Henta professor frå Helsinki for å sikra lærarutdanninga

Publisert:18. januar 2017Oppdatert:18. januar 2017, 13:22
Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, har fått alle brikker på plass i den nye grunnskulelærarutdanninga. No ventar han på den endelege godkjenninga frå NOKUT.

Fem nye professor II-stillingar måtte til for at Volda skulle få godkjent den nye grunnskulelærarutdanninga.

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, er fornøgd med å ha fått professor Markku Hannula frå Universitetet i Helsinki til Volda.

— Det er stor mangel på professorkompetanse i matematikkdidaktikk i heile Norden, så me er spesielt fornøgde med at me har fått inn Hannula. Han er anerkjent i miljøet, og me er glade for at han sa ja, seier Roppen.

I november blei det klart at Høgskolen i Østfold og NLA Høgskolen fekk endeleg godkjenning av masterutdanningane for grunnskulelærar (GLU).

Høgskulen i Volda (HVO) fekk tilsegn om akkreditering, men måtte levera dokumentasjon på tilsetting av professor II og dosent II i matematikkdidaktikk før dei kunne få endeleg godkjenning. Denne dokumentasjonen er sendt inn, og eit endeleg vedtak er venta frå NOKUT innan kort tid.

Det har vore ein enormt arbeidskrevjande og overraskande detaljert prosess

– Er det verdt alt arbeidet?

Til saman har HVO tilsett fem personar i professor II-stillingar i samband med den nye grunnskulelærarutdanninga. 

Tre av dei er henta frå Universitetet i Bergen, to i frå Universitetet i Stavanger, éin er frå universitetet i Helsinki, og ein er dosent frå Høgskolen i Oslo og Akershus.

Les også: HiVolda pluss UiB er lik sant

– Korleis har de finansiert dei nye stillingane?

– Det er teke av den ordinære løyvinga. det er muligens noko avsetninger også, men vi har førebels ikkje fått ekstramidlar frå Kunnskapsdepartementet eller prosjektmidlar til dette.

Roppen seier heile prosessen med å få akkrediteringa har vore svært omfattande.

– Det har vore ein enormt arbeidskrevjande og overraskande detaljert prosess. Me er sjølvsagt glade for at me her fått tilsegn og at det har gått bra. Og me har nok også lært ein del av det, men eg er veldig usikker på om dette er ein prosess kor det er opplagt at kvalitetsheving står i stil med arbeidet som krevst for å gjennomføra det. Eg håpar at NOKUT tek ei eiga evaluering av det heile for å prøva å finna ut om det er verdt å legga ned alt dette arbeidet, seier Roppen. 

HVO har mellom anna måtta sendt inn 92 pensumlister som del av dokumentasjonen. 

– Ikkje meir dokumentasjon enn normalt

– Det er ei standard akkrediteringssak, det er ikkje meir krav til dokumentasjon for lærarutdanninga enn andre utdanningar. Men det som er spesielt er at det er ei integrert masterutdanning på fem år, så det blir meir å skriva om i søknadane. Men NOKUT sine krav til dokumentasjon er det same for alle søknadane, seier rådgjevar i NOKUT Ingunn Dørve.

Ho seier dei vil gå gjennom korleis ting har vore gjenomført.
 
– Me kjem til å ha ei intern evaluering på prosess, i likskap med andre saker. Men vurdering av kvalitetsaspektet ligg i det varsla tilsynet med alle GLU-masterane.

Dei andre lærarutdanningane i Noreg finn ein på institusjonar som er sjølvakkrediterande, som altså har relevante doktorgradsprogram innan lærarutdanninga.

– Dei som er sjølvakkrediterande må levera dokumentasjon på oppretting av studiane. Og så er det tilsyn som vil koma seinare i 2019, for alle institusjonane. Både av dei som er akkrediterte av oss og av seg sjølv, seier Dørve.

Kort frist

Programansvarleg for GLU ved NLA Høgskolen Bergen, Anne Karin Unneland, reagerer på den korte fristen som blei sett for godkjenninga. 

Det var eit stort arbeid, og eit kostbart arbeid for institusjonen.

– Det var ein usedvanleg krevjande prosess, fordi retningslinjer og rammeplaner som ein skulle utforma utdanningane frå, dei var gjevne så seint. Me fekk rammeplanen like før ferien, retningslinjene 1. september og så skulle me levera søknaden 15. september. Ingen sit arbeidsledige og venter på ei slik oppgåve. Eg synest det var eit dårleg forslag å ha oppstarten i 2017 med dei vilkåra som var, seier Unneland (bildet).

Det vart brukt mykje ressursar for å få det heile i hamn, fortel ho.

– Det var eit stort arbeid, og eit kostbart arbeid for institusjonen. Eg har berre sett på fagpersonar, og det er meir enn eitt årsverk som er brukt for å senda søknadane. Det er ei nøktern utrekning.

Også ved NLA måtte dei henta inn ekstra professorkompetanse.

– Me måtte gjera tilsettingar på kort tid for å få det til, både innan norsk og naturfag. Me hadde nok professorkompetanse innan søknadsfristen, men det var akkurat som det heldt. Me la opp masterfaga etter vår kompetanse. Me kunne ikkje hatt master i til dømes kroppsøving og kunst og handtverk, som er fag kor det finst endå færre professorar. 

– Lærerik prosess

Ved Høgskolen i Østfold hadde dei akkreditering av eit anna masterprogram i fjor, som letta prosessen. 

– Arbeidsmengda har vore enorm. Det er to store søknader, og me har aldri søkt akkreditering på masternivå på 300 studiepoeng hjå oss før. Men me kjørte eit pilotprosjekt i fjor, og søkte akkreditering på masterprogrammet norsk i skulen. Det var ein veldig fin gjennomgang for oss for å sjå kva som krevst innan dei ulike emna på ein master, seier dekan ved avdeling for lærarutdanning Unni Hagen (bildet).

Ho meiner høgskulen fekk mykje ut av arbeidet med akkrediteringa.

– Sjølv om jobbinga har vore veldig intens, og utan klarlagde rammer frå departementet og NOKUT, så har me fått gode faglege diskusjonar og delingskulturen har blomstra. Me har også fått midlar frå høgskulen sentralt, og har frikjøpt folk til å driva med dette.

I Østfold fall også den siste biten i puslespelet på plass berre dagar før fristen gjekk ut.

– Me hadde søkt etter ein professor i matematikkdidaktikk lenge, og fekk dette heldigvis inn tidsnok. Det er mangel på denne type kompetanse, og vanskeleg å få tak i. Det blir forsterka no fordi ein får lærarutdanninga inn på masternivå. Me jobbar med å få opp kompetansen i matematikkdidaktikk. Dette med overgangen til master har sett fingeren på ein akilleshæl i lærarutdanninga, seier Hagen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed