Vil ha uavhengig journalistikk på Vestlandet

Publisert:18. november 2016Oppdatert:16. desember 2016, 12:50
Ragnar Gjengedal vil ha uavhengig journalistikk inn i den nye Høgskulen på Vestlandet. Det sa HiB-styret seg einige i. Biletet er frå eit felles styreseminar mellom Høgskolen i Bergen (HiB), Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) i februar i år.

Høgskulen på Vestlandet treng uavhengig journalistikk, meiner eit samla styre ved Høgskolen i Bergen.

Etter 21,5 år er Høgskolen i Bergen på veg over inn i sin siste månad, og denne veka vart det nest siste styremøtet halde.

– Godt verktøy
Ein av konklusjonane var at høgskulen i framtida vil trenge uavhengig journalistikk. Ragnar Gjengedal, som representerer dei vitskapleg tilsette i HiB-styret, foreslo å flytte ei eller fleire stillingar til På Høyden, for å drive uavhengig, kritisk journalistikk om verksemda til høgskulen.

– Eit redaktørstyrt medium som er uavhengig av leiinga er eit godt verktøy. Gode høgskular og universitet bør ha noko slikt, sa Gjengedal.

Han viste òg til at det i fusjonsprosessen vil vere mange saker som treng både debatt og eit kritisk blikk. I tråd med god styreskikk for det avtroppande HiB-styret vil dei ikkje binde opp HVL-styret, og forslaget til Gjengedal var i stor grad meint som ei oppmoding til styret til Høgskulen på Vestlandet.

– Men helst ville eg sjølvsagt sett at vi berre sa «Yes, vi treng denne stillinga!» sa Gjengedal

Full støtte til uavhengig journalistikk
Ideen hans fekk brei støtte i styret:

– Eg synest at Khrono og særleg På Høyden har vore veldig greitt å ha, sa studentrepresentant Sondre Riisøen, som stilte seg bak forslaget.

– Eg stør framlegget. Det er naturleg at Høgskulen på Vestlandet bidreg økonomisk, meinte Tom Arne Trippestad, som representerer dei vitskapleg tilsette.

– Eg les På Høyden og Khrono kvar dag med stor interesse. Det er viktige debattar som går, og eg trur dei har ein viktig funksjon, fortalde Svenn-Åge Dahl, som er ekstern representant i styret.

– På vegen mot å bli universitet vil det å ha ei avis vere veldig bra, sa Aina Berg, som òg er ekstern representant.

Spelar ballen til HVL
Men styret ville ikkje vedta ei ordning der Høgskolen i Bergen opprettar journaliststillingar, ettersom HVL-styret tek over om under to månader.

– Vi har snakka om at det er eit nytt format vi går inn i når vi blir Høgskulen på Vestlandet. Vi blir då ein så stor og synleg institusjon at eg trur det vil vere riktig å ha ein slik uavhengig redaksjon, sa HiB-rektor Ole-Gunnar Søgnen.

– Men det blir ikkje ei krone før På Høyden skiftar namn til På Høgda, la rektoren til med glimt i auget.

Rektor klar til jul
Søgnen er ein av søkjarane til rektorstillinga ved den samanslåtte høgskulen. HiB-dekan Geir Anton Johansen har òg søkt. Andre søkarar er rektor ved Høgskolen Stord/Haugesund, Liv Reidun Grimstvedt, og tidligere prorektor ved UiB, Berit Rokne. Tidlegare direktør ved NHH, Ole Hope, har òg søkt. Nyleg blei det gjort kjent at Ole Hope blir ny administrerande direktør ved Bergensklinikkene frå 1. februar 2017.

Etter det På Høyden kjenner til skal andre gongs intervju vere gjennomført, og prosessen blir leia av eit rådgjevande innstillingsutval. Dermed kan det vere at HVL-styret står relativt fritt når dei tek si avgjerd, etter planen på møtet 24. november i år.

Kritikk mot søndagsstengt campus
Noko av bakgrunnen for at HiB-styret no ønskjer seg uavhengig journalistikk om institusjonen kom fram i andre saker på HiB-styremøtet: Uavhengig journalistikk kunne gjort det muleg å ta opp kritikkverdige høve ved institusjonen.

I saka om søndagsopen campus utover berre under eksamenstida var styret sterkt kritisk til HiB-leiinga si sakshandsaming:

– Om vi utset denne saka er det sjette gongen ho blir utsett. Vi diskuterte saka før sommaren. Eg oppfatta at styret var positive, men at ein kanskje ikkje hadde talgrunnlaget for å ta det opp. Eg meiner at de er no vi må ta stilling til dette. Søndagsope campus er eit røvarkjøp til fem millionar kroner, meinte Sondre Riisøen, som likevel trudde at rekninga ville bli mindre.

Han fekk likevel ikkje styret med seg på å vedta søndagsope campus heile året, til ein ukjend prislapp mellom kanskje éin og fem millionar kroner. I staden kjem saka opp på neste møte – nok ein gong. 

Artikkelforfattaren er som På Høyden-redaktør ikkje objektiv i denne saka. På Høyden har i dag eit samarbeid med dei andre uavhengige universitets- og høgskuleavisene i landet. På Høyden sitt styre er opne for samarbeid med andre institusjonar.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed