Leiarkabal og fakultetinndeling neste på HVL

Publisert:12. desember 2016Oppdatert:12. desember 2016, 09:54
Interimstyret ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal neste månad vedta den faglege organiseringa ved høgskulen.

Rektoren er på plass. No må styret ved Høgskulen på Vestlandet også legga resten av leiarkabalen. – Det er viktig at det ikkje blir ein sentraliseringsprosess, seier styreleiar for Høgskulen i sørøst-Norge, Rune Nilsen.

– Dette må bli ein reell prosess kor ein tar endå kraftigare og tydelegare grep og ansvar regionalt. Viss dette blir ein sentraliseringsprosess har ein mista fortrinnet som ein har. Ved HVL må dei ta det digitale paradigmet alvorleg, ein treng ikkje lukta på folk for å samarbeida med dei. Eg trur dei tar gode grep der, seier Nilsen. 

Han er professor emeritus ved UiB, og har gjennom vervet som styreleiar, leia Høgskulen i Vestfold og Buskerud og Høgskulen i Telemark i prosessen med å bli Høgskulen i Sørøst-Norge frå 2016 av. Den har totalt åtte campus. 

– Det me la vekt på var at me ikkje skulle ha eit hovudsete. Kjøttvekta gjorde at det blei Kronstad for Høgskulen på Vestlandet. Me la vekt på at i utgangspunktet skal heile regionen vera med. Dei ulike leiarane kan sitta på ulike campusar, seier Nilsen. 

Han meiner HVL har fått eit veldig bra styre, og har moglegheit for å ta grep i fagleg leiing. 

– Dei må støtta vala dei no har gjort, og dei må jobba for å ta regionen i bruk. Dei må bryte ned dei fakultære grensene, slik at det ikkje blir fakultære siloar. Profesjonsutdanningane sine fortinn er at alle er tverrfaglege, seier Nilsen. (bildet)

Mellombels tilsetting av prorektorar

På styremøtet i november vart det klart at UiB-professor Berit Rokne blir rektor for Høgskulen på Vestlandet. Styret har vedteke ei mellombels organisering for høgskulen, som skal vara ut 2017. 

På styremøtet 22. desember skal tre prorektorar for kvar nærregion tilsettast mellombels. Dei skal fungera frå nyttår og fram til 1. august 2017. 

Det blir mest sannsynleg rektorane på dei tre eksisterande høgskulane som blir tilsette, men ingenting er bestemt før styret har gjort vedtaket. 

På styremøtet 19. januar skal dei vedta den faglege organiseringa. Då skal det avgjerast om det blir tre eller fire fakultet, noko som avgjer kor mange dekanar som skal tilsettast. 

– Då har me talet på fakultet og i den saka kan ein behandla utlysingstekstar til dekanstillingar, samt prorektorstillingane i den faste nye organisasjonen. Det blir eit løp der i frå med utlysing. Tilsettinga er førebels satt til møte som skal vera 31. mars, seier styresekretær Tage Båtsvik.

Dei nye fakulteta er ikkje på plass før 1. januar 2018. 

Kvalifikasjonsprinsippet

I fusjonsavtalene er det formulert at tilsetting i hovudsak skal skje internt i første funksjonsperiode. Tilsetting i faglege og administrative leiarstillingar skal skje på bakgrunn av kvalifikasjonsprinsippet. 

På styremøtet i desember skal kompetansekrava til stillingane diskuterast.

Når tilsettinga av leiarar ved Høgskulen sørøst-Norge skulle gjennomførast, var det mange med leiarstillingar som ikkje var kvalifiserte for sine eigne jobbar, grunna høge kompetansekrav. Nilsen meiner dette var naudsynt. 

– Me la vekt på at me ville ha kompetanse på professornivå for rektor, for å skapa autoritet. Ein må ha legitimitet i sektoren. Me må ha eit leiingsnivå kor me ikkje får a- og b –rektorar, og a- og b-professorar. Det som ein del universitet ikkje vil innrømma, er at det ikkje er noko dårlegare intellektuell kapital på høgskular enn på universitet. Det finst ikkje noko som heiter høgskuleforsking og universitetsforsking. For å få dette til treng ein legitimitet og autoritet. Slik at dei som sit på universiteta ikkje kan seia at dei andre er dårlegare enn oss, seier Nilsen. 

Låg kvinnedel

Han meiner det er svært synd at dei økonomiske føresetnadane ikkje er betre. 

– Eg skulle ønska me hadde hatt meir tid, og at fusjonen var gjeldande frå 2018, og ikkje 2016, det har gått over stokk og stein. Det er ein stor jobb å dra dette i hamn så fort, og eg skulle ønska at departementet hadde sett av meir midlar. Det blir krevjande med budsjettet som kjem no. Det er ein lang veg å gå for å få dei tunge forskargruppene og utdanningane opp på same nivå. Eg håpa at departementet hadde gitt ryggdekning til å etablera ei rekke universitet med spesielt ansvar for regional utvikling.

Han er styreleiar ved ein høgskule som har ei mannsdominert toppleiing. Høgskolen i sørøst-Norge enda opp med ei toppleiing som har ni menn og to kvinner. 

Det gjenstår å sjå korleis balansen blir på Høgskulen på Vestlandet når tilsettinga skal skje 31. mars. 

– Me hadde utfordringar med kjønnsbalanse. Det var fordi me ikkje hadde sterke nok søkarar på alle nivå. Me gjorde då grep med tanke på få til ein leiingsutviklingsprosess i organisasjonen som skal bygga opp dette. I neste periode håpar me balansen vil endra seg.

Nettopp det anbefaler han også Høgskulen på Vestlandet å gjera. 

– Viss eg skulle gje eit råd, så er det å ikkje vera opptatt av korleis kjønnsbalansen er i dag, men å vera opptatt av kva dei bruker av ressursar for å løfta dei unge, flinke kvinnene i organisasjonen, gjennom mentorordningar og å kopla dei på dei beste forskingsmiljøa. Det beste ein kan gjera er å ta vare på dei gode leiaremna, og gjødsla dei med gode fagmiljø, mentorar og rollemodellar, så vil neste runde bli betre.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed