Gjev meir makt til administrativt tilsette

Publisert:1. desember 2016Oppdatert:5. desember 2016, 12:33
Representant for teknisk/administrativt personale i universitetsstyret, Synnøve Myhre, fekk gjennom sitt forslag om å gje denne gruppa meir betyding i rektorvalet 2017.

Universitetsstyret har vedteke å endra vektinga av stemmene ved rektor- og universitetsstyrevalet i 2017. Styret meiner fordelinga slik den er i dag er udemokratisk.

- Eg er svært fornøgd med endringa. Men dei teknisk/administrativt tilsette sine stemmer burde vektast endå meir enn dette, seier styremedlem og administrasjonssjef for institutt for biologi, Synnøve Myhre.

På universitetstyremøtet torsdag vedtok styret å endra vektinga av stemmer, og aukar vektinga av stemmene til dei teknisk/adminstrativt tilsette frå 16 til 24 prosent. Vekting til dei vitskapelege tilsette sine stemmer går ned frå 59 til 51 prosent. 

Vektinga av ulike grupper skriv seg frå den gamle styreforma ved universiteta, då det øvste organet var eit råd av kun professorar. Den gamle ordninga er delvis vidareført ved at stemmene til dei vitskapleg tilsettte alltid skal telje mellom 51 og 71 prosent ved rektorval. Andre tilsette og studentar får dermed langt mindre å seie i rektorvalet.  

Universitetsadministrasjonen hadde innstilt på same vekting som ved førre val, men Synnøve Myhre, fremma eit nytt forslag på møtet kor vektinga vart endra innanfor dei rammene Universitets- og høgskuleloven tillet. Sjå tabell: 

Gruppe

Uhl § 10-2(4

Vekting ved valet i 2013

Vedteke vekting i 2017

Gruppe A og B: Faste og mellombelse tilsette i undervisnings- og forskingsstillingar

51-71% 59% 51%

Gruppe C: Teknisk/administrativ tilsette

5-25% 16% 24%

Gruppe D: Studentane

15-30% 25% 25%

Bør endra loven
Myhre meiner loven bør endrast, slik at fordelinga kan bli meir rettferdig. 

– Eg håper leiinga tar med seg signala dei har fått frå styret her i dag. Denne ordninga er utgått på dato. UiB har vore dårlegast i klassen i mange år. Eg trur ein lett hadde fått med seg dei andre universiteta på å få ei endring i loven. 

Vektinga må vedtakast i universitetsstyret i forkant av kvart val. Myhre håper også ein kan få den nye vektinga permanent inn i valreglementet ved UiB.

Stort fleirtal
Det var eit overvegande fleirtal som ønska den nye vektinga av stemmene. Berre rektor Dag Rune Olsen  og representanten for stipendiatar og postdoktorar, Line Marie Sørsdal, stemte for ei omarbeidd utgåve av administrasjonen sitt forslag Opprinneleg gjekk forslaget ut på å ha den same vektinga som for fire år sia, men dette blei endra til at vektinga skulle sendast tilbake for ein høyringsrunde. 

– Det var fint at dette blei tatt opp i universitetsstyret i dag, seier Kjersti Fløttum, som representerer dei vitskapleg tilsette i universitetsstyret.

Professorkollega Peter M. Haugan er einig, men er usikker på om universitets- og høgskulelova bør endrast på dette punktet.

– Eg har ikkje registrert nokon stor debatt om dette i fagmiljøa, seier Haugan. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed