«Forskarar som publiserer hyppig, blir oftare sitert»

Publisert:3. januar 2017Oppdatert:3. januar 2017, 14:01
1,5 millionar forskingsartiklar blei produsert i løpet av 2014, viser tal frå Web of Science. Norske forskarar sto for omlag 12500 av desse, noko som utgjorde 0,62 prosent. Foto: Colourbox.

Ein ny studie sår tvil om påstanden om at ei høg publiseringstakt fører til dårlig forsking.

Publish or perish, tellekantsystem, publiseringspress: Også ukjære barn har mange navn.

Dei viser alle til det same: Kravet om at vitskapleg tilsette skal publisere i velrennomerte tidsskrift, og at dei skal hevde seg på nasjonale og internasjonale indikatorar for publisering. 

Kritikarar har hevda at tellekantsystemet har ført til at forskarar publiserer for mykje, og for dårleg forsking. At dersom ein var meir selektiv med kva som blei publisert, ville kvaliteten vore høgare. Publiseringspresset har også fått eit delansvar for at forskarar fell for freistinga til å fjuske og plagiere. 

Hyppig publisering fører til hyppig sitering
Ein studie som er publisert i Plos One drar slutningar som motstrider dette synet. Her går det fram at forskarar som publiserer mykje, også vert mykje sitert. Forskinga deira vert difor rekna som innflytelsesrik, skriv Times Higher Education, som først omtalte studien som er kalla <<Quantity and/or quality? The importance of publishing many papers>>. 

I denne artikkelen blir ideen om at ei høg publiseringstakt kan hindre at forskarar gjer arbeid som er nyskapande, etterprøvbart og grundig, utfordra.

Medforfattar på artikkelen er den svenske professoren Ulf Sandstrøm ved Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm. Han har sett på publiseringa til 48 000 forskarar som er tilknytta svenske institusjonar. 

– Produktivitet er eit veldig viktig aspekt ved forskinga, seier han til Times Higher Education.

Humaniora skil seg ut
Funna som artikkelen er basert på, viser at forskarar som publiserer mykje, også har den høgste delen av artiklar som er mest sitert innan sitt felt. 

Sandstrøm meiner difor at det ikkje finst grunnlag for å seie at kvantitet fører til lav kvalitet.

Dette ser ifølge Sandstrøm ut til å vere gjennomgåande for dei fleste disiplinar, bortsett frå i humaniora.

– Publiserer du ofte, blir du god
Sandstrøm viser til at produktive forskarar også er meir kjende innanfor sine nettverk, noko som gjorde at dei lettare blei inviterte inn i større samarbeid. Dei får også større tilgang til postdoktorar og PhD-ar, noko som gjer at dei får utført meir arbeid.

Det er ein sjølvforsterkande positiv spiral i det å publisere ofte, meiner Sandstrøm:

– Frå studier av kreativitet og analyse, veit vi at du ikkje kan gjere ein ting riktig den første gongen du prøver. Du treng fleire forsøk på å komme opp med noko som er verkeleg interessant. Jo fleire gonger du prøver, jo meir kan du.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed