UiO får mest pengar frå EU - UiB best på gjennomslag

Publisert:9. november 2016Oppdatert:10. november 2016, 08:46
I Brussel blir det bestemt kven som får tildelt pengar frå forskingsprogrammet Horisont2020.

UiO har henta mest midlar frå EU-programmet Horisont2020 så langt. NTNU deltek i flest prosjekt, medan UiB framleis har best gjennomslag i programmet

Administrerande direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén.

Forskingsrådet har lagt fram nye tal for Noregs gjennomslag i EU-programmet Horisont 2020.

NTNU toppar lista med sine 51 deltakingar i ulike prosjekt, medan UiO ligg på ein andreplass med 45 deltakingar. UiB ligg på ein tredjeplass med 38 deltakingar. (Sjå oversikt nedst i saka)

UiO er likevel dei som har mottatt mest pengar frå programmet, med sine 31,4 millionar euro.

Leiar i Forskingsrådet Arvid Hallén seier ein ligg på eit ganske godt nivå.

–Resultata viser at den norske returandelen i dei innstilte prosjekta i H2020 no er på 1,87 prosent, som er så å seia det same som i juni 2016. Regjeringa sitt mål er at me skal opp i ein returandel på to prosent, seier Arvid Hallén, administrerande direktør i Forskingsrådet til På Høyden.

Samla har Noreg fått 349,4 millionar euro ved å delta i EU-programmet så langt.

Universitet- og høgskulesektoren, næringslivet og ulike institutt mottar om lag ein tredjedel kvar av EU-støtta. Dei resterande ti prosentane går til helseføretaka, offentlege selskap, Forskingsrådet og andre.

Særlege utfordringar knytt til ERC
Over halvparten av universiteta sine midlar er henta frå programma for framifrå forsking, som omfattar det europeiske forskingsrådet (ERC), mobilitetsprogram, framtidsteknologiar og infrastruktur.

Deretter er det innanfor programmet for samfunnsutfordringar, som mellom anna omfattar helse, og klimaforsking, dei har mottatt mest.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Bjørn Haugstad meiner det er mykje meir å henta på enkelte av områda.

–Viss eg ska vera mollstemt, så får me bekrefta at me har særlege utfordringar knytt til ERC, Marie Curie-programmet, og helse. Det er tre viktige område kor særleg universiteta og høgskulane burde fått til endå meir, seier Haugstad til På Høyden.

Hallén peiker på at ein bør sjå meir på samarbeidsprosjekta. 

– Mange norske universitet vil nok ha nytte av å søka meir mot den delen av H2020 som har samfunnsutfordringar som tema og der delta i større samarbeidsprosjekt med europeisk forsking og innovasjonsaktørar, industri og offentleg sektor. ERC-søknader er vanskelegare å få, seier Hallén.

UiB har bra gjennomslag
Når det gjeld gjennomslag på søknader er UiB framleis den med høgast suksessrate. Det vil seia at dei får tilslag på flest søknader i forhold til kor mange dei sender inn.

– Det synest me er kjempefint. Me har både høg suksessrate når det gjeld talet på prosjekt og på kor mykje pengar me får inn. Det betyr at dei søknadane me sender held høg kvalitet. Me har høgare suksessrate i EU enn i Forskingsrådet, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen (bildet).

Men rektoren ser at det også kan bety at ein er for lite aktive på søkefronten.

– Når me har høg tilslagsrate kan ein også seia at me er for beskjeden med å senda inn søknader. Me må me diskutera om me skal få fram fleire søknadar. Det er openbert at potensialet vårt er større. Institusjonen har såpass mykje flott forsking som gjer at ein kunne trekt til seg meir finansiering.

Snittet på suksessraten for alle universiteta i landet ligg på 12,7 prosent, medan UiB har ein suksessrate på 19,8.

Talet har auka frå førre oversikt, noko Haugstad er godt fornøgd med.  

– Det er ei gledelig endring at suksessraten aukar. No ligg me forholdsvis høgt, så det betyr at me sender fleire gode søknadar og at dei er så gode at dei når gjennom, seier Haugstad.

Han har tru på at ein klarer å nå to prosent-målet. 

– Eg trur vel at det er realistisk at me ser to prosent-talet, i hvertfall når me går mot slutten av programmet i 2020. Me sat målet fordi det skulle vera ambisiøst, men også realistisk. Tala som me ser no viser at me har truffe godt. Det er framleis noko å strekka seg etter, seier Haugstad.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed