Sju unge UiB-forskarar får Fripro-støtte

Publisert:8. desember 2016Oppdatert:8. desember 2016, 13:47
Agnete Engelsen er svært fonøgd med å få støtte til å halda fram med kreftforskinga si. Ho vil reisa til Paris for å læra seg nye forskingsmetodar. Foto: Eivind Senneset

Nær ein milliard kroner blir delt ut i Fripromidlar i år, mellom anna til unge forskartalent, og til mobilitetsstipend. Kreftforskar Agnete Engelsen er ei av dei som får støtte. – Dette betyr utruleg mykje for meg, eg blir heilt rørt.

Forskingsrådet gjer i desse dagar ut 943 millionar kroner til prosjekt som skal starta opp i 2017. Fordelinga er slik:

  • 428 millioner kroner til 53 prosjekt innan medisin, helse og biologi
  • 251 millionar kroner til 32 prosjekt innan matematikk, naturvitskap og teknologi
  • 264 millionar vil bli tildelt prosjekt innan humaniora og samfunnsvitskap i uke 50.

Les også: Åtte UiB-søknader gjennom Fripro-nålauget

Innan fagområda Innenfor fagområdene medisin, helse og biologi (FRIMEDBIO) og matematikk, naturvitenskap og teknologi (FRINATEK) er det delt ut 32 stipend til unge forskartalent og 10 mobilitetsstipend. Sju av desse går til UiB-forskarar. I sitt får dei unge forskartalenta 7,5 millionar kroner, medan mobilitetsstipendet er på om lag 3,3 millionar kroner. Desse får støtte ved UiB og Nansensenteret:

Unge forskartalenter 2016:

  • Simon Dankel, klinisk institutt 2
  • Marius Årtun, Geofysisk institutt. 
  • Pierre Rampal, Nansensenteret
  • Sofia Tirabassi, matematisk institutt. 
 
Mobilitetsstipend 2016: 
  • Annick Terpstra, Geofysisk institutt
  • Sylvia Varland, Molekylærbiologisk institutt
  • Ana Cristina da Silva Gomes, institutt for biologi
  • Agnete Engelsen, institutt for biomedisin

Overraskar vinnar

 Då På Høyden ringte for å snakka med Agnete Engelsen var det ei lettare sjokka stemme som svarte i andre enden. 

– Er det sant? Har eg fått stipendet?

Engelsen, som var på kurs i London, sleit med å halda tårene tilbake då det gjekk opp for ho at ho hadde fått stipend.

– Eg hadde ikkje høyrd noko endå, så eg trudde kanskje at eg ikkje kom til å få det.

Det er tydeleg at stipendet betyr mykje for den unge kreftforskaren.

– Eg blir heilt rørt. Eg brenn så sterkt for denne forskinga. Stipendet gjev meg moglegheit til å reisa ut til dei fremste i verda på dette feltet, og læra meg dei metodane som er nødvendige for å gjera framsteg, og eg får ei verdifull erfaring som eg kan ta med heim. I det lange løp kan dette få mykje å bety for kreftpasientane. Når ein har så stor tru på det ein driv med, så betyr det mykje å få dei pengane og kunna halda fram med arbeidet, seier Engelsen. 

Betre verknad av immunterapi

Engelsen jobbar med å forstå korleis epitelial plastisitet - altså at kreftcellene er i stand til å endre både form og eigenskapar som følgje av stress og skiftande miljø rundt kreftcellene - bidrar til å gjera kreftcellene resistente mot behandling. Ho og kollegaane hennar ønsker å kartlegga korleis denne evna til å stadig forandra seg etter behov og stress i kreftcellene sitt nabolag, gjer kreftcellene mindre mottakelege for angrep frå immunceller.

– Me har nettopp fått oppleva ein revolusjon innan kreftbehandling, og nye medikament som kan aktivera immunsystemet til å angripa kreftcelle har nådd ut til pasientane. Dei nye medikamenta verkar likevel berre på ein liten del av pasientane, og det er framleis veldig mykje av kompleksiteten i samspelet mellom kreftceller og immunceller me ikkje forstår. Det er eit stort håp knytt til dette med å aktivera immunsystemet til å angripa kreftcellene, både med nye medikament og også med å betra kombinasjonar med den tradisjonelle kreftbehandlingen. Men me har framleis ein lang veg å gå med å finna ut kvifor dette ikkje verkar på alle pasientar.

Skal forskar i Paris

Med mobilitetsstipendet får forskarane vera to år ved ein forskingsintitusjon i utlandet, og eitt år heime. Engelsen planlegg å reisa til kreftsenteret Gustave Roussy i Paris, for å læra seg nye metodar.  

– Våre samarbeidspartnarar ved Gustave Roussy har svært gode modellar for å studere akkurat dette i detalj. I vår vidare forsking ønsker me å kartlegga desse mekanismane og finna nye angrepspunkt i cellene. Ei grunnleggande forståing av den komplekse biologien er heilt avgjerande for å kunne gjera vidare framsteg i klinikken, og vårt mål er at det me gjer skal komma kreftpasientane til gode.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed