HiMolde-leiinga vil bygge Campus Kristiansund

Publisert:18. januar 2017Oppdatert:19. januar 2017, 00:34
Voldas Johann Roppen (t.v.) og Moldes Hallgeir Gammelsæter på Kontaktkonferansen i Oslo. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Rektorar og direktørar ved høgskulane i Volda og Molde, og ved NTNU, hadde tysdag ettermiddag møte med Kunnskapsdepartementet. Temaet var: Betre tilbod av høgare utdanning i Kristiansund.

Rett etter at Kunnskapsdepartementets kontaktkonferanse 2017 var over tysdag ettermiddag, møttest dei tre rektorane og nokre av direktørane med mellom anna avdelingsdirektør Rolf Larsen i Kunnskapsdepartementet.

Departementet skulle følge opp ein fleirtalsmerknad frå Kyrkje-, undervisnings- og forskingskomiteen til framlegginga av statsbudsjettet for 2017 i desember, skriv Khrono.

Der vedtok alle partia, utanom Høgre og Framstegspartiet, følgande:

«Flertallet er kjent med at det pågår en strategiprosess ved Høgskolesenteret i Kristiansund for å avklare en framtidig modell for det høyere utdanningstilbudet på Nordmøre. Flertallet ber Kunnskapsdepartementet komme tilbake med en vurdering av hvordan et langsiktig og robust tilbud om høyere utdanning i Kristiansund kan utvikles i samarbeid med eksisterende høgskoler eller universitet, og hvordan et forprosjekt med dette formål best bør organiseres og finansieres.»

Campus Kristiansund

Bakgrunnen er at fylkestinget i Møre og Romsdal har vedteke å bruke fire millionar kroner til planlegging av det dei kallar Campus Kristiansund, og dei ønsker å gjere det saman med høgskulane i Volda og Molde. Fordi Høgskulen i Ålesund tidlegare har hatt undervisning der også, så var rektor Gunnar Bovim også med på møtet. HiMolde, HiVolda og NTNU eig til saman 30 av 110 aksjar i Høgskolesenteret i Kristiansund, som i 2017 for andre år på rad får ei overføring via statsbudsjettet på 8,2 millionar kroner.

– Vi tilbyr oss – om det er politisk einigheit om at det skal vere fleire utdanningar og fagleg tilsette i Kristiansund – til å lage ein egen avdeling i Kristiansund, som da vil bli Campus Kristiansund. Vi er villige til å ta den rolla, seier Molde-rektor Hallgeir Gammelsæter til Panorama.

HiMolde har i dag eit dusin fagleg tilsette og cirka 200 studentar i Kristiansund.

– Vi skal no gje Kunnskapsdepartementet ei orientering om den lokale prosessen rundt Campus Kristiansund, seier Gammelsæter.

– Må vera ønska i Kristiansund

HiMolde-direktør Gerd Marit Langøy, som er styrerepresentant for UH-eigarane i Høgskolesenteret i Kristiansund, er positiv til å bygge ei HiMolde-avdeling i Kristiansund, men ho seier at det er på vilkår av at høgskulen er ønska i Kristiansund og at høgskulen får finansiert nye studieplassar i nordmørshovudstaden.

– Den siste tida har planane om eit Campus Kristiansund fått meir vind i seila, seier Langøy.

Khrono snakka med NTNU-rektor Gunnar Bovim før møtet, og sjølv om NTNU no har ein liten eigardel i høgskulesenteret, så har ikkje Bovim og NTNU nokre planar om aktivitet i Kristiansund.

– Vi har ingen planar om å starte nokre utdanningar eller studie i Kristiansund. Det er i dag ein rein studiestad og ikkje noko campus, seier Bovim, og han legg til:

– For meg høyrest dette ut som eit tiltak for å styrke regionen, eit distriktspolitisk tiltak. Eg er ikkje motstandar av distriktspolitikk, men vi treng jo ein diskusjon om kva dette senteret skal

tene til, seier Bovim.

Volda vil gjerne diskutere

Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda har tidligare blogga om saka:

«Per Vidar Kjølmoen i Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal har i eit lesarinnlegg i ei rekkje lokalaviser i fylket fortalt om fylkestinget i Møre og Romsdal sitt vedtak om å bruke 4 millionar kroner til planlegging av Campus Kristiansund i samarbeid med høgskulane i Volda og Molde.

Det var stort fleirtal for dette i Fylkestinget i Møre og Romsdal, men avisene har etter det eg kan sjå ikkje skrive noko om kva som vart sagt i debatten. Så kva politikarane har lagt vekt på og korleis eit Campus Kristiansund skal utviklast er ukjent for dei fleste. Men Høgskulen i Volda blir gjerne med på å diskutere korleis ein kan arbeide for å nå dette målet, og om Møre og Romsdal blir ein eigen region så kan interessa for forsking og høgare utdanning gi ein ny giv for arbeidsliv og næringsliv.»

Tysdagens møte mellom høgskulane og departementet var kort. Avdelingsdirektør Rolf Larsen oppsummerer det heile: 

— På vegner av dei tre institusjonane har departementet bede Høgskolen i Molde om å komme med eit innspill knytta til Stortinget sitt vedtak.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed