Gjekk du glipp av opningsfesten?

Publisert:10. januar 2017Oppdatert:10. januar 2017, 20:01
Fargespill, statsminister Erna Solberg og Førde-artist Thea Hjelmeland hadde alle ein plass på scena under tysdagens offisielle opning av Høgskulen på Vestlandet. Foto: Tor Farstad, Christian Blom, Jan Kåre Ness

Høgskulen på Vestlandet opna med ein fest i Haugesund, Bergen og Sogndal. Her kan du sjå bilete frå opninga.

Statsmininster Erna Solberg sto i Sogndal og klippa over den usynlege snora til Høgskulen på Vestlandet med ei gyllen saks.

Torbjørn Røe Isaksen heldt sin opningstale i Bergen, ein tale som blei kringkasta til dei andre nærregionane.

Statssekretær Bjørn Haugstad har tidlegare vore hyppig gjest på Vestlandet i arbeidet med å få på plass ein fusjonsavtale. I dag kunne han feire fusjonen med tilsette og studentar i Haugesund.

Det fulle programmet, med fleire kulturelle innslag, blei delt med dei andre nærregionane via ei samsending på storskjerm. 

Her kan du sjå bilete frå opninga av Høgskulen på Vestlandet:

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed