Får opp til 120 000 i lønnstillegg

Publisert:5. desember 2016Oppdatert:5. desember 2016, 06:35
Halvparten av dei UiB-tilsette har fått lønnstillegg i dei lokale forhandlingane ved UiB.
Lokalt lønnsoppgjer:

Det lokale lønnsoppgjeret er avslutta, og for dei som får tillegg ligg snittet på 18 000 kroner. Ein heldig mat.-nat.-professor får 120 000 kroner ekstra.

Hovudtillitsvald i Parat UiB, Randi Heimvik.
Hovudtillitsvald i NTL UiB, Jørgen Melve.

Nyleg vart lønsoppgjeret lokalt avslutta ved Universitetet i Bergen. I år var det to hovudoppgjer i staten, eit for LO, YS og Unio, og eit for Akademikarane, og det vart to lokale forhandlingar.  

Totalt låg 32 275 186 kroner i potten i dei to oppgjera. Desse vart fordelt på 1776 personar, om lag halvparten av dei tilsette ved institusjonen, noko som ga eit snitt på om lag 18 000 kroner til kvar av dei.

I det lokale oppgjeret ved UiB har 22 personar fått meir enn 80 000 kroner i tillegg, og fire har fått over 100 000. 

Den høgste lønnsauken gjekk til ein professor på Mat.-Nat., som gjekk opp 120 000 kroner i lønn frå trinn 77 til 82, og endar på ei løn på 835 500 kroner. 

– Generelt er det veldig sjeldan at nokon får så svære opprykk. Det kan bety at nokon har gjort seg eksepsjonelt fortent til det, eller at dei har vore dårleg betalt i forhold til den jobben dei har gjort, seier hovudtillitsvald i Forskarforbundet, Steinar Vagstad.

Forsiktige med lønnshopp

Av dei som har fått tillegg ved UiB er 40 prosent administrativt tilsette og 60 prosent vitskapelege tilsette. 

46,39 prosent er kvinner og 53,61 prosent menn. Vagstad seier han føler forhandlingane har gått bra.

– Det er alltid lommer av raritetar, men det lever me godt me, seier Vagstad, som legg til at Forskarforbundet sine medlemmar ligg på lista over dei som har fått mykje i oppgjeret.

– Me har tyngda av medlemmane våre på vitskapeleg side, der lønnstillegga brukar å vera større, men går til færre personar enn det som er vanleg for teknisk/administrative stillingar. Dette speglar i stor grad arbeidsgjevar si prioritering, seier Vagstad.

Han hevdar Forskarforbundet ofte er meir forsiktige med store lønnshopp enn kva arbeidsgjevar er, sidan store tillegg til enkeltpersonar betyr at det blir fleire som ikkje får noko. 

– Vår haldning er at det er betre for motivasjonen å få to lønnstrinn i tre forhandlingar på rad, enn å få seks lønnstrinn ein av dei tre gangane, og sluttlønna er den same. Men det er mange av dei store lønnstillegga som er velfortente. Vår linje er at om folk har gjort seg fortent til det, så er det heilt greitt, seier Vagstad. (bildet)

Ikkje alle kan få tillegg

Norsk Tenestemannslag (NTL) meiner det er for mange som får for store løft i lokale forhandlingar.

– At nokon utmerkar seg, er sant og fint og dei fortener gode tillegg, men når ein sjettedel av potten går til dei 100 som får mest, vert det for lite att til alle dei andre som gjer ein god og viktig innsats. Dermed må for mange klara seg utan lokale tillegg, det syns vi er leit, seier hovudtillitsvald i NTL UiB, Jørgen Melve. 

Sjølv om han er skuffa på vegne av dei av NTL-medlemmane som ikkje har fått del i oppgjeret, kan han ikkje seia seg misfornøgd med årets forhandlingar.

– Det var eitt breitt oppgjer, og eit relativt høgt tal på folk som har fått del i oppgjeret, men det skuldast delvis at Akademikarane har fått alle medlemmane opp på våre lønnstrinn. Det er mange som har fått ein god del, og mange har fått noko. Det er mindre skeivdeling til fordel for såkalla høgare stillingskodar enn tidlegare, så meir går til dei som har mindre frå før. 

Han minner også på at det ikkje er alle som er aktuelle for lønnsauke.

– Viss du har byrja i jobben det siste året, så har arbeidsgjevar plikt til å vurdera lønna di før det har gått 12 månadar, og viss du skal slutta i løpet av få månader kan du heller ikkje få tillegg. Det utelukkar  ganske mange tilsette. Pluss at tilsette som av ulike grunnar har fått lønnstillegg gjennom andre prosessar, er uaktuelle.

Dei tilsette synest det er vanskeleg å søka, dei vil ikkje skryta av seg sjølv

– Rart og unaturleg

For Akademikarane vart det i år ein spesiell situasjon, då dei skulle forhandla aleine. 

– Vanlegvis når me forhandlar, prøver me å få mest mogleg til kvar foreining. No skulle me berre forhandla for Akademikarane. Eg følte det var rart og unaturleg. Men eg trur, slik som eg har sett resultata, at foreiningane har fått si prorata lønnsfordeling. Eg føler at me har landa der me skulle i alle foreiningar, utan at nokon har spist for mykje av andre sine «pottar», seier hovudtillitsvald i Akademikarane UiB, Siv Lise Bedringaas. 

Les også:Departement skulda for ikkje å kunne rekne: Millionar i lønstillegg kan vere feil

Les også: Nekter for overrapportering av medlemmer

For å skapa ein lønnsvekst for alle medlemmane, og for at det ikkje skulle bli urimeleg forskjell mellom dei to tariffavtalane, beslutta Akademikarane ved UiB å gje eit generelt prosenttillegg til alle medlemmane, slik at dette tillegget blei det same som for dei andre foreiningane. Resten av potten gjekk til individuelle forhandlingar til kvar person.

Skulda for <<trynefaktor>>

Ordninga til Akademikarane, med større del av potten  i det lokale oppgjeret, har blitt skulda for å bidra til meir «trynefaktor».

– Trynefaktor er ikkje eit bra ord. Det er vårt ansvar å sjå at alle får lønsutvikling, og me kjem alltid til å gje eit generelt tillegg, og kanskje heva nokon grupper. Det blei ikkje så mykje pengar igjen å fordela i år. Men det er opp til fagforeininga å forhandla det i saman med leiinga. Det er ingen forskjell no i forhold til tidlegare år, seier Bedringaas.

LO, YS og Unio avtalte eit generelt tillegg på 1,15 prosent og ein lokal pott på 1,5 prosent.  Akademikarane avtalte eit generelt tillegg på 0,5 prosent og ein lokal pott på 2,3 prosent i dei sentrale forhandlingane. Fordi det no er to tariffavtaler, er det også to lønnstabeller.

Les også: – Det er rom for et moderat lønnsløft

Nedgang i reallønna

For første gong på 27 år vil dei fleste i Noreg få ein nedgang i reallønna sin. Prisane har stige meir enn lønna, noko som svekkar kjøpekrafta. 

Hovudtillitsvald for Parat UiB, Randi Heimvik, understreker at dei aldri vil vera heilt fornøgde så lenge ikkje alle får auke. 

– Det gjeld særleg no når me ser at den reelle lønsveksten går i negativ retning grunna situasjonen i olja. Me vil helst at dei tilsette skal få lønnsveksten som partane sentralt er einige om. Den var på 2,4 prosent. Dei lokale forhandlingane er del av det sentrale oppgjeret, og når ein opplever at ikkje alle kan få noko, gjer det at ein ikkje kan ropa hurra for oppgjeret. Men me er fornøgde med dei me har fått gjennom, og det har vore gode forhandlingar, seier Heimvik.

Ho ber folk om å hugsa på å søka om å få lønnstillegg i oppgjeret. 

– Parat tok grep og såg på dei som ikkje har hatt endringar på mange år, som ikkje har søkt og heller ikkje har blitt sett av arbeidsgjevar. Me tok kontakt med dei og fekk dei inn i forhandlingane. Dei tilsette synest ofte det er vanskeleg å søka, dei vil ikkje skryta av seg sjølv.

– Men me oppmodar fleire til å søka, fordi viss ein ikkje søker sjølv, og ikkje blir sett av arbeidsgjevar, så er ein utanfor oppgjeret.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed