Svein Stølen blir rektorkandidat ved UiO

Publisert:17. november 2016Oppdatert:17. november 2016, 09:16
Kjemiprofessor og prodekan Svein Stølen (øvst) ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet lanserer seg som rektorkandidat ved Universitetet i Oslo. Han får med seg Gro Bjørnerud Mo (framme i midten) som prorektorkandidat medan Åse Gornitzka og Per Morten Sandset blir viserektorkandidatar. Foto: Ola Sæther

Kjemiprofessor og prodekan Svein Stølen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet stiller opp som rektorkandidat under rektorvalet ved UiO i 2017.

Han får med seg franskprofessor Gro Bjørnerud Mo som prorektorkandidat. Professor i statsvitskap Åse Gornitzka og medisinprofessor II, Per Morten Sandset blir viserektorkandidatar, skriver Uniforum

– Hovudgrunnen til at eg stiller som rektorkandidat er den store kjærleiken og det store engasjementet eg har for Universitetet i Oslo. Det er eit internasjonalt sterkt forskingsuniversitet og ein svært viktig utdanningsinstitusjon, seier Svein Stølen til Uniforum. 

Så tar ein glad og nøgd Svein Stølen oss med inn på kontoret sitt i Fysikkbygningen og viser fram resten av rektorteamet. Der sit franskprofessor Gro Bjørnerud Mo, professor i statsvitskap, Åse Gornitzka og Per Morten Sandset, som er direktør for forsking, innovasjon og utdanning ved Helse Sørøst og professor II ved Det medisinske fakultetet. Bjørnerud Mo blir prorektorkandidat for utdanning og læringsmiljø medan Gornitzka blir viserektor for forsking og internasjonalisering. Sandset skal bli viserektor for forsking og innovasjon.

– Må bli endå betre
Og rektorkandidat Svein Stølen rosar gjerne Universitetet i Oslo. 

– Det er Noregs viktigaste kunnskapsleverandør. No er me inne i ein hard internasjonal konkurranse og UiO vil gjerne hevda seg endå betre.  Andre universitet i Noreg og globalt har dei same ambisjonane. Difor kan me ikkje stansa arbeidet med å bli endå betre. For å bli det, må lena oss framover og utnytta dei ressursane me har til rådvelde, godt, slår han fast.  Dette er viktig også nasjonalt. For kampen hardnar også til her. Me har ein heterogen universitetssektor der ulike institusjonar har og bør ha ulike profilar, seier Svein Stølen.

– Skal satsa på heile UiO
Difor har han og rektorlaget hans også bestemte meiningar om kva som skal vera profilen til Universitetet i Oslo.

–Me må utnytta breidda til UiO ved å dyrka rolla vår som sterkt forskingsintensivt breiddeuniversitet. Det som blir viktig for oss er å samarbeida både med forsking og utdanning på tvers av fakultet, senter og museum.  Me skal kjempa for å halda fram med eit mangearta universitet, men samtidig skal me også dyrka spissmiljøa. I dag veit me ikkje kva som vil liggja i forskingsfronten om ti år. Difor blir det feil berre å satsa på dei fagmiljøa som er dei beste akkurat no, men me må satsa på mange ulike fagmiljø,  og samtidig få fram nye spissmiljø,understrekar han.  

Svein Stølen peikar dessutan på eksterne utfordringar. 

– Når det gjeld utfordringane me har med store samfunnsspørsmål, må me bruka fleire fagdisiplinar for å få løysa dei, konstaterer han.   

– Har lang forskar- og leiarerfaring
Svein Stølen har tenkt lenge på å melda seg som rektorkandidat.

– Ein viktig del av motivasjonen er alle menneska som eg møter kvar dag som har så mykje å gi både av kunnskap og andre ressursar. Det ville vera fint å få ei større kollektiv kraft ut av alle desse menneska, seier han.  Når det gjeld han sjølv, så viser han til at han har lang fartstid både som forskar og forskingsleiar på Universitetet i Oslo.

– Eg har stor og brei erfaring med både forsking, undervisning, formidling og leiing. I dei stillingane og verva eg har hatt både internt og eksternt, har eg alltid forsøkt å skapa eit godt arbeidsmiljø rundt meg. Desse røynslene vil eg bruka til å gjera UiO til ein endå betre og ein meir attraktiv stad å arbeida og studera. Eg er overtydd om at eit godt arbeids- og læringsmiljø er ein nøkkel til å lykkast med dei mange viktige arbeidsoppgåvene som ligg framfor oss,  seier han.

 MN-dekanen er informert
–Mange trudde at sjefen din, MN-dekan Morten Dæhlen ville stilla opp. Er dette eit avtalt spel mellom dykk?

– Nei, rektorkandidaturet mitt har eg gått og tenkt på over lang tid heilt uavhengig av kva planar han har. Men Morten Dæhlen er sjølvsagt informert om at eg no har meldt meg som rektorkandidat, fortel han.

Fann først prorektorkandidaten
Det var først i slutten av førre veke at han hadde heile rektorlaget sitt klart. 

– Den første biten som kom på plass, var Gro Bjørnerud Mo som tidlegare var prodekan for undervisning på Det humanistiske fakultetet.  Saman fann me fram til Åse Gornitzka, som er ekspert på kunnskapspolitikk, internasjonalisering og EU og Per Morten Sandset frå medisin, som gjer at rektorlaget vårt dekkjer storparten av Universitetet i Oslo, fortel Svein Stølen. 

– Målet mitt med rektorteamet er å ha folk som speglar den faglege breidda som UiO representerer, som arbeider godt saman, som kjenner universitetet frå innsida og som veit korleis me som universitet fungerer best, både eksternt og internt.  Difor er eg strålande nøgd med teamet, utbryt han.

Ynskjer endå meir nøgde studentar
Rektorteamet legg vekt på at Universitetet i Oslo skal bli ein god plass å vera for studentane.

– Me vil at studentane skal bli endå meir nøgde med studiemiljøet og læringsmiljøet enn dei er i dag, seier Gro Bjørnerud Mo. 

Åse Gornitzka viser til at for samfunnet er UiO ein viktig institusjon også av andre grunnar.

– Hit kjem studentane og det er her det skjer store endringar med dei både fagleg og personleg. Kvar morgon ser eg frå kontorvindauget mitt studentane strøyma inn i SV-bygningen. Kor fantastisk og kor stort eit ansvar å ha, tenkjer eg då.  Det minner om skiltet utanfor eit Gudshus i Brooklyn «Come as you are and leave transformed». 

Rektorteamet til Svein Stølen kan ikkje lova store, revolusjonerande endringar om dei får overta rektoratet etter Ole Petter Ottersen neste sommar.  

– Det blir ingen endringar i fakultetsstrukturen eller andre radikale avgjerder. Alle me fire  er einige om at me skal halda fram med å styra etter Strategi 2020. Samtidig har SAB-rapporten vist at det er ein del ting som kan gjerast for at Universitetet i Oslo kan bli endå betre på forsking, utdanning, læringsmiljø og innovasjon.  Desse tinga vil me prøva å gjera noko med om me vinn rektorvalet og får jobben med å styra Universitetet i Oslo, seier Stølen.

– Håpar de på mange motkandidatar?

– Ja, det gjer me sjølvsagt. Det er nettopp gjennom eit rektorval me får sett spørsmål som forsking, undervisning og utdanning under debatt.  Difor håpar me at både søkekomiteen, fagforeiningar og studentorganisasjonar arrangerer valdebattar på heile universitetet.  Og dei må utformast på god, akademisk grunn, meiner Stølen.

– Og de har meldt i frå til søkekomiteen om kandidaturet dykkar?

 – Ja, dei har me vore i kontakt med. Og det er dei som offisielt skal presentera oss, seier Svein Stølen. 

– Men den offisielle valplattforma er enno ikkje klar?

– Me har eit godt utkast. Men utover det er me opptatt av å bruka tid på å snakka med folk i heile organisasjonen for å sjå på ulike perspektiv på dei utfordringane me står overfor. Desse samtalane vil påverka den endelege plattforma, seier Svein Stølen. 

– Vil få heile UiO til å jobba saman
– For oss blir det viktig å få heile UiO, til å jobba saman, slik at me får utnytta dei menneskelege ressursane best mogleg,  seier Per Morten Sandset. Dei vil også sjå utanfor universitetet.

– Me vil gjerna trekkja fram at me vil vidareutvikla samarbeidet med andre store aktørar innanfor kunnskapssektoren i Oslo-området. Det gjeld både Oslo universitetssykehus, HiOA og NMBU på Ås. Men også samarbeidet med kommunal og offentleg sektor og med næringslivet,regionalt, nasjonalt og internasjonalt satsar me på å vidareutvikla, seier dei fire som saman utgjer rektorteamet til Svein Stølen. 

Dermed er Svein Stølen den første offisielle rektorkandidaten ved UiO. Tidlegare har biologiprofessor Nils Chr. Stenseth uttrykt eit klart ynske i Uniforum om å bli rektor ved UiO. Men han tvilar sjølv på at han blir vald.

De kan lesa meir om rektorteamet og tankane deira på Svein Stølens blogg.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed

På Høyden

På Høyden er Universitetet i Bergen si uavhengige avis, som sidan januar 2001 blir publisert på internett. På Høyden blir redigert etter Redaktørplakaten, Tekstreklameplakaten og Ver varsamplakaten.

 

Design: Tank | Nettløsning: Ramsalt 

Kontoradresse

Christiesgate 13 
5007 Bergen

Postadresse

På Høyden
Pb 7800
5020 Bergen