Atakan: – Vi får bare håpe at noen stiller

Publisert:16. januar 2017Oppdatert:16. januar 2017, 13:14
Kuvvet Atakan gratulerte Dag Rune Olsen med sigeren i rektorvalet i 2013. Denne gongen stiller han ikkje, men oppmodar andre til å gjere det.

– Jeg har ikke hørt om andre kandidatur, og jeg for min del har ikke tenkt å stille, sier Kuvvet Atakan.

Seismologi-professoren fekk 41 prosent av røystene då han stilte som rektorkandidat mot Dag Rune Olsen i 2013. Då hadde han vært viserektor i rektoratet til Sigmund Grønmo.

Han stiller altså ikkje som motkandidat mot Olsen denne gongen, men håper at nokon andre gjer det.

– Det vil vere fint om der er ein reell valmulegheit. Om vi har gått inn for ei slik demokratisk valmetode, så må vi nesten vise at vi gjer det og. Difor føler eg at det hadde vore fint med ein eller fleire motkandidatar, seier Atakan til På Høyden.

Krevjande men givande

Men det kostar ein del å vere kandidat:

– Det er krevjande å stille opp, og eventuelt ta ansvaret i ettertid. Der er ei vurdering kvar og ein må gjere. Og å vere kandidat er både veldig tidkrevjande og utfordrande, det skal eg ikkje legge skjul på.

Hans rektorlag måtte òg leggje ein plan for kva dei ville gjere i dei åra dei eventuelt ville bli valde for, og prosessen var krevjande. Men han ga òg mykje:

– Sjølvsagt ønskjer ein å vinne, men prosessen er uansett positiv: Ein blir betre kjend med detaljane i universitetets indre, og prøver å finne løysingar på ulike ting.

Tap er òg vinn

– Men å vere kandidat gjer deg rikare, både på det personlege plan, og ved at ein blir betre kjend med universitetet. Og det opnar for mange interessante refleksjonar om framtida til universitetet, seier Atakan.

– Så sjølv om det er utfordrande og krevjande, så er vinsten der uansett om ein vinn eller taper, seier Atakan.

Og han åtvarer mot å tenkje for mykje på at ein kan tape.

– Om ein vel å stille opp, må ein ikkje sjå det som eit vinn-tap-prosjekt, men berre ta resultatet slik det blir.

Fleire har spurd

Før valet i vår har Atakan fått forespørslar om han ikkje vil stille også denne gongen. Men han har altså måtta skuffe dei som vil ha eit anna rektorat enn det noverande.

– For meg var det valet tatt for lenge sia.

Men at det er delte meiningar om eitkvart rektorat, bør ikkje vere noka overrasking, synest han:

– Det skulle berre mangle at det er ulike meiningar på eit universitet. Og det er ei fin personleg tilbakemelding å bli spurt om å stille som rektorkandidat. No håper eg verkeleg at det kjem fleire kandidatar, for det er bra å diskutere ting. Ein rektorvalkamp er eit fint høve til å bringe fram mangfaldet og ulike meiningar i universitetssamfunnet.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed