eit bilde av at dette med fusjon er så positivt, men eg er ikkje overbevist, seier Warhuus. 

Eit samla Studentting for alle institusjonane er innført, noko som dei er skeptiske til. 

– At studenparlamentet no er samla, og sentrert i Bergen, trur eg ikkje er positivt. Det vil svekka demokratiet for dei små, seier Warhuus. 

F.v: Studiekameratane Andrea Christensen, Knut Oldereide, Magnar Langeland og Torbjørn Warhuus i kantina på kampus Haugesund. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed