Tør nokon å stille mot UiB-rektoren?

Publisert:11. november 2016Oppdatert:11. november 2016, 09:27
Dag Rune Olsen blei i 2013 vald til ny rektor ved UiB, etter ein jamn og grundig valkamp. Men denne gongen er det ikkje sikkert at han får nokon motkandidat.

Ingen motkandidatar har meldt seg, og Dag Rune Olsen kan bli einaste kandidat i rektorvalet.

Dag Rune Olsen kan bli einaste kandidat til rektorvervet ved Universitetet i Bergen frå 2017 til 2021. Allereie i juni 2016, då det med knappast muleg margin blei avgjort at det framleis skal vere vald rektor ved UiB, gjekk Dag Rune Olsen ut og kunngjorde sitt kandidatur for neste rektorperiode.

Valet blir truleg frå 30. mars til 5. april, og hittil har ingen andre kandidatar meldt seg.

– Eg er ikkje kjend med at det finst nokon utfordrar til Dag Rune Olsen, seier leiar av det sentrale valstyret ved UiB, Kristin Bakken.

Stå fram, kandidat!
Fristen for å komme med forslag til kandidatar går først ut fire veker før valet, følgjer det av valreglementet for UiB. Men Bakken oppmodar likevel kandidatar til å stå fram.

– For å få ein brei debatt og for at folk skal kunne gjere seg opp ein oppfatning et det fint om kandidatar melder seg så tidleg som muleg. Då får ein og lengre tid til å skape engasjement på.

Studentane ønskjer å ha valet litt tidlegare, frå 13. til 22. mars, for å køyre det samtidig som studentvala, men ifølgje valreglementet må rektorvalet skje i april, om ikkje universitetsstyret endrar det. Saka skal opp i universitetsstyret 1. desember.

Valkamp uansett
– Vi har byrja å snakke litt om kva saker vi synest er viktige, og som vi kan tenke oss å ta opp med rektorkandidatar. Og vi er spente på om det blir fleire kandidatar, seier Håkon Randgaard Mikalsen, som leiar arbeidsutvalet ved studentparlamentet ved Universitetet i Bergen.

– Vi håper at det blir eit val. Det er alltid bra, utan at vi er misnøgde med dagens rektorat, seier Mikalsen.

Og sjølv om det berre skulle bli ein kandidat vil studentane likevel vere involvert i valkampen:

– Vi håper å få tatt opp ein del saker med alle rektorkandidatar, seier han.

Oslo vedtok student-forbod
Då rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen, stilte til attval i 2013, var studenten Torkil Vederhus motkandidat til Ottersen. Trass i at han blei sett på som ein protestkandidat fekk han 29 prosent av røystene. Før valet neste år har universitetsstyret ved UiO gjort det umuleg for studentar å stille til val, ved å innføre krav om professorkompetanse for rektorkandidatar.

Men ved UiB er det framleis fritt fram for alle som vil stille som rektorkandidat. Dei treng ikkje vere tilsett eller studere ved UiB, men dei må ha minst fem underskrifter frå tilsette eller studentar som har røysterett ved UiB.

Tillitsvalde for alternativ
Johanne Vaagland har som studentpolitikar mellom anna sete i universitetsstyret ved UiB. Ho håpar at andre kandidatar enn Dag Rune Olsen og stiller.

– Eg tenkjer at eit reelt val er bra. Det får fram skilnader ved kandidatane, og det blir gjerne ikkje nokon særleg valoppslutning om det berre er ein kandidat, seier Vaagland til På Høyden.

Ho får støtte frå Steinar Vagstad, som er hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved UiB:

– Prinsipielt virkar demokratiet best om ein har noko å velje i.

Diskusjonsklynge
Førsteamanuensis Tor Halvorsen ved Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitenskap, som òg er leiar for Forum for vitskap og demokrati ved UiB, ønskjer òg motkandidatar.

– Vi har diskutert at nokon bør stille. Men det har ikkje kome fram klare motkandidatar, konstaterer Halvorsen, som òg har merka seg at det ikkje er nokon klar opposisjon til Dag Rune Olsen i universitetsstyret.

Dei strategiske satsingane ved UiB, som overfører fleire titals millionar kroner frå fakulteta til ulike klynger, kan det bli meir diskusjon om, trur Halvorsen.

– Det at mykje pengar blir knytte til slike senter hadde vi forventa mykje meir diskusjon om, men den har ikkje kome. Universitetet blir meir prisgitt brukarane av kunnskapen gjennom slike klynger. At institutta blir forskingseiningar som blir styrt mot klyngene skaper eit heilt anna universitet. Det trur eg ikkje er godt nok diskutert enno. Og det kan faktisk bli for mykje forsking og oppdragsforsking på eit universitet, seier Halvorsen, som peiker på andre delar av samfunnsoppdraget til universiteta.

– Men det blir i alle fall rektorval, og det var kanskje det viktigaste for mange.

Kan komme motreaksjon
Halvorsen fryktar at forskinga kan bli meiningslaus for den faglege utviklinga dersom ho blir for oppdragsstyrt.

Om det ikkje blir nokon motkandidat til Olsen, trur Halvorsen det seier noko om både politikken til det sitjande rektoratet, og korleis han har blitt utført.

– Det viser at Olsen har gjort ein jobb som ikkje har provosert, og som har klart å ta omsyn til breidda. Men på sikt vil det truleg komme ein motreaksjon, og då er det viktig å ha eit demokrati som fangar det opp.

Bra med fleire
Også universitetsstyremedlem og fransk-professor Kjersti Fløttum støttar prinsippet om val mellom ulike kandidatar.

– Ein tenkjer at i eit demokratisk system, så er det bra med fleire kandidatar. Vi veit at sitjande rektor stiller, så spørs det om det blir andre. Om folk er nøgde er det vel ikkje like aktuelt å sjå etter ein annan kandidat, men i prinsippet er det bra at ein har fleire, seier Fløttum.

Men ho ventar seg uansett skikkelege diskusjonar, sjølv om det berre skulle bli ein kandidat.

– Når sitjande rektor stiller til val, reknar eg med at han har eit program, og at det må bli høve til å diskutere det ope. Og det blir spennande.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed