Her kjem kutta i administrasjonen

Publisert:9. januar 2017Oppdatert:9. januar 2017, 15:35
Økonomiavdelinga, som heldt til i Christiesgate, må kutta 9,5 årsverk innan 2020. Foto: Magnus Vabø
Effektiviseringskutt.

IT-avdelinga må kutta flest årsverk, medan Muséplass kuttar færrast.

Universitetsdirektør, Kjell Bernstrøm.

I september vedtok universitetsstyret å kutta 60 årsverk i sentraladministrasjonen over dei fire neste åra. No er det bestemt kor mange stillingar som skal kuttast ved kvar avdeling. 

Resultatet er ei jamn fordeling mellom dei ulike avdelingane, med eit kutt på rundt 13 prosent per avdeling. Muséplass får eit kutt på litt under 10 prosent. (For detaljert oversikt over alle kutta, år for år, sjå tabell lenger ned i saka).

– Grunnen til at Muséplass ligg lågare er at tala er for både rektor sitt kontor, og universitetsdirektøren sitt. Rektor sitt kontor vert definert som fagleg verksemd, og er unnateke kutt, medan universitetsdirektøren sitt har same kutt som resten, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Les også: Har tilsett 36 personar i ny intern jobbmarknad

Bakgrunnen er effektiviseringskutta som regjeringa har kome med fire år på rad. For UiB utgjer dette om lag 75-80 millionar kroner totalt. Fakulteta skal spara inn like mykje som sentraladministrasjonen.

Vil ha fleire vitskapelege tilsette

Av dei 60 stillingane som skal kuttast, er 10 årsverk lag til i same periode, slik at kuttet totalt blir på 50 stillingar.

– Noko av kuttefekten vil også bli motverka av vekst i budsjetta, slik at i staden for vekst vil det flata ut. Forskjellen på normalvekst og i dag skal bli 60 årsverk. I praksis blir dei ikkje nødvendigvis færre. Det kjem an på budsjettet. Det er mange ting som påverkar.

Det har vore ein jamn vekst i talet på administrative stillingar dei siste åra. Bernstrøm seier at ein no vil bryta den kurven, slik at veksten jamnar seg ut. 

– Det er so pass mykje gjennomtrekk at det vil regulera seg sjølv. Kutta skal skje gjennom naturleg avgang. Avdelingsdirektørane får pålegget, og så  må dei sjå på kva område dei skal ta det på. I 2017 kjem det til å gå heilt greitt. Kompleksiteten kjem til å auka utover i perioden. No tar dei dei enklaste tinga først.

Målet er å betra forholdstalet mellom vitskapeleg tilsette og administrativt tilsette, noko ein er i gong med. 

– Me har hatt ein vekst i vitskapeleg tilsette på 32 personar frå 2015 til 2016, seier Bernstrøm. 

Tabellen viser oversikt over kutt i årsverk i sentraladministrasjonen. Utgangspunktet for kutta er basert på talet på stillingar i oktober 2016. MP1=Muséplass 1, KA=Kommunikasjonsavdelinga, FA=Forskingsadministrativavdelinga, ØKA=Økonomiavdelinga SA=Studieadministrativavdeling, HR=Human Resources, ITA=IT-avdelinga, EIA=Eigedomsavdelinga. 

– Meir utfordrande lenger ut i perioden

Avdeling for eigedom skal ned frå 104 årsverk til 90,5 årsverk innan 2020.

– Det er klart det er krevjande, og me er ikkje i mål endå. Det me ser er at me klarer å vera i rute komande år, sånn at me går ut av 2017 utan dei heilt store utfordringane. Men det blir meir utfordrande di lenger ut i perioden me kjem, seier Even Berge, direktør for eigedom.

Det er ikkje alltid nedbemanninga lar seg løysa berre folk sluttar. 

– Det vil vera ein god del som går av med pensjon, men i ein del nøkkelfunksjonar må dei erstattast. Det er ikkje automatisk slik at folk ikkje skal erstattast om dei sluttar. Dette må ein vurdera stilling for stilling. Me er avhengige av spesialiserte stillingar, det gjeld andre avdelingar også. Me er her for å hjelpa folk, og me må vera bemanna for å klara det, seier Berge.

– Fleire studentar, færre tilsette

Hovudtillitsvald i Parat, Randi Heimvik, seier det kan bli krevjande med kutta når talet på studentar ved UiB aukar.

– Me er glade for at me slepp oppseiingar, men me ser alvorleg på det og synest ikkje desse kutta er forsvarlege med tanke på at ein skal ha inn fleire studentar. Men pålegget er frå departementet, og det må gjennomførast. I staden for å gjera som mange andre universitet i Skandinavia, gjer ein det litt meir fornuftig her. Dei tar det med naturleg avgang over lengre tid, og seier ikkje opp 100 stykk med ein gong, seier Heimvik (i midten på bildet).

HR-avdelinga skal ned 5,8 årsverk innan 2020. Direktør Sonja Dyrkorn er trygg på at dei skal koma i hamn.

– Det ligg ikkje noko i dramatikk i dette for HR-avdelinga. Me har til dømes fått nye oppgåver i samband med den nye fakultetet som er oppretta, og då overtar me ressursar frå den gamle kunsthøgskulen, som jobbar med HR. I den grad me får store og nye tunge oppgåver får me tildelt nye ressursar.

Jobbar med å frigjera ressursar

Dyrkorn seier dei er kome i gong med organisasjonsutviklingsprosjektet, og ser på korleis dei kan effektivisera arbeidet på avdelinga.

– I 2016 har me gjennomført kartlegging og intervjurundar med folk på avdelinga og andre på universitetet, kor me går over rutinar og ser om det blir gjort dobbeltarbeid. Det ligg eit potensiale hjå oss, som på andre avdelingar, til å jobba meir effektivt for å frigjera ressursar. Me jobbar mellom anna med å forenkla rekrutteringsprosessane.

ORG2022 kom i gong som ein konsekvens av pålegget effektiviseringskutt. Digitaliseringsprossesen blir ekstremt viktig framover, fortel Bernstrøm.

– Det beste eksempelet er digital eksamen. Innføring av digital eksamen viser at ein sparer årsverk i samband med måten ein gjorde det på før. Innsparinga vil både vera på institutta og sentralt. Effektiviseringskuttet tvinger oss til å gjera noko, seier Bernstrøm.

Forenkling av reiserekningar

Ein jobbar mellom mange andre ting med å forenkla føring av reiserekningar, ei rutine som har vore gjort på same måte i over 30 år. 

– Det er mange manuelle prosessar som blir gjort no. Det ideelle er å komma dit at om ein skal ta drosje, så kan du ta foto av rekninga og få den rett inn i reiserekninga. I framtida vil reiserekninga ligga klar når du kjem heim igjen frå tenestereise, seier Bernstrøm.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed