Følg styremøtet i HVL direkte

Publisert:20. desember 2016Oppdatert:3. januar 2017, 08:59
Interimstyret er samla i Bergen for å handsama 21 saker onsdag og torsdag.

Torsdag er dag to av styremøte ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Endeleg budsjett for 2017 er mellom sakene som skal behandlast.

Onsdag denne veka starta det fjerde interimstyremøtet for HVL, og det siste før fusjonen trer i kraft frå 01. januar. 

Møtet går over to dagar og finn stad på Campus Møllendalsveien ved Høgskolen i Bergen. Torsdag byrjar møtet klokka 08.15.

Les også: Leiarkabal og fakultetinndeling neste på HVL

Tre eller fire fakultet
Det er fleire høyringssaker som har vore ute, som styret no skal gje innspel på. 

Ei av sakene som skal opp er ei drøftingssak om leiing og fagleg organisering. Talet og namn på fakultet er ein del av dette, og skal endeleg vedtakast på neste styremøte i januar. 

Prosjektgruppa har fire førebelse forslag til fakultetinndeling, basert på kunnskapsområde eller profesjon. På kvart område er det forslag om tre eller fire fakultet. 

Les meir: Her er prorektorane for den nye høgskulen

Profesjonsområdemodellen:

Alt. A:
Fakultet for ingeniør, teknologi- og samfunnsfag                        
Fakultet for helse og velferdsfag
Fakultet for lærarutdanning, idrett og kulturfag

Alt. B:
Fakultet for ingeniør, teknologi- og naturfag
Fakultet for læring og undervisningsfag
Fakultet for samfunnsfag
Fakultet for helse og velferdsfag

Kunnskapsområdemodellen: 

Alt. A:
Fakultet for teknologi, samfunn og bærekraft
Fakultet for helse og velferd
Fakultet for danning og livslang læring

Alt. B:
Fakultet for teknologi og bærekraft
Fakultet for helse og velferd
Fakultet for læring og utdanning
Fakultet for samfunn og mangfald

Her er ei oversikt over alle sakene skal behandlast onsdag og torsdag: 

Sakspapira finn du her.

Godkjenning av innkalling og saksliste
Orienteringssaker
Prosjekt fagleg plattform og profil
Prosjekt leiing og fagleg organisering
Forprosjekt digitalisering
Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet
Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet
Etablering av forskingsetisk utval
Organisering av læringsmiljøutval
Mellombels delegasjonsreglement
Mellombels organisering – prorektorfunksjonar 

Endeleg budsjett 2017
Forskrift for grada philosophiae doctor ved Høgskulen på Vestlandet, mandat og samansetnad av ph.d.-utval
Oppnemning av ph.d.-utval for ph.d.-studium i Computer Science: Software Engineering, Sensor Networks and Engineering Comp. Mellombels krise- og beredskapsplan
Oppnemning av medlemar til klagenemnda
Organisasjonsutviklingsprogrammet 2017
Studieportefølje for ny grunnskulelærarutdanning
Rekruttering av leiarar, nivå 1 og 2
Tilsettingsorgan
Tilsetting av studieprogramleiar GLU og studieleiarar (u. off. jf. offl. §25.1)
Fastsetjing av kopi- og læremiddelavgift
Eventuelt 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed