Her er prorektorane for den nye høgskulen

Publisert:20. desember 2016Oppdatert:20. desember 2016, 15:38
Rasmus Stokke, Bjørg Kristin Selvik og Liv Reidun Grimstvedt blir den nye prorektor-trioen på Høgskulen på Vestlandet, fram til sommaren.

Desse tre er innstilt som prorektorar for kvar sin nærregion for Høgskulen på Vestlandet.

Saka skal formelt vedtakast på styremøtet i dag eller i morgon, og dei skal berre fungere mellombels, fram til sommaren. Det er difor svært lite sannsynleg at styret ikkje følgjer framlegget til kven som skal ha jobbane mellombels.

Det skal tilsetjast prorektorar for eit åremål på fire år, som gjelder frå august 2017. Desse stillingane vil bli lyst ut.

Søgnen takka nei

Det var knytt spenning til om noverande rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen, ville vere prorektor ved den nye institusjonen etter å ha hamna på andreplass i kampen om rektorstillinga, etter Berit Rokne.

– Eg har blitt spurd om å vere prorektor, men har takka nei, fortel Søgnen til På Høyden.

Han kjem heller ikkje til å vere kandidat når dei endelege prorektorane skal tilsetjast. Den endelege stillingsomtalen skal vedtakast på styremøtet 19. januar.

– Det er to grunnar til at eg ikkje ønskjer å vere prorektor. Den eine er at eg allereie har leia 60 prosent av den nye institusjonen, og har eit sterkt eigarskap til fusjonsplattforma. Då blir det feil av meg å komme inne som leiar på nivå to. Den andre grunnen er at eg ønskjer å byrje på eit nytt kapittel når eg no er 62 år, fortel Søgnen til På Høyden.

Selvik tek utfordringa

Han vil difor konsentrere seg om undervisning og forsking innan byggforvalting, som han har professorkompetanse i. Søgnen utelukkar heller ikkje å ta andre utfordringar, om det skulle komme nokon.

Dermed blir det Bjørg Kristin Selvik som blir prorektor for nærregion Bergen ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er i dag prorektor ved Høgskolen i Bergen.

– Eg har blitt spurt, og eg har takka ja. Så skal styret seie sitt, seier Selvik.

Ho har hatt det travelt lenge med fusjonsprosjektet, og har så langt ikkje tatt stilling til om ho vil søkje åremålet som prorektor.

Stokke blir med ei stund

Frå Stord/Haugesund stiller Liv Reidun Grimstvedt som prorektor frå nyttår.

– Eg trur kontinuitet blir viktig, seier Grimstvedt, som saman med kollegaene hadde gravøl for Høgskulen Stord/Haugesund før helga.

I Sogn og Fjordane har Rasmus Stokke innstilt seg på å bli prorektor på kort sikt.

– Eg har sagt ja til at eg kan bli foreslått som konstituert.

Når det gjeld den varige stillinga er han meir tvilande.

– Eg heldt det delvis oppe, men mest sannsynleg søkjer eg ikkje. Det har med alder å gjere, seier 63-åringen. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed