– Ingen bør starte ein SFF utan å ha eit medvite forhold til publisering

Publisert:24. februar 2017Oppdatert:2. mars 2017, 12:50
Forskarar skal søke sanninga. Ikkje makt og karriere, seier professor og tidlegare UiB-rektor Ole Didrik Lærum. Foto: Ida Bergstrøm

Som aktiv kreftforskar har Ole Didrik Lærum sett korleis kampen om pengar, posisjonar og publisering har hardna til. Tidsskrifta må ta sin del av ansvaret, meiner han.

– Ein ny og alvorleg virussjukdom er i ferd med å spreie seg på verdsbasis. Den heiter nobelitt. Det er er ein sjukdom som får forskarar til å gjere ting dei eigentleg veit er galt.

Ole Didrik Lærum smiler litt, før han held fram:

– Og tidsskrifta, dei er med på å spreie nobelitt-smitta.

Ein hardare konkurranse
Lærum tok doktorgraden i medisin i 1969. Som mangeårig kreftforskar, professor og rektor ved UiB har han sett korleis kampen om pengar, posisjonar og publisering har hardna til.

– Det har aldri vore ille som no: Det er fleire pengar i sving. Samtidig har fleire land kasta seg med i konkurransen. Tidsskrifta har vore – og er  framleis –  ein del av problemet.

Mengda junk har auka

Lærum meiner forskarar i kampen om å vinne fram, har lett for å ofre det dei kan om god vitskapleg praksis.

– Dei overinterpreterer og strekker dataa sine for å kunne publisere eit Stort Funn. Negative funn blir ikkje påakta. Samtidig har mengda av junk auka, seier Lærum.

Når ein heile tida siktar mot publikasjonar med høg impact factor, altså mykje sitering, er det lett å trø feil, meiner han.

– Difor bør ingen bør sette i gang ein SFF utan å ha eit medvite forhold til publisering.

Publiserer meir
Dei norske SFF-ane publisete 1816 vitskaplege artiklar i løpet av 2015. Det utgjer i gjennomsnitt 86 artiklar per senter, viser tal frå Forskingsrådet sin SFF-årsrapport. I tillegg blei det publisert 27 monografiar. Dei fleste sentra publiserte ifølge Forskingsrådet i dei høgast rangerte tidsskrifta innan sitt fagområde. Ni artiklar blei publisert i Nature, ein i Science, åtte artiklar i PNAS. Går ein tilbake til årsrapporten for 2006, viser tala at SFF-ane no publiserer meir enn før: Ifølge Forskingsrådet sin rapport bidro sentra med 669 publikasjonar i fagfelleevaluerte tidsskrift. Dette utgjorde ein auke på over 30 prosent frå året før. 

Med Nobelpris i sikte
SFF-ordninga blei etablert i 2002, var det eit uttalt mål å bygge grunnforskingsmiljø som i framtida kunne fostre Nobelpris-kandidatar.
Planen lukkast: 34 senter og 6,4 milliardar kroner seinare, kom resultatet. I 2014 vart Moser-miljøet ved NTNU sin andre SFF krona med Nobelpris i fysiologi eller medisin.

Ein nobelpris som var høgst fortent, meiner Ole Didrik Lærum.

I desse dagar er fjerde runde med SFF-søknadar til behandling. Forskingsrådet fekk denne gongen 150 søknader på bordet. 34 søkarar kom vidare til andre runde. Truleg vil omlag ti av desse kunne starte eit senter ti løpet av året som kjem.

Når konkurransen hemmar forskinga
Med senterstatus er det lettare å trekke til seg ERC-midlar og internasjonale anerkjende forskarar. Dette rustar eit forskingsmiljø for å skape forsking som gir gode publikasjonar, noko som i sin tur fører til betre omdømme, betre forskarar, betre publikasjonar.

Konkurransen har ført til ei brutalisering, som går på helsa laus

Lærum meiner den nasjonale og internasjonale konkurransen er tviegga.

– Dersom forsking ikkje vert evaluert og rangert, får vi ikkje alltid framstega vi ønsker. Blir det for mykje konkurranse, kan dette hemme forskinga. I dei internasjonale miljøa har konkurransen ført til ei brutalisering, som går på helsa laus. Kravet om at du skal publisere noko nytt er sterkt. Har du ein konkurrent like i hælane, kan det hende du kuttar svingar for å kome først i mål.

Han meiner marknadsliberalismen har snike seg inn i publikasjonsverda.

– Alle dei store, prestisjetunge tidsskrifta har vore involverte i alvorlege fjuskesaker dei siste åra. Som forskingsleiar må du spørje deg: Skal du vere med på det internasjonale racet? Eller skal du heller senke ambisjonane og velje å publisere solide ting? spør Lærum.

– Halvparten av all forsking blir aldri sitert
Kvart år aukar populasjonen av publiserande forskarar med mellom fire og fem prosent, ifølge The STM Report. Dei publiserer omlag 2,5 millionar artiklar kvart år, og talet er aukande. Dei får også eit stadig større utval av fagfellevaluerte tidsskrift å velje mellom:  I 2014 fantest det 28 100 fagfellevaluerte tidsskrift på verdsbasis. 

– Sjølv har eg ei primitiv oppfatning om at det mest fornuftige er å halde seg til dei trauste, internasjonale tidsskrifta, dei som ligg i midtsjiktet. Samtidig må ein ha i mente at femti prosent av alle nye vitskaplege publikasjonar ikkje blir sitert. Aldri! Halvparten av all forsking blir aldri sitert.

Halvparten av all forsking blir aldri sitert

– Skiljet mellom grunnforsking og anvendt forsking er gamaldags
Etter at Lærum måtte pensjonerast frå UiB ved fylte 70 år, starta han å arbeide som professor ved Universitetet i København. Dette har gitt han eit høve til å betrakte den norske elitesatsinga frå utlandet.

SFF-ane skal drive grunnforsking på høgt nivå. Eg meiner at ein i Norge er altfor opphengt i skiljet mellom grunnforsking og anvendt forsking. Delinga er litt gammaldags: Det finst berre forsking, men på mange ulike måtar, til dømes driven ny teknologi og metodar, av hypotesar og konkrete mål, eller rett og slett fordi ein er forviten. Og ein må klare å tenke bygging av vitskap i multiple system. Problemstillingar ligg ofte lagvis, og er bygde opp rundt kvarandre. Det er ikkje slik at det er eit spørsmål her, og ei løysing der.

Ole Didrik Lærum slår ut med hendene, for å vise korleis det ikkje heng saman.

  Før ein får starta opp ein SFF, har feltet endra seg, toget gått, og forskarane står igjen på perrongen

– Vi har eit marknadsliberalistisk system som endrar seg raskare enn forskarane forstår.  Før ein får starta opp ein SFF, har feltet endra seg, toget gått, og forskarane står igjen på perrongen.  Samtidig som ein ikkje klarer å føresjå framtida godt nok, er ein del forsking historielaus: Ein er så opptekne av at det har kome noko nytt, at ein gløymer å sjå bakover. Eg meiner at korte og lange tidshorisontar høyrer saman - du må sjå både framover og bakover. Vitskapshistoria er viktig, både for dei som skal løyve pengar, og for dei som tek risikoen med å lage ein SFF.

SFF-status gir arbeidsro
– Kva kunne gjort SFF-ordninga betre, slik du ser det?

–  SFF-senter går ofte til etablerte forskarar som har gjort suksess. Ikkje sjeldan representerer dei gårsdagens tenking. Men også det å drive forsking innan ei retning som ikkje er tilstrekkeleg etablert, kan vere problematisk og kontroversielt. Eg er uviss på om ordninga alltid tek høgde for dette. Samtidig må det vera originalt og nytenkande.

– Dessutan må ein ikkje gløyma at forskarstaben er ein svært sårbar ressurs, seier Lærum.

Han legg vekt på at personalpolitikk handlar om å ta vare på menneske. Slik vert dei også i stand til å gjere eit betre arbeid.

– Vi må satse hardt på internasjonal konkurranse, samtidig som vi tar godt vare på  personane som er tilsett. God personalpolitikk handlar om å skape samhøyrsle og samhald.

I Norge har vi hatt økonomisk grunnlag for å bli ein stor forskingsnasjon. Det har vi ikkje greidd å bli.

Ein SFF kan gjere at forskarane kan arbeide nokolunde beskytta. Dei får ro på seg til å arbeide, og til å samarbeide nasjonalt og internasjonalt. Det er bra, seier Lærum, og trekk fram ein av sine hjartesaker: Seniorpolitikk i akademia.

– Gode idear følger ikkje alder. Vi har lett for å sjå oss blinde på kor gamle folk er. Dei unge er liksom berre unge, og dei gamle er berre gamle. Vi ser ikkje på kompetansen. Og vi gløymer at emeriti står for om lag 25 prosent av alle publiseringar internasjonalt. Mange driv også god formidling til ålmenta. Eg reagerer på at meritterte professorar skal måtte søke om å få ha ein  arbeidsplass, og at dei skal måtte forske utan løn. Ein ventar dei skal vere nøgde med å verte løna med pensjonen som dei sjølve har betalt inn i åra før dei blei pensjonistar. I Danmark er dette annleis – som senior er ein velkommen i miljøet, ein er integrert på  linje med yngre forskarar. Her har Bergen eit stykke å gå.

Dei unge er liksom berre unge, og dei gamle er berre gamle

Unngå å bli ein steinkoloss
– Kva krav stiller ein SFF til vertsinstitusjonen, slik du ser det?

– Det er eit potensielt problem at ein SFF utarmar eit vanleg institutt. Eit anna potensielt problem er at ein SFF blir ein steinkoloss som blir ståande til det ikkje er meir pengar å hente, for deretter å forvitre. Begge deler kan ein motverke med å ha fleksible strukturar, seier Lærum.

Han meiner universiteta treng ein betre balanse mellom horisontal og vertikal tenking.

– Du må ha ein vertikal struktur, men du må også ha ein god horisontal struktur, med utveksling, rekruttering og samarbeid nasjonalt og internasjonalt, seier Lærum.

Norge har ikkje lukkast
– Kva skal til for å kalle eit forskingsmiljø for Framifrå? Når er tida inne for å gjere denne vurderinga?

– Miljøa må levere forsking som viser gode resultat både på kort sikt og på lang sikt. Dette med tidshorisontar er ofte fråverande når ein i norsk forsking skal vurdere seg sjølv. Eg saknar ofte erkjenning av at det er naudsynt å sjå både bakover og framover i tid, for å forstå kva som er det beste valet for notida.

Fortida og framtida. Historia og samtida. Land med sterkare vitskapstradisjonar enn Norge har greidd å bygge ein kultur for forsking, utdanning og vitskap på ein betre måte enn ein har klart i Norge, seier Lærum.

– Vitskapskulturen i Norge er ikkje sterk, samanlikna med fleire andre land. I Norge har vi hatt eit godt økonomisk grunnlag for å bli ein stor forskingsnasjon. Det har vi ikkje greidd å bli.

Artikkelen er ein del av ein serie som ser på ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF). Serien er produsert med støtte frå stiftinga Fritt ord.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed